Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

– Eit kjempegodt tilbod til distrikta

Med ein kombinasjon av digital undervising og fysiske samlingar rekk Universitetet i Agder ut i distrikta med oppdatert kunnskap om sjukepleie.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bildet viser ein sjukepleiar som noterer på eit ark ved sia av ein pasient.
Vidareutdanninga tar blant anna for seg avanserte kartleggingsmetodar. Illustrasjonsbilete: Pexels.com

– Eg har hatt lyst til å oppdatere meg fagleg lenge, men det må jo passe inn med familie og jobb. Då eg såg dette tilbodet såg det heilt perfekt ut, seier Maria Karlsen.

Ho jobbar som sjukepleier på Sirdalsheimen, ein sjukeheim i Sirdal kommune. Det er elleve år sia ho var ferdig med sjukepleiarutdanninga, og ho jobbar 80% nattevakter. Den digitale undervisinga skjer gjennom ferdig innspelte videoar, som kan sjåast når som helst.

Djupare innsikt i kartlegging

– Dette er eit kjempegodt tilbod til distrikta. Det gjer det mogleg for meg å studere utan å måtte bruka mange permisjonsdagar, og det eg lærer har eg stor nytte av i jobben. Me pleier å seie at folk ikkje sluttar å vere sjuke berre fordi dei søv. Det er mykje god kartlegging som kan gjerast om natta, seier Karlsen.

Vidareutdanninga ho er i gang med heiter «Avansert kartlegging og oppfølging av pasienter i kommunehelsetjenesten». Det gir sjukepleiarar djupare innsikt i fleire forskjellige kartleggingsverktøy som nyttast i det daglege, i tillegg til kvalitetsutvikling, pasientsikkerheit og vellykka endringsprosessar. 

Bilete av Maria Karlsen.

Maria Karlsen jobbar som sjukepleiar ved Sirdalsheimen i Sirdal kommune. Foto: Privat

I tillegg til digital undervising er det også fire todagars-samlingar. Desse blir heldt i Flekkefjord, Valle, Risør, Hægebostad, Grimstad og Kristiansand.

– Mykje kan kartleggjast før ein pasient blir sendt til sjukehus, og mykje kan også forebyggast. For sjukeheimar og heimesjukepleie er dette kjempeaktuelt, og det er mykje me kan forebygga med hjelp av godt kartlegging , seier sjukepleiar Maria Karlsen.

200 søknader på 24 timar

For å ta studiet må du vere tilsett som sjukepleiar i ein kommune på Agder, og vere utdanna sjukepleiar med erfaring. Då tilbodet blei opna for søking fekk UiA nesten 200 søknader på under eit døgn. Etterpå laga kommunane prioriteringslister, slik at kompetansehevinga kan skje der behovet er størst.

Vidareutdanninga blei satsa på i forbindelse med covid-19-pandemien. Det ble gjort ei undersøking om kva for behov kommunane på Agder har. Det vart førespegla at kommunane ville ende opp med mange fleire pasientar enn det som, heldigvis, blei realiteten. Ei utfordring var mangel på sjukepleiarar, som UiA også tilbyr. Ei anna var å auke kompetansen til dei som allereie arbeider som sjukepleiarar.

– Eit solid løft til heile Agder

– Sjukepleiarar som jobbar på sjukeheim og i heimetenesten jobbar veldig sjølvstendig, og må ta vanskelege vurderingar på eigehand. Å få oppdatert kunnskap om kartlegging gir ringvirkninger og vil gi eit solid løft til heile Agder. Me såg sårbarheita då pandemien slo inn, og mange kommunar måtte spørje seg sjølv om dei var rusta for det, seier Heidi Vige.

Ho er seniorrådgjevar i Statsforvaltaren i Agders helse- og sosialavdeling. I juni i fjor blei ho kontakta av Helsedirektoratet, som lurte på om det var desentraliserte tilbod dei kunne tenkje seg å søka om pengar til. Det enda med fem millionar kroner til UiA for å gjennomføre denne vidareutdanninga.

– Det har vært travelt, men fantastisk å jobbe med UiA om dette. Dette er tiltak som vi verkeleg vil sjå nytte av framover i heile regionen. All honnør til UiA, dette har dei verkeleg fått til, seier Vige.

Tydeleg behov

Instituttleiar Mariann Fossum frå Institutt for helse- og sjukepleievitskap er glad for det gode samarbeidet i regionen.

– Dette er den typen samarbeid vi ønskjer. Det er tydeleg eit behov for meir avansert sjukepleie fleire stader, og det er vidareutdanninga eit godt døme på. Vi har opplevd stor velvilje ved Sørlandet sjukehus og i kommunane, som stiller opp som forelesarar. I tillegg har vi dyktige folk på UiA, som har ansvar for undervisningsopplegget, seier Fossum.

På Sirdalsheimen er Maria Karlsen allereie i gang med å spreie det ho lærer til sine kollegaer. 

– Me sjukepleiarar er opptekne av å helde oss oppdaterte, og eg delar blant anna på plansjane me nyttar i undervisinga til kollegaene mine. Etter kvart skal eg også drive med opplæring i NEWS-systemet, som er eit kartleggingsverktøy, seier Maria Karlsen.