Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Feira nye doktorar

Universitetet i Agder gjorde stas på heile 52 nye doktorar som har fullført ph.d.-graden sin midt i koronakrisa.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilde av seremonisalen.
Doktorpromosjonen fant sted i Sal 1 i Sigurd Køhns hus på Campus Kristiansand.

– Dere er den første doktorgradskohorten som har fullført avhandlingane midt i koronakrisa, og som har forsvart avhandlinga på Zoom. Dere har møtt fleire nye utfordringar, og har fått verdfulle erfaringar som dere forhåpentleg kan dra på i framtida, sa rektor Sunniva Whittaker i si tale til dei ferske doktorane.

 Doktorpromosjonen vart heldt måndag 30. august på Campus Kristiansand. Seremonien inneber utdeling av diplom til alle som har fullført doktorgraden mellom september 2020 og august 2021. Totalt 52 kandidatar fullførte doktorgraden sin i løpet av denne tida.

 – Ikkje gløym korleis det er å være doktorgradsstudent. På dagar som denne er det enkelt å gløyme all frustrasjon, søvnlause netter og periodane med tvil som alle doktorgradsstudentar opplev. Snart skal kanskje nokon av dere rettleie andre doktorgradsstudentar, sa rektor.

 
Dei 52 doktorgradene fordelar seg slik:

  • Fakultet for kunstfag: 3 kandidatar
  • Fakultet for humaniora og pedagogikk: 6 kandidatar
  • Fakultet for samfunnsvitskap: 7 kandidatar
  • Fakultet for helse- og idrettsvitskap: 8 kandidatar
  • Handelshøgskulen ved UiA: 8 kandidatar
  • Fakultet for teknologi og realfag: 20 kandidatar 
    Bilete av rektor Sunniva Whittaker som held tale.

    Rektor Sunniva Whittaker heldt tale til dei ferske doktorane.

Trude Sundtjønn heldt tale på vegne av dei nye doktorane, og fortalte litt om korleis det har vært å ta doktorgraden på UiA.

– Utdanninga har vore slitsam og bydd på fleire tilbakeslag, men når eg no står på den andre sia og tenkjer tilbake så er det det gode du husker. Vitskapsteori på Lesvos, snakking i kaffebaren, sjokoladekjeks når alt så mørkt ut, prosjektskrivingskurs, møte med andre forskarar og ulike verv og komitear, sa ho.

Ho har sjølv skreve avhandlinga si om «Opportunities and challenges when students work with vocationally connected mathemathics tasks».

– Eg satt i bygg 17, og der var vi matematikkdidaktikarar og stipendiatar frå Fakultet for helse- og idrettsvitskap. Kanskje ikkje den ideelle miksen? Men det er ingenting som er så hyggeleg og deilig som å snakka med nokon som held på med noko som synast enda meir sært enn sitt eige arbeid, sa Trude Sundtjønn.