Desse og fleire saker blei behandla i universitetsstyret 1. februar 2023.
Det første universitetsstyremøtet i år inkluderte eit dialogmøte med Mathematics Education Research Group at Agder (MERGA), eit av UiAs prioriterte forskingssenter.
Senteret forskar på problemstillingar rundt matematikkundervisning og læring i mange ulike situasjonar.
Universitetsstyret følgde opp vedtaket i november 2022 om endra leiingsmodell (frå todelt til einskapleg leiing) ved UiAs fakultet og Avdeling for lærarutdanning, med å slå fast kva konsekvensar endringa skal medføra.
Det blei vedtatt at ny modell skal gjelda for alle fakulteta frå 1.1.2024. For fire av sju einingar samsvarer det med dekanperiodane.
Dekanperioden til Hans Hodne ved Fakultet for humaniora og pedagogikk blir forlengt med eit halvt år ut 2023, mens det no startar prosessar med tanke på dei to fakulteta med dekanar som hadde dekanperiodar som i utgangspunktet skulle halde fram til 2025. Det sistnemnde gjeld Handelshøyskolen ved UiA og Fakultet for kunstfag. Alle fakultetsstyra og Styret for lærarutdanningane ved UiA blir forlengt til å sitja ut 2023.
I same sak blei nye føresegner for organisering av fakulteta og for lærarutdanningane ved UiA vedtatt slik dei var foreslått med eitt unntak. Det blei reist eit forslag om dekanrolla, som frå 2024 går frå å vera leiaren i fakultetsstyra til å vera sekretæren til styret, skulle erstattast av ein mellombels vitskapleg tilsett. Dette blei vedtatt einstemmig. Frå 2024 blir det ein av dei eksterne styrerepresentantane som tar rolla som fakultetsstyreleiar.
Rolla til fakultetsdirektørane er gjort tydeleg i dei nye føresegnene for å sikra eit relativt likt rammeverk for dei øvste administrative leiarane på fakulteta på tvers av institusjonen. Dette er viktig for at UiA framleis skal kunna ha éin samanhengande administrasjon.
Det blei og reist eit forslag om det overordna vitskaplege ansvaret skulle gjerast tydeleg i instruksen til dekanen, men dette forslaget fall 4 mot 5 stemmer. Instruksen til dekanen er laga slik han er for å vareta det formelle ansvaret, men utan å innskrenka handlingsrommet til dekanen.
Universitetsstyret har tidlegare vedtatt ein ambisiøs handlingsplan for miljø og klima for 2020 til 2023. I dette møtet vedtok styret at administrasjonen skal jobba vidare for å få på plass ei miljøsertifisering av UiAs verksemd.
Kva slags type sertifisering UiA skal gå for er framleis ope, men den det har vore jobba mest med så langt er Miljøfyrtårn. Mykje av det som skal til for å bli sertifisert har UiA allereie på plass, men ei sertifisering vil innebera ei betre dokumentering og synleggjering av dette arbeidet.
I samband med vedtaket av UiAs reisepolicy blei det stilt spørsmål rundt kor berekraftig drifta av UiAs studiestad på øya Lésvos i Hellas, Metochi, er. Det blei sett ned eit tverrfagleg utval som no har laga ein brei berekraftsanalyse av aktivitetane på Metochi, der ein både ser på økonomisk, sosial og miljømessig berekraft.
Nokre hovudfunn er at:
Det er lagt til grunn at utviklinga der Metochi blir brukt stadig meir til å treffa eksterne, og mindre til interne seminar, held fram.
Alle saksdokument frå universitetsstyremøtet 1. februar 2023