UiA-forskar Stian Borg-Stoveland bruker næringsrikt avfallsvatn frå oppdrettsanlegg i Lyngdal til å dyrke mikroalgar.
– Oppdrettsnæringa treng meir berekraftig og miljøvennleg fór til laksen. Mikroalgar har ei gunstig samansetting av næringsstoff og kan være god ingrediens å ha i fiskefór.
Det seier Stian Borg-Stoveland. Han er doktorgradsstudent ved UiAs Institutt for naturvitskap og knytt til Centre for Coastal Research (CCR) ved UiA. I tillegg er han tilsett i Ecofishcircle AS i Farsund.
I doktorgradsarbeidet jobbar Borg-Stoveland med å finne berekraftige løysingar for produksjon av fiskefór.
Oppdrettslaks i Noreg blir i dag hovudsakleg fora med importerte soyaproduktar og fiskemel. Dette er verken naturleg eller berekraftig i lengda.
– Fiskemel er mellom anna ustabil i pris på grunn av variabel fangst av fisk som blir brukt til dette. Til erstatning får då oppdrettslaksen meir soyaprodukt ettersom det er rimelegare. Vi treng å bli meir sjølvforsynte på maten vi gir til oppdrettslaksen vår, seier han.
Kva er mikroalgar?
Mikroalgar består hovudsakeleg av eincella, mikroskopiske planteplankton. Dei driv fotosyntese, og dannar næringsgrunnlag for dyra i havet og i ferskvatn.
Kor stor er ein mikroalge?
Ein må som regel ha mikroskop for å sjå ein mikroalge. Dei varierar i storleik frå 0,001 mm til 0,2 mm. Under våroppblomstringa kan ein derimot sjå mikroalgar med det blotte auge då dei dannar store samlingar beståande av milliardar av enkeltcellar.
Kva næringstoff inneheld mikroalgar?
Mikroalgar består primært av protein, karbohydrat, aminosyrer og pigment. Dei inneheld óg ei rekkje essensielle fettsyrer som er heilt nødvendige i både dyr og menneskers kosthald.
Kva er fordelar med produksjon av mikroalgar til mat og fór om ein sammanliknar med tradisjonelle produkt?
I mai satt Ecofishcircle AS i drift ein test-tank på Hausvik utanfor Lyngdal med 4000 smolt. Smolten veg omkring 160 gram og skal vekse til han blir omkring 4 kilo.
Anlegget er eit såkalla resirkuleringsanlegg (RAS) der vatnet blir reinsa og sendt tilbake i systemet. Omkring 95 prosent av vatnet blir bli brukt om igjen, men 5 prosent må bli skifta ut.
– Avfallsvatnet er fullt av næringssalter som nitrogen og fosfor. Næringsstoffa kjem mellom anna frå fiskens avføring, seier Borg-Stoveland.
Borg-Stoveland skal bruke avfallsvatnet frå test-tanken til å teste korleis vatnet fungerer til å dyrke mikroalgar. Mikroalgar er fotosyntetiske mikroorganismar med stort potensial som næringskjelde til bruk i mat og fór. Algane har høgt næringsinnhald og kan ha stor variasjon mellom artane.
Avfallsvatn frå oppdrettsnæringa og anna industri blir i dag slept direkte ut i kystvatn. Det fører til ei rekkje utfordringar for organismane som lever langs kysten vår. Mellom anna kan det føre til overgjødsling og oppblomstring av uønska algar i oppdrettsområda.
– Dei uønska algane kveler den normale førekomsten av tang og tare, og legg seg som eit teppe på vatnoverflata og blokkerar dermed for lys, seier Borg-Stoveland.
Ein anna konsekvens kan være unormal høg bakterieaktivitet på havbotnen i utsleppsområda. Avfallsvatnet innheld mykje biologisk materiale som mellom anna kjem frå fiskens avføring og fór som ikkje blir eten. I kystvatnet blir dette brytt ned av bakterier. I den prosessen bruker bakteriene oksygen. Område med lave oksygennivå er ikkje bra for den naturlege førekomsten av plante- og dyreliv. Til dømes kan ein sjå lavt oksygennivå har hatt store konsekvensar for Oslofjorden.
– Vi må bruke avfallsvatnet til noko meir berekraftig slik at vi tek betre vare på kystmiljøet vårt, seier Borg-Stoveland.
Dyrking av mikroalgar på avfallsvatnet vil ifølgje Borg-Stoveland gi dobbel gevinst.
– Ikkje berre blir vatnet reinsa for potensielt skadelege næringssaltar før det blir slept ut i kystvatnet, men i tillegg viser forskninga så langt at mikroalgane ein produserer kan bli brukt som ein ingrediens i fiskefôr. Maten blir kortreist, og vi får meir gjenbruk av ubrukte ressursar, seier han.
Mikroalgane har ei gunstig samansetting av næringstoffar som eigner seg bra som fór. Mellom anna inneheld dei viktige Omega-3 fettsyrar som importerte soyaprodukt ikkje inneheld. Alganes sammansetting av næringsstoff kan også blir «designa» ved å kontrollere tilførsel av lys, temperatur og næring under dyrkinga.
Borg-Stoveland er den første doktorgradsstudenten ved UiAs Institutt for naturvitskap som gjennomfører doktorgraden sin etter nærings-ph.d.-ordninga. Dette inneber at verksemda han er tilsett i, Ecofishcircle AS, delfinansierar forskingsutdanninga. Forskingsarbeidet er også tett knytt opp til arbeidet i bedrifta.
I test-anlegget i Lyngdal utviklar dei berekraftig landbasert akvakultur for framtida. Målet er å betydeleg redusere karbonutsleppa frå fiskeoppdrett på land. Ein måte å gjere dette på er å fange opp Co2 og omgjere det til råstoff og protein som kan erstatte impotert soyabasert fór.
Verksemda ser på alt av utslepp som ressursar på avveie.
– I prosjektet med UiA og Borg-Stoveland skal vi utnytte desse avfallsstoffa og bruke dei som næringsstoff i produksjonen av fór, seier Jarle Dragvik, dagleg leiar i Ecofishcircle AS.