Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Held suppleringsval til universitetsstyret

Valstyret ved UiA har lyst ut suppleringsval til universitetsstyret frå fast tilsette i undervisnings- og forskarstillingar. Stemmeperioden er 18. – 22. oktober.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Campus, foto
SUPPLERINGSVAL: Suppleringsvalet til universitetsstyret haldast i perioden 18. – 22. oktober.
Veslemøy Rabe, foto

Veslemøy Rabe

– Suppleringsvalet haldast fordi ein av dei to representantane til valkrinsen, universitetslektor Paul Ragnar Svennevig, har blitt instituttleiar ved Institutt for ingeniørvitskap, og kan då ikkje lenger representere dei fast tilsette i undervisnings- og forskarstillingar i universitetsstyret, seier leiar Veslemøy Rabe i valstyret.

Sjå heile valutlysinga her

Kandidatfrist 4. oktober

Fristen for å fremme kandidatar er 4. oktober kl. 14.00.

– Kandidatar må foreslåast av minst fem stemmeføre medlemmer i valkretsen, på eit eige skjema som blir lasta ned frå universitetets valsider. Det er òg viktig at kandidatar som blir fremma, er spurde og også skriv under på skjemaet, seier Veslemøy Rabe.

Må vere mann

Valkrinsens andre representant i universitetsstyret er professor Gro Renée Rambø. For at kravet i lova om kjønnsbalanse innan den enkelte valkretsen skal varetakast, gjeld valet derfor berre ein mannleg representant. Alle stemmeføre medlemmer i valkretsen, uavhengig av kjønn, kan likevel foreslå kandidatar og stemme i valet.

Det er og slik at dersom ein av dagens mannlege varamedlemmer for valkretsen stiller til val og blir vald, gjeld suppleringsvalet for vervet som mannleg varamedlem til universitetsstyret.

Viktige datoar

  • 6. september kl. 10.00: Manntalet blir lagt ut, og den einskilde sjekkar seg sjølv på stemmesida.
  • 6. september kl. 10.00 – 4. oktober kl.  kl. 14.00: Periode for å fremme kandidatar.
  • 4. oktober kl.14.00: Klagefristen på manntalet går ut.
  • 18. oktober kl. 10.00 – 22. oktober kl. 14.00: Stemmeperiode. Du stemmer elektronisk via valsia.

Klagefrist på valet er ei veke etter kunngjort resultat.