Universitetsstyret har hatt sitt første møte i den nye rektor- og styreperioden.
Styret samla seg til eit todagars seminar som vart avslutta med universitetsstyremøte i Mandal.
Den første dagen gjekk med til å gi styremedlemmene ei innføring i dei viktigaste delane av universitetsverksemda, og å sjå framover på både dei moglegheitene og utfordringar universitetet står overfor.
*Kunnskapsdepartementet skal supplere styret med ytterlegare éin ekstern medlem då ein utnemnd medlem har trekt seg.
Dei sakene det nok knyter seg mest spenning til er tilsetjing av sju nye dekanar for perioden 2024-2027. Dekanane er øvste leiar i fakulteta og Avdeling for lærarutdanning frå nyttår.
Tilsetjing vart vedteken i alle sju stillingane, og universitetet reknar med å offentleggjere desse i løpet av nokre dagar på uia.no.