0
Hopp til hovedinnhold

Forskar på det som er relevant for industrien i Agder

Forsking og utvikling av digitale metodar og system blir stadig meir etterspurt av bedrifter og næringsliv på Sørlandet. Derfor blir det også vektlagt ved Fakultet for teknologi og realfag ved Universitetet i Agder. 

Dronefoto av campus Grimstad
Utvikling av digitale metodar og system står sentralt hos alle dei 11 som har disputert ved fakultetet i vår.

– Å bruke digital hydraulikk framfor dagens teknologi vil gi betre energieffektivitet. Men vi treng mellom anna gode kontrollsystem før vi kan ta det i bruk i Noreg, seier Sondre Nordås. 

Sondre Nordås has followed the PhD course at the Faculty of engineering and science, specializing in mechatronics.

Sondre Nordås har følgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for teknologi og realfag med vekt på spesialisering i mekatronikk.

Han har følgt doktorgradsprogrammet ved Fakultet for teknologi og realfag med vekt på spesialisering i mekatronikk. Mekatronikk er kombinasjonen av fagområda mekanikk, elektronikk og informasjonsteknologi.

– Auka merksemd på global oppvarming og forureining gir auka fokus på å designe meir energieffektive system, seier Nordås.

Doktorgradsarbeidet er ein del av forskinga som blir utført ved UiAs Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), Offshore Mechatronics. Nordås har sett på kontrollsystemet for hydrauliske vinsjar, som er mykje brukt i olje- og gassindustrien. 

Industrien pregar forskningstema

UiA-forskarane arbeider ikkje eit vakuum, men i nært samarbeid med industrien i Agder-regionen. 

Denne våren har fleire enn vanleg levert doktoravhandlingar om utfordringar som er relevante både for offshore- og onshore-industrien i landsdelen. Utvikling av digitale metodar og system står sentralt hos alle dei 11 som har disputert ved fakultetet i vår.

Behovet for meir kompetanse og effektive metodar er etterlyst av industribedrifter i regionen. Derfor legg bedriftene litt av føringa på det fakultetet forskar på og utviklar.  

– Gode digitale modeller er eit ønske frå industrien. Vi går alltid i den retninga industrien og næringslivet ønsker, men det er ikkje alltid vi rekk å snu oss om på minuttet, seier Michael Rygaard Hansen, dekan ved Fakultet for teknologi og realfag

Dei regionale klyngenettverka EYDE  og NODE, forskingsinstituttet NORCE og offshore- og industribedrifter som MacGregor, MHWirth og National Oilwell Varco er nokre av samarbeidspartnarane til fakultetet.

– Digitale metodar og teknologi vil redusere miljøavtrykket til bedriftene. Mykje vedlikehald og overvaking av prosessar i offshoreindustrien kan med digitale metodar bli gjort frå land. Dette sparar bedrifta for ressursar, tid og pengar, seier Rygaard Hansen.

Digital overvaking 

Med nyutvikla digitale overvakingsmodellar kan sensorar fange opp støy, vibrasjonar, temperatur og mykje meir. Metoden blir brukt for å overvake og redusere feil og maskinstans. 

– Slike metodar er med på å redusere avfall og vedlikehald på delar og redusere kostnader for bedrifta, seier Rygaard Hansen. 

Michael Rygaard Hansen, dean at the Faculty of engineering and science

Michael Rygaard Hansen, dekan ved Fakultet for teknologi og realfag.

Dette er noko av det Martin Hemmer og Jagath Sri Lal Senanayaka har sett på i sine doktorgradsarbeid. Dei har følgt same doktorgradsprogam som Nordås. Begge har arbeidd med datamodellering og modellar som kan føreseie det som skjer i store og komplekse industrisystem. Modellane gir oversikt over energibruken, slik at ein kan tilpasse bruken og spare energi. 

– Digitalisering ved overvaking av tilstanden til eit system er også ein utroleg miljøvennleg måte å utføre eit arbeid på. Framfor å reise ut på plattforma offshore kan ein sitte på land og gjere det same arbeidet, seier Rygaard Hansen. 

Grøn teknologi

Også Jannik Hartwig Jakobsen forska på datamodellering i mekatronikk. Hartwig Jakobsen har forska på miljøvennlege hydraulikkoljer. Han har sett på korleis ulike stoff kan bli erstatta av meir miljøvennlege væsker. Til dømes om ein meir miljøvennleg væske kan erstatte eller delvis erstatte mineralsk hydraulikkolje i hydrauliske system. 

– Målet er at industrien etter kvart skal kunne ta i bruk desse løysingane og bli meir miljøvennlege og energieffektive, seier Rygaard Hansen. 

Simulerer system

Gode simuleringsmodellar som kan gi att reelle situasjonar er ettertrakta av industribedrifter. Philipp Thomas Pasolli og Bernard Munyazikwiye har i sine doktorgradsarbeid utvikla simuleringsmodeller eller datasystem som på ein god måte gir att korleis komplekse system oppfører seg. 

Munyazikwiye har laga ein modell som simulerer det som skjer med elektronikken og mekanikken når ein bil kolliderer. Dette kan ein ikkje gjette seg til. Bilprodusentar er opptatte av kvaliteten på delar og bilar som dei sel. Då er det viktig å ha metodar for å teste sikkeheita. Ved bruk av testar ved datasimulering vil produsentar kunne spare mykje tid og ressursar. 

Kunstig intelligens

I tillegg til dei seks som har disputert i mekatronikk har også fleire levert i matematikkdidaktikk og informasjon og kommunikasjonsteknologi (IKT). Blant dei er Mehdi Ben Lazreg og Sondre Glimsdal med forsking på kunstig intelligens. 

– Den kunstige intelligensen blir stadig meir viktig og hjelper oss å ta betre avgjerder, seier Rygaard Hansen. 

Glimsdal har sett på bruksområdet for ein kjent algoritme. Målet har vore å utvide bruksområdet og kunne bruke den til å løyse vanskelegare og meir komplekse problem. Mellom anna så han på om algoritmen kunne bli brukt til å optimalisere organiseringa av varehus basert på kundeåtferd, estimering av reisetid og levetid for trådlause sensorar.