Forskarportrett: Terje Emil Fredwall - Universitetet i Agder
0
Hopp til hovedinnhold

Forskarportrett: Terje Emil Fredwall

Terje Emil Fredwall har vore i mange fengselsavdelingar med høgt sikringsnivå. Han forskar på fengselsbetjenten si rolle.

Her er Fredwall saman med fengselsbetjent Chris Myhre.

Fengselsbetjenten har hovudrolla i doktoroppgåva til Terje Emil Fredwall (til høgre). Her er Fredwall saman med fengselsbetjent Chris Myhre. (Foto: Kjell Inge Søreide)

– Fengselsbetjenten er både medmenneske og fengselsvaktar, og må ta omsyn både til mandatet frå samfunnet og sine eigne tankar og kjensler. På kva måte betjentane sjølve forstår og beskriv ansvaret sitt, er ein viktig del av arbeidet mitt, seier Fredwall.

I 2014 forsvarte han det første doktorarbeidet i Norge med fengselsbetjentrolla som hovedtema. Våren 2015 ga han ut boka «Murer og moral: En bok om straff, verdier og fengselsbetjenter».

Forskarportrett

Her oppsummerer Fredwall forskinga si på to minutter:

Enkelt forklart

Ti forskarar frå UiA har laga videosnuttar der dei presenterer seg sjølv og si forsking.

- Me laga desse forskarportretta for å gje eit innblikk i den varierte og spennande forskinga som skjer på Universitetet i Agder. Samtidig fungerar videoane som eit slags visittkort der forskarane sjølve får profilert arbeidet sitt, seier Hildegunn Mellesmo Aslaksen, videojournalist ved UiAs mediesenter.

Les meir om Terje Emil Fredwalls forsking:

Send studiet på mail