Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Dette er viktig for at unge skal ha det bra

Meistringstru er blant nøkkelfaktorane for livskvaliteten til barn og unge, seier UiA-forskar Hilde Timenes Mikkelsen.

To unge jenter og holder rundt hverandre og smiler
Forskning ved UiA viser at livskvaliteten til unge hengar saman med sjølvkjensla deira, meistringstru, stress og om dei kjenner på einsemd. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

– Meistringstru og god sjølvkjensle er knytt til ein høgare livskvalitet. Dei som opplever mykje stress og einsemd har lågare livskvalitet, seier Hilde Timenes Mikkelsen.

Mikkelsen er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA). Ho forskar på helse og livskvalitet i eit familieperspektiv og disputerte nyleg til doktorgrada innan helse- og sykepleievitskap ved Universitet i Agder.

Dei fire siste åra har ho sett på korleis ungdom og familiane deira har det: Livskvaliteten deira, fysisk og psykisk smerte, og helsekompetanse under pandemien.

Forskinga tok for seg ungdommar frå 14 til 17 år. UiA-forskaren samla inn data då elevane gjekk andre året på ungdomsskulen og følgde dei opp då dei starta på vidaregåande.

Resultata hennar viser at livskvalitet har ein stor samanheng med sjølvkjensle, meistringstru, stress og einsemd.

På bildet står forsker Hilde Timenes Mikkelsen

Hilde Timenes Mikkelsen er førsteamanuensis ved UiA. Ho meiner det er viktig å få innsikt i livet til dei unge for å forstå dei betre, spesielt i yrke der ein dagleg jobbar med ungdom. Foto: Damares Stenbakk

Redusert livskvalitet under pandemien

– Studien viser at livskvaliteten til ungdommane blir redusert frå 14 til 16 årsalderen, seier ho.

Ein av grunnane kan vera koronapandemien. Dei som hadde sitt første år på vidaregåande hadde redusert livskvalitet eitt år inn i pandemien. Dette samanlikna forskaren med funn frå tidlegare norske studiar og europeiske data.

– Restriksjonane avgrensa ungdommane i ein fase i livet der venner og deira sosiale liv er veldig viktig, seier ho.

Spesielt jenter og mødrer rapporterte lågare livskvalitet og bekymringar rundt koronasmitte samanlikna med gutar og menn. Ifølge Mikkelsen var dei meir bekymra for å smitta familie og venner enn å bli smitta sjølv.

Overraska over gutars sosiale liv

Mykje av hennar data stemmer overeins med tidlegare forsking, som at jentene i stor grad kom dårlegare ut enn gutane i hennar studie. Jenter hadde ofte lågare livskvalitet, meir stress og dårlegare søvn. Dei hadde også langt meir smerter, enten fysiske eller psykiske.

Funna om det sosiale livet til gutane overraska Mikkelsen.

– Vi såg at gutane hadde redusert livskvalitet frå 14 til 16 år. Den låge livskvaliteten var knytt til sosial støtte og vennemiljø.

Forsker Hilde Timenes Mikkelsen står bekymret ute på planen på campus

Mikkelsen har forska på livskvalitet og smerte hos unge. Nokre av funna både overraskar og bekymrar forskaren. Foto: Damares Stenbakk

Meir fysiske og psykiske smerter

Avhandlinga viser også at dei unge og foreldra deira hadde god helsekompetanse, men dei rapporterte ein del fysiske og psykiske smerter.

UiA-forskaren samanfattar resten av funna sine slik:

• Høg helsekompetanse var knytt til høgare livskvalitet. Helsekompetanse betyr å finna fram til og handla ut frå helseinformasjon på ein god måte. Som til dømes god handvask og halda avstand under pandemien.

• Ungdommar som melde at dei hadde fysiske eller psykiske smerter hadde meir stress, lågare livskvalitet, dårlegare sjølvkjensle, lågare grad av meistringstru og opplevde meir einsemd.

• Dei med langvarige smerter rapporterte endå dårlegare når det gjaldt stress, livskvalitet, sjølvkjensle, meistringstru og einsemd.

• Blant ungdommane som hadde langvarige smerter, var det fleire som rapporterte at nokon i familien også hadde smerteutfordringar.

• Ein del unge bruker smertestillande sjølv om det ikkje var høge nivå av smerte. Det same gjaldt foreldra deira. Det kan tyda på at smertestillande brukas på feil måte.

Doktorgradsarbeidet til Mikkelsen er ein del av UiAs forskargruppe kalla Heifa, som forskar på helsefremming i eit familieperspektiv.

Forskaren meiner vi veit for lite om korleis norsk ungdom har det i dag.

– Unge skal oppleva at dei kan meistra livet. Vi ser at blant anna skulen kan skapa mykje stress for dei unge. Derfor må fleire tora å ta den praten med dei om korleis ein kan hjelpa dei å meistre kvardagen, seier Mikkelsen.