Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Fylte campus med engasjement

Onsdag 29. januar vart Engasjer Deg-dagen arrangert på UiA. Fleire titals studentforeiningar og -aktivitetar presenterte seg for studentane.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilete av vrimlehallen på Campus Kristiansand.
Engasjer Deg-dagen bød på masse aktivitet på begge campus.

– Formålet med dagen er å få studentar til å engasjere seg i studentaktivitetar på campus. Det er mange som stiller, og tilbodet til studentane strekk seg frå frivillige foreiningar til verv og deltidsstillingar, seier prosjektleder for Engasjer deg dagen Kristiansand, Jakob Mæland.

Det skjer i vrimlehallen og Gata

Han er leiar for Engasjer Deg-dagen på Campus Kristiansand, kor 56 studentaktivitetar vart presenterte i vrimlehallen. På Campus Grimstad vart rundt 33 forskjellige studentaktivitetar presenterte i Gata. 

Bilete av cheerleading-gruppa KSI Topaz.

Cheerleading-gruppa KSI Topaz sto på stand for å rekruttere fleire medlemmer.

– Vi rekrutterer flest studentar ved studiestart, men opplev at ein del faller i frå gjennom året. Så vi håper å få fleire nye medlemmar i dag, og mange har allereie meldt sin interesse, sier Lotte Dahl Svendsen, leiar i KSI Topaz. 

Dagen vart nytta til å vise fram mangfaldet som finst på UiA, og inspirere både nye og gamle studentar til å engasjere seg. Også leiinga på universitetet sto på stand, og UiA Karriere, Unikum og SiA laga ein podcast live i vrimlehallen om engasjement.

– Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom mange aktørar. I tillegg til UiA har både SiA, VT, STA, linjeforeninger og studentaktiviteter spelt ei viktig rolle. Vi er takknemlig for at så mange ønsker å sette fokus på dette temaet, seier Yngvild Bakken Furunes, prosjektleder for ED-dagen i Grimstad. 

Det var mange studentorganisasjonar og -aktivitetar som presenterte seg i Gata på Campus Grimstad.

Bilete av Gata på Campus Grimstad.

Motivasjonsføredrag med bloggar

I Grimstad vart det blant anna pitcheføredrag og idé-konkurransar, og på begge campus heldt bloggaren Kristin Gjelsvik eit motivasjonsføredrag.

– Studentar som ønskjer å skaffe seg relevant erfaring, større nettverk, lære noko nytt eller berre være sosiale med andre bør komme innom. Det blir fleire konkurransar og foredrag, og alt er gratis, seier Mæland.

Ingrid Marie Skaug Lindqvist er student og coach i First Year Student Environment (FYSE). Ho har lært mykje av å engasjere seg utanfor studiet.

– Studentaktivitetar har blitt ein hobby for meg. Eg lærer mykje av å vere engasjert. I FYSE lærer eg å rettleie og lære bort ting til andre. Eg lærer mykje om meg sjølv, og korleis gruppearbeid og relasjonar med andre menneske fungerer, seier ho. 

Bilete av student Ingrid Marie Skaug Lindqvist.

Ingrid Marie Skaug Lindqvist er engasjert som coach i FYSE.

Lindqvist meiner sjølv at hu har fått betre livskvalitet av sitt engasjement. 

– Eg meine at studentengasjement gir betre livskvalitet. I studentaktiviteter får ein mange nye venner og eg trur det er viktig å føle at ein er ein del av noko større, seier ho.