0
Hopp til hovedinnhold

- Eg trur me har endra verda

Professor emerit Esben Esther Pirelli Benestad fekk nyleg gullmedaljen til den verdsomspennande organisasjonen  World Association for Sexual Health. 

- Som ei averdsetting for eit livslangt bidrag til sexologi og seksuell helse. Professor emerit Esben Esther Pirelli Benestad fekk nyleg årets gullmedalje frå den verdsomspennande organisasjonen  World Association for Sexual Health.

- Som ei averdsetting for eit livslangt bidrag til sexologi og seksuell helse. Professor emerit Esben Esther Pirelli Benestad fekk nyleg årets gullmedalje frå den verdsomspennande organisasjonen  World Association for Sexual Health.

- Det er ei stor ære å få medaljen og eg vil dela han med kona og kollegaen min Elsa Almås og alle transar i verda, seier Pirelli Benestad.

World Association for Sexual Health (WAS) har sidan oppstarten i 1978 arbeidd med tema som seksuell helse og seksuell rettferd. Medaljen vert delt ut som ei verdsetting for ein livslang karriere innan seksuell helse, og er det mest prestisjefylte heidersteiknet innan WAS. Sexologen Thore Langfeldt er til no einaste norske som har mottatt heidersteiknet.

Gullmedalje-forelesing

Gullmedaljen frå den verdsomspennande organisasjonen World Association for Sexual Health.

Gullmedaljen frå den verdsomspennande organisasjonen World Association for Sexual Health.

Sjølve medaljen kom i posten i førre veka, og Pirelli Benestad held ein gullmedalje-forelesning under WAS si verdsomspennande konferanse nokre dagar etter.

- Eg måtte takka digitalt sidan me ikkje kunne reisa til konferansen i Sør Afrika denne gonga. Tema for talen var «Sexology in my life», seier Pirelli Benestad.

Hen tok utgangspunkt i si eige historie og fortalde om då hen som 12-13-åring leita seg fram til transvestitt-definisjonen i leksikon.

- Eg følte skam då definisjonen sjukleggjorde mitt ønskje om å kle meg i kvinneklede. Men skamma var blanda med glede, for det var òg ei kjensle av noko rett, samstundes med ei redsle for å verte oppdaga. Sidan kom både energi og sinne, seier hen.

Medaljetalen tok tilhøyrarane med vidare. Frå dei første vitskaplege publikasjonane saman med professor Berthold Grünfeldt og kontakten med sexologiprofesjonen midt på åttitalet. 

- Møtet med Elsa Almås vart sjølve inngangen, og det skjedde klokka 23.33 den 16. oktober 1986. Før me visste det sjølv, forstod henda våre at me høyrde saman, seier Pirelli Benestad.

Verktøy for å endra verda

Openheit om seg sjølv, kunnskap og formidling har vore sentrale verktøy for Pirelli Benestad i virket som lege og professor i sexologi.

- I 1993 bestemte eg meg for å bruka poesi som ein del av formidlinga mi. Eg har nok overraska mange, ikkje minst i dei vitskaplege samanhengane eg har fått vera med på. Poesi i sexologi fer oss til å lytta og tenkje annleis, seier Pirelli Benestad.

They call it a disease

Then - what is ease?

And who decides?

They call it a disorder

Then – what is order?

And who decides?

This we have thoroughly understood

You shall not feel bad for what you sense as good.

 

Media vart òg ein viktig kanal for formidling, saman med å stilla seg fram i det offentlege rom. Ikkje minst gjennom filmen «Alt om min far», ein dokumentar regissert av sonen Even Benestad i 2002. 

- Me arbeidde au med orda me brukte og innførte blant anna kjønnsbegeistring, transtalent og transbegava som ei motvekt til sjukleggjeringa av transar, seier Pirelli Benestad.

Dei siste verktøya som hen løfta fram var politisk påverknad og det å alltid ha eit terapeutisk blikk i framføringane.

- Men det viktigast verktøyet er kjærleiken, ein kjærleik til profesjonen min, til seksualiteten og til mangfaldet: Eit mangfald som ikkje alle ser, seier Pirelli Benestad.  

Professor emerit

Elsa Almås og Esben Esther Pirelli Benestad vart i 2012 Noregs første professorar i sexologi. Pirelli Benestad vart pensjonist for to år sidan, medan Almås avsluttar yrkeskarrieren med å bidra i oppbygginga av eit nytt profesjonsstudium i psykologi ved UiA. Ein pensjonert professor gir rett til tittelen professor emeritus (for menn) og professor emerita (for kvinner). Også her blir det skrive historie når Esben Esther Pirelli Benestad er Noregs første med tittelen professor emerit.

- For kvifor skulla dette vera ein kjønna tittel, spør Pirelli Benestad og gleder seg over å ha tatt eit historisk steg, også her.

- Men sjølv om eg er pensjonert professor er eg framleis lege og kontoret mitt i Grimstad er opent for dei mange som treng nokon å snakka med, seier Esben Esther Pirelli Benestad.