0
Hopp til hovedinnhold

Forskingsmagasin publiserer studentoppgåve frå UiA

Tre UiA-studentar får publisert bacheloroppgåve i eit velrenommert fagtidsskrift. Det er første gong at bachelorstudentar frå UiA publiserer på nivå 2. 

Bilde av student og professorar som får publisert artikkel i anerkjent tidsskrift
F.v.: Professorar Frank Y. Li, M. Arild Haglund og Geir Jevne frå Institutt for IKT har arbeida saman med studenten Anders Frøytlog for å få bacheloroppgåva publisert i det velrenommerte fagtidsskriftet IEEE Communications Magazine.

– Det var eit stort augeblikk å endeleg få vite at artikkelen blir publisert. Det var ei lette fordi det har vore mykje hardt arbeid. Vi visste at oppgåva blei bra, men det har tatt tid å få på plass artikkelen etter krava frå fagtidsskriftet på dette nivået, seier Frøytlog.

Studentane Anders Frøytlog, Ole Bakker og Thomas Foss ved Institutt for IKT ved UiA har skrive bacheloroppgåva. I oppgåva har dei designa ein ny metode for å styre og overvake trådlause nettverk på plassar som er vanskeleg å komme til, til dømes i tunellar og under asfalten på vegar. Sensorane dei har utvikla bruker 238 gonger mindre energi enn andre nodar.

Bacheloroppgåva i elektronikk blei skriven våren 2017 på UiA. Mens dei andre to studentane i gruppa, Bakker og Foss, har fått seg jobb utanbys, har Frøytlog gått saman med fem andre om å få publisert oppgåva til ein fagartikkel i det velrenommerte fagtidsskriftet IEEE Communications Magazine. Nå er artikkelen klar for publisering.

Saman med studentane Ole Bakker og Thomas Foss, leverte Anders Frøytlog ei imponerande bacheloroppgåve i elektronikk våren 2017.

Saman med studentane Ole Bakker og Thomas Foss, leverte Anders Frøytlog ei imponerande bacheloroppgåve i elektronikk våren 2017.

Forutan studentane har medforfattarar til artikkelen vore professorar Geir Jevne og M. Arild Haglund og Frank Y. Li frå UiA, doktor Joaquim Oller frå The Technical University of Catalonia og professor Geoffrey Ye Li frå Georgia Tech. 

Første gong på UiA

– Det er første gong eg har opplevd at ei bacheloroppgåve på UiA blir publisert på dette nivået. Dette skal vi vere veldig stolte av, seier Frank Li, professor i IKT ved UiA. 

Li har følgt Fløytlog tett. Han forklar at fleire driv med forsking på såkalla «wake-up radioer» (WUR) i sensornodar for å spare straum. Ein WUR er eit sove/vekke-system som overvaker sensornodar i trådlause nettverk. Trådlause nettverk overvaker og kontrollerer lys, temperatur i fabrikker, næringsbygg og private heimar. Sensorane i desse nettverka er ein del av eit globalt IoT-nettverk (tingenes internett). Sensorane utfører trådlaus kommunikasjon seg imellom og til ein sensornode og sentral som eventuelt varslar om avvik.

– Vi ønskte at studentane skulle sjå nærmare på det å designe ein WUR som kan redusere det totale energiforbruket til ein sensornode, forklarar Li. 

Kommunikasjonen i trådlause nettverk er energikrevjande. Batterikapasitet har vore ei sentral utfordring. 

Forlenger batterilevetida

I prosjektet har studentane utvikla ein WUR som kan forlenge nodars levetid betrakteleg.

– Det går ann å bruke WUR til alt frå fuktsensorar til overvaking av tunellar og vegar. Ved å bruke systemet til dømes i en fuktsensor som er montert inn i ein vegg utan tilgang utanfrå, kan han forlenge batterilevetida til sensoren. Den kan da leve mange år lengre enn kva som ville ha vore realiteten utan ein WUR, seier Frøytlog. 

Studentgruppa laga ein tilleggskrets til ein node. Det er kretsen og ikkje sjølve noden som lyttar etter signal. På den måten vil noden kunne ligge i djup søvn heilt fram til den blir vekt av tilleggskretsen. Deretter vil noden sende den informasjonen han skal, før han går tilbake i dvale. Informasjonen som er mottatt av mobilmottakar blir sendt vidare til ein IoT-sky. 

Straumforbruket til overvakingssystemet vil vere svært lav, da han får mykje av energien frå radiosignala som vert send til han.

Meir energieffektivt

Studentanes «wake-up radio» vekker opp sensornodar. På den måten kan sensornoden ligge å «sove» fram til han må ta ein måling, og slik spare straum når han ikkje er i bruk. Systemet med sensornodar i dag går ut på å vekke opp regelmessig for å lytte etter signal. 

– Med vårt system vil ikkje dette lenger være nødvendig. For å løyse dette problemet laga vi ein WUR som bruker svært lite energi, samtidig som systemet kan vekke ein selektert sensornode når han skal, seier Frøytlog. 

Publiserast våren 2019

Utkastet til artikkelen gjekk fram og tilbake mellom instituttet og forskingsmagasinet seks gonger før forfattarane fekk ei endeleg godkjenning.

– Det har vore ein lærerik reise. Det blir gøy å få sjå han på trykk til våren, seier Frøytlog som for augeblikket held på med ei masteroppgåve innan IKT. 

Der ser han mellom anna på korleis styringsverktøyet, til dømes ein mobil, kan overvake og styre noden ved større avstandar.   

Frå 2014 til 2018 har forskingsgruppa innan elektronikk og IoT ved UiA publisert 100 artiklar. 20 av desse er nivå-2 publikasjonar. 

– Tidligare har vi publisert to nivå-2 artiklar basert på to masteroppgåver. Nå har vi laga ein enda høgare rekord. Dette er eit godt døme på at godt samarbeid kan skape høg kvalitet, seier Li. 

Send studiet på mail