0
Hopp til hovedinnhold

Headhunta for å skrive pensumbok

Demokrati og medborgarskap vert eit nøkkelemne i alle fag i den nye læreplanen til neste år. UiA-professor Knut Dørum er no i gang med å skrive bok om emnet.  

Knut Dørum, foto
Professor Knut Dørum ved Universitetet i Agder skal skrive pensumbok om demokrati og medborgarskap. Han vil at elevar ved vidaregåande skular, så vel som studentar ved universiteta og vanleg interesserte lesarar skal ha utbytte av boka.

– USA og Storbritannia var truleg meir demokratiske i 1930-åra enn dei er i dag. Demokratiet er under press fleire stader i verda, og det trengst kunnskap om demokratiutvikling, seier Knut Dørum, historieprofessor ved Universitetet i Agder (UiA).

Tre fagområde vert såkalla kjerneelement i den nye læreplanen, Fagfornyinga 2020. Det gjeld 1) folkehelse og livsmestering, 2) berekraftig utvikling og 3) demokrati og medborgarskap.

Kjerneelementa skal inngå i undervisning og læringsmål i alle faga på grunnskule, ungdomskule og vidaregåande skule.

– Demokrati og medborgarskap skal gjennomsyre skulen i alle fag, og kjem nok etter kvart inn som pensum på universitet og høgskular også, seier Dørum.

Bompengeparti og brexit

Boka kjem til å følgje demokratiutviklinga her i landet og internasjonalt heilt fram til 2019, eller 2020, avhengig av når boka vert prenta.

Dei tre-fire siste kapitla er sett av til å diskutere fleire av dei demokratiske utfordringane som no om dagen vert drøfta i Noreg og andre land.

Det gjeld utfordringar som populisme, ytringsfridom, aktivistgrupper og protestgrupper og spørsmål om kvar grensene går mellom lovlege og ulovlege aksjonar, og mellom demokratisk og udemokratiske handlingar.

– Eg kjem til å drøfte korleis vi skal tolke aksjonar mot bompengar her i landet og diskutere korleis vi skal forstå brexit i Storbritannia. Eg spør om desse opprøra er uttrykk for sunne folkelege verdiar, eller reflekterer eit egoistisk og nærsynt folkedjup, seier Dørum.

Truslar mot demokratiet

Dørum ser fleire utviklingstrekk i dagens samfunn som utfordrar demokratiet. Blant dei er grenselaus ytringsfridom, nasjonalkonservatisme og veksande skepsis til demokratiet.

– Ytringsfridom er eit av dei viktige premissa for demokratiet, men samfunnet har mista kontrollen med ei grenselaus trolling på ulike nettkanalar. Den typen ytringar må vi stanse. Her gjeld det å utvikle løysingar for medborgarskap som verken undergrev ytringsfridom eller tillet hatprat, trakassering og grove overgrep som såkalla hemnporno. Det vil ofte seie at vraka kjærastar spreier intimbilde av eks-kjærastar på nettet, seier Dørum.

Nasjonalkonservatismen

Nasjonalkonservatismen er ein internasjonal trend, ofte følgd av karismatiske leiarar. Dei kallar ein spade for ein spade, forenklar komplekse saker og tilbyr enkle løysingar som først og fremst gjeld for nasjonen.

– Her går det i slagord om å setje nasjonen først og at folket bestemmer. Dei nasjonalkonservative skyv ut grupper dei meiner ikkje høyrer til i nasjonen, og dei er opptekne av å byggje ned institusjonar og gjere det som er best for nasjonen, ikkje verdssamfunnet. Ein konsekvens av dette er hets og trakassering av grupper som muslimar, jødar, meksikanarar, afrikanarar, homofile og politiske motstandarar, seier Dørum.

USA og Storbritannia undergrev demokratiet

Han kunne peikt på døme i Aust-Europa, men peiker heller på USA og Storbritannia.

 – Ikkje sidan 1930-åra har verdssituasjonen vore så usikker som han er no. USA og Storbritannia i 1930-åra er å føretrekkje framfor dagens USA og Storbritannia, seier Dørum.

Han meiner brexit er eit uttrykk for ein nasjon som ikkje trur på demokratiet og ikkje vil vere ein del av verdssamfunnet.

– Trump trakasserer motstandarane sine, og det er ei undergraving av meiningsmotstandarar som er heilt på linje med det vi finn i totalitære statar. Statsminister Boris Johnson i Storbritannia set seg ut over spelereglane fastsett av demokratiet. Han oppløyser parlamentet for å drive politikk utan at demokratisk valde politikarar verken har innsyn eller innspel til utforminga av politikken, seier Dørum.

Disposisjonen er klar

UiA-professoren er godt i gang med boka. Han har ein disposisjon på ti kapittel klar og har hatt fleire møte med forlaget Cappelen Damm, som for godt og vel eitt år sidan spurde Dørum om han kunne skrive bok om emnet.

– Eg kjem til å presentere demokrati som styreform og system både i internasjonal og norsk samanheng, med særleg vekt på norsk historie frå 1814, seier Dørum.

Han understrekar elles at boka skal leggje vekt på å gå gjennom teori og tenking om demokrati innanfor fleire ulike fagområde.

– Boka skal drøfte statsvitskapleg, filosofisk, historisk og juridisk tenking om demokrati, seier Dørum.

Kunnskap styrkjer demokratiet

Ifølgje Dørum er stadig mindre kunnskap om demokratiet som system og styreform i seg sjølv ein trussel mot demokratiet. Derfor håper professoren at demokrati og medborgarskap får meir plass i skulen i fleire land. No gjer han i alle fall sitt til å bidra med kunnskap her i landet.  

– No vert det eit kappløp med tida og eventuelle andre forlag og forfattarar om å skrive den beste boka om demokrati og medborgarskap. Mitt mål er at mi lærebok skal vere klar i god tid før hausten 2020, seier Dørum.