0
Hopp til hovedinnhold

Gründerspirar fekk nye idear på kurs

50 studentar og andre deltakarar var nyleg på 3 Day Startup Agder der dei lærte korleis utvikle forretningsidear og selja ideen til potensielle kundar. Målet er å gi studentane ferdigheitar til å starte eiga bedrift.  

Bilde av Tone Karoline Solberg er masterstudent i Statsvitskap og leiing på UiA. Ho og 50 andre deltok på gründerkurs i regi av UiA Nyskaping og 3 Day Startup nyleg.
Tone Karoline Solberg er masterstudent i Statsvitskap og leiing på UiA. Ho og 50 andre deltok på gründerkurs i regi av UiA Nyskaping og 3 Day Startup nyleg.

– Kurset har gitt meg ein god innføring i entreprenørskap. No har eg fått ei betre innsikt i heilskapa, og lært korleis eg kan presentere ein idé på ein enkel og kortfatta måte, seier Tone Karoline Solberg. 

Kurset gikk over tre dagar der deltakarane skulle skape og utvikle ein forretningside og forretningsmodell. 

Solberg er masterstudent i statsvitskap og leiing ved UiA. I tillegg til å studere er Solberg også arvtakar til ein gard på Iveland. Når ho skal ta over garden ønsker ho å gjere noko innovativt med garden. 

– Eg ønsker å bruke garden til noko innan sosialt arbeid. Kurset har gitt meg betre innsikt i sosialt entreprenørskap og arbeidsmetodar for å komme vidare i utviklinga av ein idé, seier Solberg. 

Amerikansk gründerkonsept

Kursnamnet 3 Day Startup kjem frå organisasjonen med same namn som er leigd inn av UiA Nyskaping for å halde kurset. Organisasjonen er amerikansk og tilbyr ei praktisk utdanning innan entreprenørskap for studentar kring i verda.

Stian Westbye og UiA Nyskaping inviterte til kurs for gründerspirar i Agder.

Stian Westbye og UiA Nyskaping inviterte til kurs for gründerspirar i Agder.

– Ein revolusjonerande idé er ikkje poenget med kurset. Det er meir prosessen med å arbeide med ein ide i praksis. Det handlar om å planlegge ein idé, sjå på målgrupper, utvikle salsargumenta og heile forretningsmodellen, seier Stian Westbye, initiativtakar frå UiA Nyskaping.

Ifølgje Westbye er det viktig at studentane lærer om verdiskaping i næringslivet. 

– Kurset skal lære studentane at dei har fleire karrierevegar. Etter at studia er avslutta, går dei fleste studentane ut i arbeid hos små og mellomstore bedrifter. Med kurset ønsker vi å vise at ein også kan starte for seg sjølv eller saman med andre, seier Westbye. 

Mentorar frå næringslivet

Under kurset deltok mentorar frå næringslivet med rettleiinga av dei ulike gruppene. Her bidro Terje Klungland (daglig leder CoWorx), Javier Zahn (daglig leder Offshorecrew), Andreas Eskeland (Skagerak Maturo), Dagfinn Andersen, Otto Isaksen (daglig leder Digin), Stine Øyna (Universitetslektor UiA) og Muris Letic (Rådgjevar UiA Nyskaping). 

Kurset blei avslutta med eit siste innsal som blei presentert for eit dommarpanel av mentorar og investorar frå næringslivet i Agder. I panelet sat Trine Omholt (Morgenfugl), Atle Tjelflaat (EVA-senteret), Trond Erik Bogne (NextGenTel) og Leif Arne Dalane (Sharebox). Dei har alle erfaring med å skape sin eigen arbeidsplass. 

Mentorane deltok også store delar av kursdagane som sparringspartnarar for deltakarane.  

Første gong i Skandinavia

For organisasjonen 3 Day Startup er det første gong dei har eit arrangement i Skandinavia. 

– Målet med desse arrangementa er å engasjere studentar til å sjå fleire retningar med karrieren sin. Vi ønsker å gi dei tankesett og arbeidsmetodar som ein entreprenør, seier Dr. Christina White, rettleiar frå 3 Day Startup.

Christina White og Nick Chagin er rettleiarar frå den amerikanske organisasjonen 3 Day Startup.

Christina White og Nick Chagin er rettleiarar frå den amerikanske organisasjonen 3 Day Startup.

White er imponert over deltakrane ho har møtt. Ho fortel at det er gode band til næringslivet i regionen, og at dei bryr seg om entreprenørskap. 

– Mange gode mentorar stiller opp for deltakarane. Mentorane har eigne erfaringar med å starte opp eigne verksemda. Det viser at det er eit godt samarbeid mellom bedrifter og gründerar her i Agder, seier White. 

 UiA Nyskaping er taksamme for at rettleiarane frå 3 Day Start up og deltakarane har hatt nokre lærerike dagar. 

– Det er i tillegg spesielt gøy å få halde kurset i Gridd.ai sine lokalar på Kjøita. Dei er eit studentprosjekt ved UiA Nyskaping som gjør det veldig bra, seier Westbye.