UiA-forskar slår hol på historiske mytar. Charlie Krautwald viser at danskane var meir prega av konflikt enn politisk semje i 1930-åra.
– Demonstrasjonar og gatekampar i 1930-åra var vanlegare enn forskarane tidlegare har meint. Valdelege konfrontasjonar var ikkje knytne til politisk ekstremisme, men ein del av den offentlege politiske debatten, seier Charlie Krautwald.
Den danske historikaren har dei siste åra budd i Kristiansand. Her har han følgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for humaniora og pedagogikk ved Universitetet i Agder (UiA).
Han disputerte nyleg for doktorgraden i historie med avhandlinga «Kampen om gaderne. Gadepolitik og rumlige krav i 1930´ernes politiske kultur».
Der viser han i åtte delstudiar korleis marsjar i gater, plakatar langs husvegger, appellar på torg og attpåtil slåssing mellom ungdommar frå ulike politiske parti var ein integrert del av dansk politikk i 1930-åra.
Bakgrunnen for gatedemonstrasjonane var utviklinga av demokratiet. Det var ungt og hadde enno ikkje funne si form i Danmark og andre europeiske land. Historikaren minner om at demokratiet mista taket i Italia og Tyskland.
– Tida var prega av nye ideologiar, økonomiske kriser, massepolitikk og spørsmålet om demokratiet ville overleve. Gatepolitikken var ein viktig del av kampen om veljarane, og førte med seg valdelege konfrontasjonar mellom politiske ungdommar på høgre- og venstresida i politikken, seier Krautwald.
Han samanliknar gater og torg i 1930-åra med dagens sosiale medium.
– I dag diskuterer vi i sosiale kanalar. Den gongen var gata den viktigaste offentlege og sosiale arenaen der du trefte flest folk. Mellomkrigstida var første gongen i historia at fleirtalet av folket kunne stille til val. Demokratiet inviterte så å seie folk ut på gata, seier Krautwald.
Han understrekar at det ikkje var bermen som møttest til gateslag.
– Dei politiske partia hadde gatedemonstrasjonar som ein del av sin strategi. Gatemarsjane var ein del av den politiske forhandlinga om makt og innflytelse, seier Krautwald.
Ifølgje forskaren var ikkje gatedemonstasjonar eit nytt fenomen i 1930-åra. Heilt tilbake på 1800-talet var det vanleg at danskane gjekk ut på gatene for å markere sine standpunkt.
– Å erobre gatene med plakatar og protesttog dreier seg òg om å få symbolsk makt over uteområda. Det dreier seg om å vise omgivnadene kven som har rett til gata og ulike område i byen, seier Krautwald.
Avhandlinga hans viser at arbeidarklassen mot slutten av 1800-talet fekk hevd på gater og torg i København. Utover 1930-åra prøvde den politiske høgresida å vinne tilbake gatene.
– Både høgre- og venstresida ønskte å provosere ved å demonstrere i kjerneområda til sine politiske motstandarar. Dei hadde ein bevisst strategi om dette, seier historikaren.
Nørrebro var raudt område i København; dit strena dei konservative. Fredriksberg var konservativt område; dit fór dei raude.
– Desse områda vart omdreiingspunktet for demonstrasjonane. Men det var ikkje berre nazistar mot kommunistar på gatene. Alle politiske parti frå venstre til høgre var representert her, både konservative som ikkje var nazistar og sosialdemokratar som ikkje var kommunistar, seier Krautwald.
Når den nyslåtte doktoren i historie får spørsmål om kva som er nytt i avhandlinga hans, kjem det kontant:
– Det nye er at eg har undersøkt det.
Han peiker på at tidlegere historikarar har konkludert utan å undersøke den politiske mobiliseringa på gata. Han seier standpunkta frå Politiken Forlags Danmarks historie i 14 band (John Danstrup og Hal Koch, 1965) har vorte reprodusert om 1930-åra heilt fram til i dag.
Han stiller seg kritisk til den tradisjonelle skandinaviske forskingstradisjonen som framstiller den politiske kulturen i Skandinavia som særleg prega av semje (konsensus).
– Historikarane har reprodusert konsensustenkinga om at vi er særleg flinke til å inngå kompromiss i Skandinavia. Mi forsking viser at høgre- og venstresida også sto kraftig mot einannan i 1930-åra. Dei var langt frå var samde om i kva retning samfunnet skulle ta, seier Krautwald.