0
Hopp til hovedinnhold

Er Black Friday komen for å bli?

- Butikkar kan tape pengar på Black Friday, seier professor Ellen Katrine Nyhus.

Innsida av et kjøpesenter, bilde.
I år blir Black Friday den 23. november, sidan dagen alltid fell på den fjerde fredagen i november.

- Det er ikkje nødvendigvis lønnsamt for alle butikkar å delta i Black Friday. Folk har ikkje meir pengar berre fordi det er oftare sal, og om folk flyttar julegåvehandelen til tilbodsdagane i november vil det gå ut over den vanlege julehandelen til butikkane, seier Nyhus.

Black Friday blei for første gang marknadsført som ein spesiell handledag i Noreg i 2010, og har vakse seg større for kvart år. Men det betyr ikkje at handledagen er komen for å bli.

Dårlege erfaringar

- Mange kundar har dårlege erfaringar frå å handla den dagen, som dårleg kundeservice og dårleg kapasitet. Nokre prisar blir også satt opp i tida før dagen, for så å bli satt ned att på Black Friday. Kaoset som kjenneteiknar Black Friday kan vere ein ønska ting av butikkane, fordi det då får økt plass i media. Mange kundar synest òg at kaoset og alle folka er gøy, og får ein skikkeleg tilfredsheit av å gjere eit godt kjøp. Men ein del har nok opplevd at dei har handla ting dei eigentleg ikkje har bruk for, og då er ikkje handelen så lønnsam, seier Nyhus.

Professor Ellen Katrine Nyhus ved Handelshøgskulen ved UiA, bilete.

Professor Ellen Katrine Nyhus ved Handelshøgskulen ved UiA.

I år blir Black Friday den 23. november, sidan dagen alltid fell på den fjerde fredagen i november. Historia strekker seg tilbake til 1800-tallet i USA, og fleire nettbutikkar arrangerer Black Friday ei heil veke. Det handlar om å kapre kundane før konkurrentane, så det blir eit kappløp om å vera først ute med tilbod.

Fleire nye salsdagar

- Nettbutikkane konkurrerer globalt, så dei må følgje opp slike trendar meir enn dei fysiske butikkane. Men det kostar pengar å få folk i kjøpemodus, og for å kunne ha så store kampanjar så trengs det ein viss omsetning. Ein veit at mange utsett kjøp til salet startar, så det et av fortenesta. Kundar kan bli vant med store rabattar, så dei ikkje vil handle med mindre dei får store prisavslag. Nokre butikkar kan tapa pengar på Black Friday, seier Nyhus.

Nye salsdagar har òg blitt introdusert i Noreg, slik som Cyber Monday og Singles Day.

- Til saman kan slike dagar gjere julehandelen mindre viktig. Julehandelen varer derimot mye lengre enn enkeltvise salsdagar, og folk tar gjerne betre val viss dei får lengre tid på seg. Det er eit kjent fenomen at du gjerne kjøper meir enn du eigentleg hadde planlagt på salsdagar, og berre det å sjå andre kjøpe kan ha ein stor smitte-effekt, seier Nyhus.

Send studiet på mail