Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Ein hardbarka revolvermann med dårleg samvit

Morgan Kane starta karrieren som ein tradisjonell amerikansk westernhelt, men utvikla seg til å bli ein meir norsk og sosialrealistisk helt. Det kjem fram i doktorgradsavhandlinga til Karoline Aksnes.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Et utvalg av Louis Mastersons Morgan Kane-bøker.
Et utvalg av Louis Mastersons Morgan Kane-bøker. Foto: Tor Martin Lien

— Morgan Kane er ein oppdikta heltefigur, og han lever ikkje noko realistisk liv. Men han er meir samansett og har eit større register enn helten i amerikanske westernbøker.

Det seier Karoline Aksnes. Ho disputerte nyleg ved Universitetet i Agder (UiA) med avhandlinga Morgan Kane: A Nordic Western

Karoline Aksnes

Karoline Aksnes har ikkje skrive eit portrett av ein revolvermann, men har samanlikna Morgan Kane og hans univers med amerikanske westernbøker. Doktoravhandlinga hennar viser at Morgan Kane har meir til felles med heltane i hardkokt amerikansk kriminallitteratur og nordisk kriminallitteratur.

Nordmann skriv amerikansk western

Den nyslåtte doktoren har studert den kulturelle sida ved Morgan Kane og ser på han som litt amerikansk, men enda meir norsk. Men kva vil det seie å skrive ei norsk westernhistorie plassert i amerikansk kultur, slik nordmannen Kjell Hallbing gjorde under psevdonymet Louis Masterson? 

— Eg har behandla Morgan Kane som ei blanding av norsk og amerikansk kultur. Kjell Hallbing er inspirert av amerikansk kultur og ein amerikansk sjanger, men han skriv for eit norsk publikum, og det får innverknad på det han skriv, seier Aksnes. 

Blant dei viktigaste forskjellane mellom Morgan Kane og dei amerikanske westernbøkene er desse: 

  • Morgan Kane er ein meir samansett karakter 
  • Morgan Kane er ein meir sosialrealistiske helt og
  • Morgan Kane-bøkene har ein innebygt samfunnskritikk og har større merksemd om taparane i samfunnet

Louis Masterson

Under psevdonymet Louis Masterson gav Kjell Hallbing (1934-2004) ut 83 bøker om westernhelten Morgan Kane i perioden 1966-1985. Hallbing skreiv til tider minst éi Morgan Kane-bok i månaden. Samtidig skreiv han noveller om Kane og andre westernheltar under Masterson-namnet eller andre psevdonym. 

Profilbilde Kjell Hallbing

Kjell Hallbing. Foto: SNL

Ifølge forskaren har kvar fjerde nordmann Morgan Kane heime i bokhylla, og bøkene har til saman seld i 25 millionar eksemplar i Europa. 

— Morgan Kane er ein såpass samansett karakter at du ikkje vert lei av han. Det bildet av det amerikanske Vesten som nordmenn lærte å kjenne av Kjell Hallbing er unikt og ulikt den amerikanske versjonen. Hallbing skriv meir sosialrealistisk enn mytisk. Morgan Kane er innimellom umoralsk heilt ulikt sine våpenbrør i amerikanske westernbøker, seier Aksnes.

Sosialrealistisk western

Morgan Kane starta som ein tradisjonell helt etter amerikansk westernmønster. Han var ein suveren og sjølvsikker helt, med andre ord ein litt eindimensjonal revolvermann som aldri gjorde noko gale og alltid fekk det som han ville.

Utover i serien vart han mindre perfekt, og stadig fleire negative karaktertrekk vart synlege.

— Denne breiare eller djupare karakterskildringa er noko av det som gjer Morgan Kane fasinerande. Han lykkast aldri heilt med livet sitt. Der ligg det sosialrealistiske i desse bøkene. Morgan Kan klarer aldri å arbeide seg opp i samfunnet og realiserer ikkje den amerikanske draumen, seier Aksnes. 

Amerikansk draum

Den amerikanske draumen inneber at du kan kome deg dit du vil viss du berre arbeider hardt nok og lenge nok. Morgan Kane kjem ingen veg. Han startar som revolvermann og vert aldri noko anna. Undervegs er han alltid blakk og på utkikk etter nye oppdrag.

— Han stig ikkje i gradane. Samfunnet som vert framstilt i Kane-bøkene er ikkje ein amerikansk draum, men meir av eit sosialrealistisk samfunn, seier Aksnes.   

Forskaren understrekar at også Morgan Kane er plassert i ei eventyrverd der helten har særleg talent for å kome først og vinne dei fleste slag. Poenget er likevel at Morgan Kane er ein samansett type som både har positive og negative sider, og at han lever i eit univers der også dei mindre flatterande sidene ved samfunnet kjem fram, som fattigdom, maktmisbruk og korrupsjon.

Den amerikansk westernmyten

Dei første Kane-bøkene låg tett på dei amerikanske westernbøkene. Den klassiske amerikanske westernen var basert på helten som kan alt, toler alt og alltid vinn. No er det ikkje ofte Morgan Kane taper heller. Han kan kanskje ikkje så mykje, men det han kan, er han best på, og han toler det meste.  

Men der den amerikanske helten alltid har loven og moralen på si side, er Morgan Kane prega av arbeidet sitt på godt og vondt. Han er nervøs, sjalu, alkoholisert og går gjerne innom horehus og utanom lov og moral viss han finn det for godt.

Riddaren i westernromanen

— Mens helten i den amerikanske westernen kan vere moralsk opp mot det moralistiske, er Kane også umoralsk, seier Aksnes.  

Ho minner om at dei amerikanske westernheltane stammar frå den høviske riddarromantradisjonen. Riddaren er ein gentleman og det var også westernhelten i den tradisjonelle amerikanske westernboka. Helten gjorde aldri feil og alltid det gode og rette.

— Eit typisk døme er helten Lassiter hos Zane Gray, men også helten til westernforfattaren Louis L´Amour er eit godt døme på ein slik heltetype, seier Aksnes.

Eksperimenterer med Kane

Kjell Hallbing selde stadig fleire bøker. Forfattaren vart trygg på seg sjølv og skrivehandverket. Eit engelsk forlag hadde også kjøpt rettane til å gi ut Morgan Kane på engelsk.

— Etter 1971 tok Hallbing til med å eksperimentere meir med hovudpersonen sin, seier Aksnes.

Ho viser til at dei første Kane-bøkene var skrivne meir etter mønster av dei amerikanske westernbøkene, med einsidige og positivt framstilte heltar. Med sjølvtillita kom eksperimenta og utvidinga av helten. Morgan Kane vart fleirdimensjonal, og hans negative karaktertrekk fekk meir plass, som nervøsiteten, alkoholmisbruket og kvinneforbruket.

Helt med vond bakgrunn

Morgan Kane var ikkje berre ein kaldblodig revolvermann, men hadde ei historie bak seg og eit samfunn rundt seg som var med på å gjere han til den han vart. Feiltrinna hans vart mellom anna skildra i El Gringo-bøkene om ungdomsåra til Morgan Kane. 

— Han vart ein helt du både kunne sjå opp til og synest synd på, og dess meir Hallbing eksperimenterte med Morgan Kane, dess meir populær vart serien. Bøkene om den vanskelege barndommen til helten og dei indre demonane han sleit med, selde meir enn dei første bøkene, seier Aksnes.

Ho reknar den første perioden som åra frå 1966 og fram til El Gringo-bøkene frå og med 1971. Da vart det meir realisme og meir samfunnskritikk i Kane-bøkene, og Morgan Kane viste stadig fleire sider av seg sjølv. 

Nordisk noir

Mens Morgan Kane etter kvart liknar mindre på amerikanske westernheltar, liknar han meir på heltane i skandinavisk kriminallitteratur.

— Det mest overraskande funnet mitt er at Morgan Kane-bøkene etter kvart får trekk som liknar på dei nordiske kriminalromanane som er samfunnsproblematiserande og framstiller eit mørkt og kaldt samfunn der helten også har personlege problem, seier Aksnes.

Denne skrivetradisjonen vart etter kvart kalla nordisk noir. Svenskane Maj Sjöwall og Per Wahlöö og deira politihelt Martin Beck og vår eigen Gunnar Staalesen og detektivhelten Varg Veum, var blant forfattarane som skreiv kriminallitteratur i denne samfunnskritiske tradisjonen utover 1970-åra.  

— Morgan Kane vart ein helt som ikkje er perfekt, heilt ulikt sine brør i dei amerikanske westernbøkene, men meir lik heltane i dei hardkokte og samfunnskritiske kriminalbøkene, seier Aksnes.