0
Hopp til hovedinnhold

God praksis rekrutterer sjukepleiarar til Agder-kommunane

Agder treng 1 700 nye sjukepleiarar i året fram mot 2024. Universitetet i Agder utviklar ei praksiserfaring som skal bidra til at studentane vil arbeide i den kommunale omsorgssektoren.

Vanlegvis er Ellen Dahl Gundersen fulltidsoppteken med å utdanne sjukepleiarar på Universitet i Agder, men dei siste to åra har ho òg styrt Jobbvinnar Agder. Der arbeider ho med eit forskings- og utviklingprosjekt for å styrkje erfaringa under praksis og rekruttere fleire sjukepleiarar til kommunale omsorgsheimar i Agder-kommunane.

– Erfaringane frå prosjektet så langt er positive, seier Ellen Dahl Gundersen.

Ho deler arbeidsdagen mellom ei 50 prosents stilling som førstelektor ved sjukepleieutdanninga ved Universitetet i Agder og ei 50 prosents stilling som prosjektleiar for Jobbvinnar Agder.

– Målet med Jobbvinnar Agder er å leggje til rette for betre praksiserfaringar for studentane slik at fleire av dei ønskjer å arbeide i sjukeheimar og institusjonar i kommunane, seier Dahl Gundersen.

Samtidig med at Dahl Gundersen utviklar prosjektet, forskar ho på gjennomføringa og effekten av det.

Treng fleire i kommunal helseteneste

Tal frå Norsk Sykepleiarforbunds studentorganisasjon (NSF Student) viser at 80 prosent av dei nyutdanna sjukepleiarane ønskjer å jobbe på sjukehus, mens berre 20 prosent vil til institusjonar og sjukeheimar i kommunane. Det kan ikkje kommunane leve med.

– Vi må få fleire sjukepleiarar til å velje kommunehelsesektoren i tida framover, seier Ellen Dahl Gundersen.

Tal frå Norsk sykepleieforbund viser at kommunane i Noreg treng rundt 30 000 nye sjukepleiarar i kommunal sektor fram mot 2024. I Agder må kommunane tilsetje rundt 1 700 sjukepleiarar i året fram mot 2024.

Jobbvinnar-prosjektet

Hos Jobbvinnar Agder arbeider ho med eit forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å finne nye måtar å gjennomføre den første praksisperioden for sjukepleiarstudentar, og hos UiA forskar ho på praksisprosjektet.

Jobbvinnar Agder er ein del av ei satsing som KS styrer med middel frå Helsedirektoratet. Eitt av måla er å finne tiltak for å rekruttere sjukepleiarar til kommunane. Prosjektet i Agder starta i 2017, og Dahl Gundersen styrer prosjektet fram til vert avslutta sommaren 2020.

Samarbeidspartnarane for Helsedirektoratet og Jobbvinnar Agder i Agder-regionen er KS (tidlegare Kommunenes sentralforbund), Norsk sjukepleiarforbund, Arendal kommune med Plankemyra bo- og omsorgssenter og Kristiansand kommune med Straitunet omsorgssenter.

Kommunane treng fleire sjukepleiarar

Helsedirektoratet håper at satsinga på Jobbvinnar-prosjekt rundt om i landet skal gjere at fleire vel å arbeide i den kommunale helse- og omsorgssektoren.

Bachelorutdanninga i sjukepleie inneheld 50 prosent praksisrelaterte studiar. Praksiserfaringar bidreg til læringsutbytte for studenten, men det kan også påverke deira motivasjon for å fullføre studiet og kor dei vil søkje jobb som ferdig utdanna.

– Skal sjukepleiarstudentar ønskje å jobbe i kommunehelsetenesta etter ferdig utdanning, er nøkkelen å leggje til rette for gode erfaringar frå kommunesektoren når studentane har praksis der. Ein passeleg utfordrande og trygg praksisperiode gir ei positiv erfaring som kan bidra til at studenten kan tenkje seg å halde fram med å arbeide der, seier Dahl Gundersen.

Styrkjer praksisperioden

Jobbvinnar Agder satsar på at ei særleg god erfaring med praksisperioden på omsorgssentra i Kristiansand og Arendal skal gi dei nyutdanna sjukepleiarane lyst til å arbeide i kommunehelsetenesta.

– Tidlegare erfaring og forsking er samstemte om at gode praksiserfaringar er ein viktig faktor for å rekruttere nye fagpesonar. Får du ei god erfaring der du er ute i praksis, vel du gjerne å søkje på å få jobb der i etterkant, seier Dahl Gundersen.

Praksisperioden er forsterka ved hjelp av fire tiltak:

  1. tospann (rettleiar arbeider med to studentar samtidig)
  2. rettleiargrupper (praksisrettleiarar og praksislærar har jamlege møte)
  3. fag- og fordjupingstid (koordinerande praksisrettleiar og studentar) og
  4. teknologisk og digital støtte (utprøving av programvare) 

– Når studentar er ute i praksis for første gong, gjeld det å støtte dei med tiltak som både held dei på tå hev og gjer dei trygge på det dei skal gjere. Dei skal ha utfordringar heile vegen, men dei skal òg senke skuldrene og vere trygge på det dei gjer, seier Dahl Gundersen.

Utfordrar og tryggjer studentane

Studentane som har vore med å prøve praksismodellen gjennomfører den same emneplanen som resten av kullet. Men sjølve organiseringa av tiltaka i praksis har vore annleis for studentane ved Plankemyra bo- og omsorgssenter og Straitunet omsorgssenter, dei to pilotinstitusjonane i prosjektet. Våren 2020 skal denne modellen prøvast ut på fleire institusjonar i dei to kommunane.

Erfaringane så langt viser at studentane er nøgde med å gjennomføre praksis to og to. Modellen har òg vist seg å gi tettare samhandling mellom praksisrettleiarane og praksislæraren ved utdanningsinstitusjonen.

Fag- og fordjupingstid under praksisperioden er noko studentane sjølv har etterlyst, og dei melder tilbake at dette er eit opplegg alle burde få ta del i.

– Resultata av forsøka med desse fire tiltaka så langt er positive, men detaljerte resultat vil eg først kunne presentere når eg har gått gjennom og analysert alle data, seier Dahl Gundersen.

Ho har mellom anna gjort fleire spørjeundersøkingar og intervju blant dei 40 studentane som har vore med i prøveprosjektet, og blant praksisrettleiarane og lærarane. Når prosjektperioden går ut til sommaren, er tida inne for å gå i djupna på alle data og erfaringar.

– Så langt har eg stor tru på denne praksismodellen. Med nokre justeringar trur eg han kan fungere både som ei styrking av praksisperioden og som eit rekrutteringsverktøy, og eg trur modellen let seg overføre til andre fagområde òg, seier Dahl Gundersen.