0
Hopp til hovedinnhold

Fekk høgthengande forlagspris for doktorgrad om mikrofinansiering

Postdoktor Stephen Zamore ved Handelshøyskolen ved UiA gjekk heilt til topps i årets internasjonale konkurranse om beste doktorgradsarbeid i finans hos det engelske prestisjeforlaget Emerald Publishing.

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilete av Stephen Zamore som held sitt vinnarsertifikat.
Stephen Zamore vann "Emerald & EFMD Outstanding Doctoral Research Award", i finanskategorien.

– Dette var veldig uventa og veldig gledeleg. Det er ei ære å få ein slik global heider av arbeidet sitt, som denne prisen gir. Eg er takksam overfor prisgjevarane, og vegleiarane mine på UiA, og håper òg at prisen kan skape meir merksemd rundt forsking på felta mitt. Det vil vere bra, for mikrofinansiering er framleis både viktig og i vekst, seier Stephen Zamore.

Prisen, som heiter Emerald & EFMD Outstanding Doctoral Research Award, blir delt ut i ti ulike kategoriar, med Zamore som vinn i kategorien Finans, med doktorgraden Risk Management and Efficiency of Microfinance Institutions.

Målet med prisen er å anerkjenne og påskjønne eksepsjonell doktorgradsforsking, og forlaget vurderer doktorgradsavhandlingar frå heile verda. Sjølve prisen består av eit diplom og € 1000 i premiepengar, og dessutan ein vinnarlogo, og blir delt ut i samarbeid med Europas største nettverksforeining innan leiingsutvikling, EFDM.

Dekan ved Handelshøyskolen ved UiA, Kristin Wallevik, gratulerer Zamore med prestasjonen.

– Dette er ein fantastisk bragd, både for Stephen Zamore og handelshøgskulen vår. Eg vil òg takke professorane Roy Mersland og Leif Atle Beisland for arbeidet deira som doktorvegleiarar for Zamore, seier ho.

Ikkje lurt å spreie seg for mykje

Den prisvinnande doktoravhandling set søkelyset på ulike aspekt av berekraft i mikrofinansinstitusjonar, ved å analysere om dei får betre berekraft gjennom mindre mislighald ved å utvide nedslagsfeltet sitt geografisk, og ved å auke tilbodet av tenester ut over reine finanstransaksjonar.

I sin første av dei tre artiklane som utgjer hovuddelen av doktorgradsarbeidet, ser prisvinnaren nærare på korleis enkelte strategiar frå den konvensjonelle bankmarknaden no er å finne i mikrofinansmarkedet. Dette gjeld mellom anna geografisk diversifisering (spreiing). Innan konvensjonell bankverksemd blir sedd på dette som smart, då det hjelper banken å redusere risikoen. Men kan det same blir sagt om geografisk diversifisering innan mikrofinansiering?

– Vi fann ut at det motsette var sant. Ein mikrofinansinstitusjon med fleire plasseringar har høgare risiko, fordi han ikkje kan overvake kundane sine ordentleg. Dette illustrerer korleis konvensjonell bankverksemd og mikrofinans er ulik, og at bruk av ein teori frå eit felt til eit anna kan gi motsette effektar, seier Stephen Zamore.

Han gjekk vidare, og i den andre artikkelen i doktorgradsarbeidet undersøkte han om diversifisering av inntekter bidrar til berekrafta til mikrofinansbanker. Her fann han ut at det gjer det; det forbetrar dei økonomiske resultata deira, noko som kan gjere det mogleg å hjelpe fleire menneske.

Kva med ikkje-økonomisk hjelp?

Hensikta med mikrofinansiering er å hjelpe folk til å bli inkludert i det økonomiske systemet.  Men mange tilbyr ikkje berre lån, men også ikkje-finansielle tenester som til dømes å lære og lese, helsetenester og undervisning i ulike former for forretningsverksemd. Dette er fokus i Zamore sin tredje artikkel.

– Vi fann ut at å tilby slike tenester verken reduserer eller aukar mikrofinansbankane sine økonomiske resultat. Men vi fann òg ut at det kan auke moglegheita kunden har til å betale tilbake lånet. Dette er altså ein metode som mikrofinansbankar kan bruke for å sikre sine eigne investeringar, spesielt på stader der utdanning og tenestetilbod er mangelvare, seier Zamore.

Låg tillit gir høge kostnader

Risiko er òg eit tema som ofte kjem opp når ein diskuterer mikrofinansiering, og Zamore ønskte å utforske dette nærare. Den fjerde og siste artikkelen i avhandlinga hans «Overdriven fokus på risiko? Mislighaldne lån og effektivitet til mikrofinansbanker», fokuserer derfor på dette

– Vi veit at misligheld av lån er vanlegare i konvensjonell bankverksemd enn i mikrofinansiering. Likevel trur mange at risikoen for misligheld er høgare her, på grunn av kundane som får lånene. Kundane er ofte bønder og bur ofte utanfor byane. Dette er ein måte å leve på som er avhengig av vêr og natur, og som derfor kan sjåast på som uføreseieleg, seier Zamore.

Han fann at mange mikrofinansbankar av den grunnen aukar driftskostnadene for å sikre at kundane ikkje misligheld låna sine. Det blir investert mykje pengar og arbeid for å sikre at eit lån blir betalt tilbake. Bankane kan i nokre tilfelle òg bruke meir pengar på å kontrollere og følgje opp kunde enn beløpet ho eller han fekk i utgangspunktet.

– Konklusjonen er at mikrofinansbankar må finne ein balanse her. Å bygge tillit er avgjerande, det reduserer risikoen for manglande tilbakebetaling av lån. Samtidig er det å bygge tillit ein kostnad for mikrofinansbankar. På sikt vil det likevel vere verd det, seier Stephen Zamore.