0
Hopp til hovedinnhold

Fekk forskingspris av den kinesiske regjeringa

Professor II ved UiA, Nils Chr. Stenseth, har fått den mest prestisjefylte heidersprisen den kinesiske regjeringa kan gi ein utanlandsk forskar. 

Bilde av Kinas president som handhelsar på prisvinnare
Kinas president Xi Jinping handhelste på Nils Chr. Stenseth og dei andre prisvinnarane etter prisutdelinga (foto: CCTV News, Kina / UiO / Lisens: CC BY 4.0)

– Eg er svært stolt over å få denne prisen. Prisen er ei flott anerkjenning av det langvarige samarbeidet med mange framifrå kinesiske forskarar og institusjonar, seier Stenseth til den kinesiske avisa China Daily

Stenseth er professor i biovitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) og ved Institutt for naturvitskap ved Universitetet i Agder (UiA). På UiA har han ei sentral rolle som styreleiar i toppforskingssenteret Senter for marin forsking

25 år med kinesiske forskarar

Stenseth får prisen for sitt samarbeid med kinesiske forskarar i over 25 år. Heidersprisen, International Science and Technology Cooperation Award, blei overrekt under ein storslått seremoni i Folkets store hall i hovudstaden Beijing på fredag 10. januar.

Som eit signal om at kinesiske styresmakter ser på prisen som svært viktig, var også Kinas president, Xi Jinping til stades og handhelste på alle forskarane som fekk prisar.

Professor Nils Chr. Stenseth er tilsett ved UiO og ved Senter for marin forsking på UiA.

Professor Nils Chr. Stenseth er tilsett ved UiO og ved Senter for marin forsking på UiA.

Mykje å lære av samarbeid

I 2015 lanserte Noregs forskingsråd programmet INTPART. Programmet skal bidra til at norske utdannings- og forskingsinstitusjonar utviklar varige relasjonar med sterke fagmiljø og institusjonar i land som Kina, Brasil, Canada, India, Japan, Russland, Sør-Afrika og USA. 

Noreg har 89 INTPART-prosjekt og Stenseth leiar eit norsk-kinesisk samarbeidsprosjekt om pestforsking. 

Professor Stenseth er opptatt av at forskingssamarbeid handlar om noko meir enn å utveksle vitskaplege erfaringar og akademiske tradisjonar. 

– Eg har lært mykje om Kina gjennom dette arbeidet, og mine kinesiske kollegaer har forhåpentlegvis lært mykje om land utanfor Kina. Slike kollegiale interaksjonar og dialogar kan bidra til ein breiare og meir harmonisk verden, seier Stenseth i ein kommentar på nettstaden til Universitetet i Oslo.