Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Foredragsserie på naturmuseet

I haust har naturmuseet ved UiA ein interessant foredragsserie. Kom på foredraga og høyr om spinnevekstar og slettsnok. Roar Solheim har halde foredrag om gjenkjenning av dyr ved hjelp av fototeknikk.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Roar Solheim med samlinga, foto
Naturmuseet ved UiA har den største samlinga i Noreg av skinnmateriale av snøugle.

Dei neste foredraga haldast:

  • 9. oktober, kl. 12: "Spinnevekster" - av førstekonservator i botanikk, Per Arvid Åsen.
  • 6. november, kl. 12: "Slettsnok - en kvelerslange" - forsker Beate Strøm Johansen

Roar Solheim, 1. konservator i zoologi, har halde foredrag om korleis ein gjenkjenner individ av lappugle og snøugle med fototeknikk.

– Forskinga mi er interessant for alle som driv med studie av bestandar eller invasjon av ugler og ynskjer å sjå på alder og kjønnsfordeling med fototeknikk. Eg har jobba med lappugle og snøugle som er dagaktive, seier han.

Teknikken kan brukast på alle fuglar som har spesifikke mønstre i vengefjør. Til dømes har kongeørn, fiskeørn og fjellvåk spesifikke mønstre og kan kjennast igjen på fluktbilde inntil alle vengefjøra er bytta ut. Det kan ta fleire år.

Får oversikt over bestandar

I doktorgraden har han utvikla metodikken og vist korleis den kan brukast. Når han får eit godt bilde av fuglane når dei lettar eller landar, kan han sjå vengjemønsteret og om dei er ringmerka. Då kan han samanlikne bileta og sjå om det er fleire bilde av den same ugla. Slik går det an å halde eit auge med uglebestandar, og sjå på alder og kjønnsfordeling av fuglane.

Solheim tek bilete sjølv, men hentar også informasjon ifrå Artsdatabanken i Sverige og på Public Sciences, som er eit registreringssystem i Noreg og Sverige. Solheim hentar også informasjon via bilde som fugleinteresserte legg ut på Facebook. Alt dette har gitt mykje lokal artsdata for både trua og sårbare artar. Han finsorterar materialet og lagrar bileta på når og kvar dei er tekne.

I 2012 blei det sett mange lappugler langs sørlandskysten og opp til Sverige fordi det var gnagarår. Då blei det lagt inn over 4000 enkeltmeldingar om lappugler i den svenske Artsdatabanken. Solheim fekk administratortilgang til materialet og etter å ha sortert dette var det 134 ugler han kunne samanlikne.

Lappugle i Mandal starta prosjektet

Roar Solheim med lappugle på fanget, foto

Roar Solheim studerer mønsteret på ei ugle han har fanga.

Det som starta heile prosjektet var ei lappugle han såg vest for Mandal hausten 2009. Den hausten kom det inn tre ulike meldingar om lappugle: Ugla i Mandal som han tok bilde av, ei som blei funne daud på Nøtterøy og ei som døydde utanfor Gøteborg. Ingen av dei var unge fuglar fordi dei hadde ulike fjørgenerasjonar i vengene.

– Då blei eg overraska og nysgjerrig fordi eg trudde det berre var unge fuglar som drog så langt langs kysten i Noreg, fortel han.

Solheim drog til riksmuseet i Stockholm. Museet har mykje skinnmateriale på lappugler som er ringmerka som reirungar, og då er alderen kjent. Han kunne studere vengene til ugler som hadde vore igjennom ulike fjørskifte og beskrive det. Han gjorde det også på hubro og snøugle.

– Snøugla er ei utfordring fordi du må tolke mønstera, og det er ikkje ei einaste skinnlagt snøugle i musea i verda som har vore ringmerka som reirunge. Eg har vore i alle dei nordiske musea tidlegare og fotografert omlag 400 snøugleskinn som eg skulle alders- og kjønnsbestemme, seier han.

Desse skinna var lagra med vengene klappa saman. Då var det vanskeleg å studere mønstera i dei. I Stockholm var vengen retta ut, og  dermed fekk han betre informasjon. Han fant ei løysing for å finne informasjonen til alle dei 400 hundre andre.

No samarbeidar han med folk i Canada og USA som fangar snøugler på vinteren og som sender bilde og informasjon.