0
Hopp til hovedinnhold

Forskar laga handbok for bufellesskap

Stipendiat Gunnhild Ruud Lindvig har saman med bebuarar og tilsette laga ein rettleiar for bufellesskap innan psykisk helse og rus. Interessa for dei praktiske forskingsfunna har vore stor.

Portrett av Gunnhild Ruud Lindvig og bilde av handboka
Stipendiat Gunnhild Ruud Lindvig har laga rettleiaren "Hjelpsomme relasjoner" om arbeid i bufellesskap.

– Når eit menneske slit med livet og treng hjelp, er det ikkje likegyldig kven som går inn i rolla som hjelpar. Kvaliteten på relasjonen mellom dei to kan vere avgjerande, seier Gunnhild Ruud Lindvig.

Ho er universitetslektor og stipendiat på Institutt for psykososial helse ved Universitetet i Agder (UiA). Sidan 2017 har ho jobba med doktorgrada på kommunale bufellesskap for dei med alvorlege problem med rus eller psykisk sjukdom.

Ho har intervjua bebuarar om tilsette dei tykker har vore til god hjelp. Etter å ha snakka med bebuarane, har ho intervjua dei tilsette om svara ha fekk frå bebuarane.

Med dette materialet i botnen har ho laga ei handbok for dei som arbeidar med bufellesskap.

– Det er eit forsøk på å gjere forskingsfunna brukelege for praksisfeltet. Det finst ikkje ei oppskrift på korleis eit menneske kan hjelpe eit anna. Alle er forskjellige, det handlar om korleis ein bruker seg sjølv, seier Lindvig.

FAKTA om rettleiinga

  • Rettleeinga bygger på doktorgradsprosjektet «Hjelpsomme relasjoner i bofellesskap innen psykisk helse og rus. et bidrag til kunnskapsbasert praksis».
  • Prosjektet er gjennomført i samarbeid mellom Universitetet i Agder, Kristiansand kommune og ROM Agder brukarstyrt senter. Det er finansiert av Stiftelsen Dam gjennom Rådet for psykisk helse.
  • Lindvig har intervjua sju bebuarar og ni tilsette frå fire bufellesskap i Kristiansand kommune.
  • Prosjektet har ei referansegruppe av tilsette frå andre bufellesskap og tidlegare bebuarar. I tillegg har Lindvig tre rettleiarar på UiA: Professor Inger Beate Larsen, professor II Alain Topor, og førsteamanuensis Tore Dag Bøe.
  • Du kan laste ned rettleiaren her:

Ikkje alle passar saman

Rettleiinga er bygd opp kring utsegn frå bebuarane og dei tilsette, og er meint å bli nytta som eit grunnlag for refleksjon både for tilsette, politikarar og byråkratar. 

– I den grad det er konkrete råd i rettleiinga, er det at avgjerdstakarar legg til rette slik at dei tilsette kan vere til hjelp, og gir dei tilsette handlingsrommet dei treng for å hjelpe. Det er viktig å utnytte sitt eige potensial og få jobbe saman med folk ein trivst med, seier Lindvig.

Det er nemleg eit poeng i rettleiinga at ikkje alle passer saman.

– Bebuarane er sjølvsagt menneske med individuelle styrker, veikskapar og behov. På same vis er dei tilsette ulike. Alt dette påverkar kven du kan hjelpe på en god måte. For du kan høgst sannsynleg ikkje gje like god hjelp til alle, seier Lindvig.

Stor interesse

200 eksempar av handboka blir distribuert til bufellesskap i Kristiansand kommune, som også vil gjere ho tilgjengeleg digitalt. I november presenterte Lindvig arbeidet på Bofellesskapskonferansen i Oslo. Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid har òg fatta interesse.

– Eg har til og med fått høyre frå tilsette i barnehagar som vil bruke rettleiinga, sidan den handla om relasjonar. Frå tilbakemeldingane eg har fått verkar det som om det er eit stort behov for ei slik handbok, seier Lindvig.

Ny kvardag

Professor Inger Beate Larsen er rettleiaren til Lindvig, og bekreftar at det ikkje fanst ein liknande handbok tidlegare. Larsen fortel at tilbodet til menneske med psykiske lidingar før var institusjonsbasert. Etter fleire reformer har institusjonane blitt mindre, og tatt meir form av ein heim enn ein institusjon.

– Det blir ei utfordring at bufellesskap både er ein heim, men òg dominert av fagfolk og eigd av kommunen. Vi tenker det kan være nyttig med ei rettleiing som folk kan lese og diskutere, og som kan hjelpe dei tilsette å bli enda betre hjelparar, seier Larsen.