0
Hopp til hovedinnhold

Etablerer langsiktig forskingssamarbeid mellom UiA og India

Toppforskingssenteret i mekatronikk og WISENET senter på UiA får 4,5 millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å etablere forskingssamarbeid med anerkjende indiske universitet. 

Bilde av campus Grimstad
UiA-forskarar frå campus Grimstad går saman med indiske universitet for å etablere eit nettverk for tverrfagleg forsking i mekatronikk og IKT.

– Finansieringa er ei anerkjenning av forskingsmiljøet i begge sentra og våre forskingspartnarar, seier Jing Zhou, professor i mekatronikk på Institutt for ingeniørvitskap ved UiA.

Professor Jing Zhou er forskingssjef for toppforskingssenteret i mekatronikk og prosjektleiar for INMOST.

Professor Jing Zhou er forskingssjef for toppforskingssenteret i mekatronikk og prosjektleiar for INMOST.

Målet er å etablere eit langsiktig samarbeid mellom India og Noreg om forsking og utdanning innan fagområdet intelligente offshore mekatronikk-system.  

Prosjektet har tittelen "Indo-norwegian Collaboration in Intelligent Offshore Mechatronics Systems (INMOST)". 

Professor Jing Zhou er forskingssjef for toppforskingssenteret i mekatronikk og prosjektleiar for INMOST. Ho vil koordinere prosjektet saman med førsteamanuensis Linga Reddy Cenkeramaddi, anvendt forskningsdivisjonsleder ved WISENET senter, eit senter anerkjent av det nasjonale TOPPFORSK-programmet til Noregs forskingsråd.

FAKTA

Samarbeidspartnarar i prosjektet "Indo-norwegian Collaboration in Intelligent Offshore Mechatronics Systems (INMOST)" er Indian Institute of Technology (Indore), Indian Institute of Technology (Palakkad), Indian Institute of Technology (Tirupati) og National Institute of Technology Goa, NTNU Ålesund og NORCE Bergen. 

Nøkkelforskarar frå dei indiske partnarinsitutta er professor Saidi Reddy Parne frå NIT Goa, professor Santosh Kumar Vishwakarma frå IIT Indore, professor Rama Krishna Sai Gorthi frå IIT Tirupati and professor Shaikshavali Chitraganti frå IIT Palakkad.

Prosjektperioden er frå 2020 til 2023. Prosjektet er finansiert av Noreg Forskingsråds program for internasjonale partnarskap for framifrå utdanning, forsking og innovasjon (INTPART) og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU). 

INTPART skal bidra til at norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjoner utviklar varige relasjonar med sterke fagmiljø og institusjonar i åtte prioriterte land: Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika og USA. 

UiA har også prosjektet "Indo-Norwegian Collaboration in Autonomous Cyber-Physical Systems" (INCAPS)som er finansert av INPART-programmet til Noregs forskingsråd. Dette er leia av førsteamanuensis Linga Reddy Cenkeramaddi, anvendt forskningsdivisjonsleder ved WISENET senter.

Auka mobilitet mellom forskarar og studentar

Hovudmåla med prosjektet er mellom anna å styrke konkurranseevna og innovasjonskapasiteten. I tillegg skal prosjektet løyse sosiale utfordringar og utvikle akademiske miljø med høg kvalitet. 

Førsteamanuensis Linga Reddy Cenkeramaddi, anvendt forskningsdivisjonsleder ved WISENET senter.

Førsteamanuensis Linga Reddy Cenkeramaddi, anvendt forskningsdivisjonsleder ved WISENET senter.

Saman skal dei bygge eit multinasjonalt nettverk for tverrfagleg forsking. Her blir fleire fagområde knytte saman, mellom andre mekatronikksystem for offshore, prosesskontroll, smart-sensorar, trådlaus kommunikasjon, nettverksprosessering og robotteknologi for kraner, fartøy, boring og brønn og vindturbinar. 

– Målet er å integrere desse fagområda med forskingsbasert utdanning og betre kvaliteten på forskingsinnovasjon for pågåande prosjekt i begge sentra, seier ho.

Kunnskapsutveksling

Forskarane skal også involvere studentar og offentlege og private verksemder. 

Eit av måla i prosjektet er å skape berekraftige partnarskap mellom industribedrifter og dei beste institusjonane og forskingsmiljøa i verda.

Ifølgje Folke Haugland, leiar for Institutt for IKT og Geir Grasmo, leiar for Insitutt for ingeniørvitskap, vil samarbeidet gi tilgang til eit unikt internasjonalt nettverk der UiA og indiske universitet kan legge til rette for god kunnskapsutveksling mellom verksemder og forskarar innan ulike kompetanseområde. 

– Prosjektet opnar for at forskarar og studentar på UiA kan samarbeide med nokre av dei beste forskarane på dette feltet i India, seier Haugland.  

– Samarbeidet gir oss tilgang til kunnskapsutveksling med internasjonale forskarar i ulike fagområde lik dei vi har på fakultetet. Forskarane våre vil få sjansen til å samarbeide med anerkjende internasjonale forskarar, seier Grasmo.