Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Gjev ut bok nummer 16 om teikn og meining i notida

Stille og roleg har forskarar tilknytt UiA si forskingssatsing på multimodalitet og kulturendring gitt ut bok nummer 16, denne gongen knytt til estetikk. Få andre kan vise til slik produksjon.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frida Forsgren og Elise Seip Tønnessen, foto
REDAKTØRANE: Førsteamanuensis Frida Forsgren og professor Elise Seip Tønnessen står bak den nye antologien om multimodalitet og estetikk.
Bjarne Markussen presenterer video, foto

SMAKEBIT 1: Professor Bjarne Markussen gav under lanseringa ein smakebit frå boka i form av ei miniforelesing om korleis artisten Erik Clapton med ord og tonar arbeidde seg gjennom sorgen etter tapet av sonen.

– Ja, det har verkeleg kome mange og spanande bøker ut av satsinga, fleire enn eg nok hadde trudd. Men så er jo også multimodalitet og kulturendring eit område vi har arbeida mykje med her på universitetet, og der vi kan bidra godt til forskingsfeltet både i Noreg og ute i verda, seier professor Elise Seip Tønnesen ved Fakultet for humaniora og pedagogikk.

I perioden 2011 til 2015 leia ho forskingssatsinga MULTIKUL, som fokuserte på multimodalitet og kulturendring. Dette er eit tverrfagleg område der fleire forskargrupper ved UiA, særleg knytt til fakulteta for humaniora, pedagogikk og kunstfag, har markert seg dei seinare åra.

Teikn og estetikk i notida

Gunhild Kvåle , foto

SMAKEBIT 2: Førsteamanuensis Gunhild Kvåle fortalde korleis digitale malar styrer estetiske val

Det er ut frå denne satsinga at den hittil siste og 16. boka, Multimodality and Aesthetics , som er gjeven ut på det prestisjetunge internasjonale forlaget Routledge, no er komen. Boka vart lansert i Noreg ved ei samling i universitetsbiblioteket i førre veke.

I boka vert lesaren leidd inn i ei verd der forholdet mellom estetikk og multimodal kommunikasjon vert utforska, og der alle semiotiske ressursar, ikkje berre dei som er innafor kunst, har ein estetisk funksjon.

- Boka formidlar dermed rolla som estetikk har i et breiare spekter av semiotiske ressursar , inkludert bymiljø, bloggar, digitale utklippsbøker, barnelitteratur, musikk og nettbaserte læringsmiljø, seier førsteamanuensis Frida Forsgren ved Fakultet for kunstfag.  

125 publikasjonar frå satsinga

Forskere på lanseringen, foto

FRÅ LANSERINGA: Om lag 25 forskarar og interesserte deltok på lanseringa i universitetsbiblioteket. På veggen bak er fleire av de andre bøkene frå forskingsprosjektet stilte ut.

Sjølve boka er bygd opp av ei rik samling nye syn på korleis kommunikasjon og estetikk styrkar og utfyller kvarandre når mening skapast med semiotiske ressursar, noko som gjer ho særs aktuell for studentar og forskarar i multimodalitet, kunst, utdanning og visuell kultur. Boka er bygd opp av  bidrag frå sluttkonferansen etter forskingssatsinga MULTIKUL (2011-2015), og er supplert med bidrag frå UiA-forskarane sine internasjonale nettverk.

I tillegg til dei 16 bøkene har også annan vitskapleg produksjon frå prosjektet vore særs høg. I alt er det gjeve ut 125 publikasjonar knytt til det nå avrunda forskingsprosjektet MULTIKUL ved Universitetet i Agder.

Sjå lista over alle MULTIKUL-publikasjonane