Alle søknader frå Universitetet i Agder fekk ja til å gjennomføre samarbeid om utdanning med internasjonale universitet.
Universitetet i Agder (UiA) fekk tilslaget på tre av tre søknader. Det gjeld fagmiljøa innanfor sjukepleie, matematikk og informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).
Dei skal samarbeide med internasjonale universitet om utvikling av utdanning. Det er venta at kvart miljø får tildelt 3 millionar kroner.
Totalt har 30 prosjekt frå norske universitet og høgskular fått støtte.
Bak tildelinga står regjeringa ved Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Midla vert tildelt gjennom det såkalla UTFORSK-programmet. Programmet skal styrke samarbeidet om utdanning og forsking med Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea, USA og Canada.
– Det betyr myke for instituttet å vidareføre eit spennande samarbeid med University of Nebraska Medical Center. Vi har allereie samarbeidd med dei i fleire år.
Det seier professor Mariann Fossum. Ho er leiar ved UiAs Institutt for helse- og sjukepleievitskap.
Sjukepleiarmiljøet skal samarbeide med seks partnarar. Dei fleste av dei er frå USA.
Prosjektet er innretta mot sjukepleiarstudentar på alle utdanningsnivå frå bachelor til doktograd. Ved UiA skal førsteamanuensis Else Mari Ekra leie prosjektet.
Professor Thomas Gjesteland har fått tilslag på eit samarbeid med Clemson University i South Carolina i USA. Universiteta skal mellom anna utveksle studentar og tilsette.
– Her haustar vi fruktene av fleire års arbeid ved MatRIC. Vi har bygt opp eit stort internasjonalt nettverk. Det er flott å sjå at våre internasjonale kollegaer ønsker å lære av oss, seier Gjesteland.
UiAs MatRIC har status som eit nasjonalt Senter for framifrå utdanning innan matematikk. MatRIC står for Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching.
Drop-in og studentprogram
Med seg i forskargruppa har Gjesteland seniorrådgjevar Lillian Egelandsaa frå MatRIC og universitetslektor Halvard Øysæd frå FYSE.
FYSE er det korte namnet til First Year Study Environment. Det er eit mentorprogram ved UiAs Fakultet for teknologi og realfag. Programmet arbeider med å betre trivselen og læringsmiljøet for førsteårsstudentar ved UiA.
– Clemson University skal mellom anna lære av våre erfaringar med drop in-opplegget ved MatRIC og FYSE-programmet for studentar. Vi skal på vår side lære meir om deira erfaringar med undervising av realfag, seier Gjesteland.
Enda eit institutt ved UiAs Fakultet for teknologi og realfag får tildelt midlar.
Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) får støtte til eit samarbeid om utdanning innanfor IKT. Professor Frank Li skal leie prosjektet og samarbeide med University of Ottawa i Canada og IN-Indian Institute of Technology Bhubaneswar (IITBBS) i India.
I ei pressemelding frå regjeringa seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe at løyvingane vil styrke Noreg som kunnskapsnasjon.
– Eg er glad for å sjå at prosjekta vi no støttar legg opp til at fleire studentar kan dra på utveksling til våre prioriterte samarbeidsland, seier ministeren.