Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Det er for mange reglar i barnehagen

Mange av reglane i barnehagen er til for dei vaksne, men forskar Lisbeth Ljosdal Skreland er mest overraska over at barnehagar framleis praktiserer timeout og flyttar barn som bryt reglar bort frå plassen sin.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjonsbilete frå Colourbox: Barn som kranglar.
Det er ikkje er nokon grunn til å tru at barn vert mindre urolege av straff. (Illustrasjonsbilete frå Colourbox)

— Det er gammaldags å kommandere barn til å flytte pult, ta timeout i ein skammekrok eller gå på gangen når dei bryt reglar. Integriteten til barnet vert da sett til side for å stadfeste ein regel, og da vert barnet mindre verdt enn regelen, seier Skreland, førstelektor og forskar ved Universitet i Agder (UiA).

Skreland disputerer i desse dagar med ei doktoravhandling om reglar i barnehagen. Gjennom 9 månader har ho samla inn reglar og gjort feltobservasjonar i 3 barnehagar. Ho har intervjua 13 barnehagelærarar og 30 barn i alderen 3-5 år. I tillegg har ho snakka uformelt med assistentane og dei andre i barnehagen.

Flyttar urolege barn

Førstelektor Lisbeth Ljosdal Skreland på sitt kontor.

Førstelektor Lisbeth Ljosdal Skreland meiner reglar i barnehagen er nødvendig og synest det er gamaldags med timeout og flytting av ungar som er urolege.

Alle barnehagane ho undersøkte, praktiserte timeout og flytting av urolege barn. Tilsnakk og rettleiing er den vanlegaste forma for sanksjon, flytting av barnet den nest vanlegaste, og det meiner forskaren er problematisk. Ho viser til eit klassisk døme frå forskinga til Åsa Bastholm: Barna var fullt klar over at dei fekk timeout og vart flytta på ein annan stol viss dei braut reglane, men dei var óg klar over at det var Daniel som oftast vart flytta til den stolen. Derfor meinte også ungane at det var stolen til Daniel. 

— Ungane eg intervjua liker ikkje timeout og flytting. Dei meiner det er urettferdig. Eg trur dette må vere ein straffemetode som har vunne innpass i barnehagen etter desse nanny-programma på TV, seier Skreland.    

Nanny-programma praktiserer timeout i stor grad. Skreland meiner dette er gamaldags Skinner-pedagogikk og behaviorisme av verste sort, der ein trur at ein får endra oppførselen til folk med enkle stimuli. Ho seier det ikkje er nokon grunn til å tru at barn vert mindre urolege av straff. 

Forskaren understrekar derimot at det både er vanleg og heilt på sin plass med sanksjonar av regelbrot, og minner om at barnehagane praktiserer både positive og negative reaksjonar overfor ungane. Du får ros for rett oppførsel og vert snakka til når du gjer noko gale.

Ny debatt om barnehagen

Skreland har arbeidd 18 år i barnehage før ho vart forskar på UiA, og etter hennar oppfatning er det først dei seinare åra det har vore mogleg å kome med relevant kritikk av barnehagen. I 2006 kom lova om rett til barnehage, og før den lova var ikkje tida moden for nokon reell debatt om innhaldet i barnehagen.

— Dersom vi kritiserte barnehagen i 1990-åra, vart vi alltid møtt med motargument om at det ikkje var noko betre å vere heime, seier Skreland.

Ho minner om Christian Bech og hans kritikk av barnehagen i 90-åra. Han sa mellom anna at det er synd på ungane i barnehagen. Bech fekk stort sett motbør i media. Den gongen gjekk det ikkje an å snakke om at det fanst gode og dårlege barnehagar. No er debattklimaet annleis, og det er bra for barnehagen.  

— Vi vert ikkje betre om vi ikkje ser på praksisen i barnehagen med eit kritisk blikk. No kan vi endeleg diskutere kvaliteten på innhaldet i barnehagen, seier Skreland. 

Doktoravhandlinga hennar er også eit bidrag i så måte. 90 prosent av barna under skulealder går i barnehagen her i landet, og doktoravhandlinga til Skreland er blant dei få som har forsøkt å vise kva for reglar og verdiar dei møter i barnehagen.  

Reglar sikrar tryggleik

Ho har delt reglane inn i tre overordna kategoriar: reglar som sikrar tryggleiken til barna, reglar for rom (stader) ute og inne og reglar for samhandling og samarbeid. 

Tryggleiksreglane er dei viktigaste, i følgje forskaren. Dei viser tilbake til viktige verdiar som omsorg og det å ta vare på liv og helse. Andre reglar har ikkje alltid like god grunngjeving. Nokre av dei liknar mest av alt på ordensreglar som hjelper til med å halde system og struktur i barnehagen.  

— Reglar for samhandling har også djupare eksistensielle verdiar som grunnlag. Du skal ikkje slå og du skal ta alle med i leiken er reglar med eit godt grunnlag i menneskeretter og sosialdemokratiske haldningar om å inkludere alle, seier Skreland. 

Sike reglar står til debatt, og innimellom oppstår situasjonar der ein må forhandle om kva for reglar ein skal manøvrere etter, for etter menneskerettane har du også rett til å vere i fred og leike med den du vil.

Skreland fann færre reglar under leiken, men straks dei vaksne er involvert slår regelverka inn, til dømes under måltid og samlingsstundar.

— Dei vaksne styrer og kontrollerer barna på dei vaksne sine premiss, seier Skreland.

Stadfestar mistanken

Studien har stadfesta mistanke hennar om at barnehagen er regelstyrt, men ho er mildare stemt til reglane i dag enn før. Ho finn gode grunnar til at det finst reglar som strukturer  kvardagen for barn og vaksne.

— Mange av reglane i barnehagen er først og fremst til for å lette kvardagen til dei vaksne i barnehagen, men nokre av reglane er også forankra i viktige verdiar, til dømes at ein har ansvaret for barn som ikkje er eins eigne, seier Skreland.  

Ho understrekar at ho har stor tru på at barnehagane utviklar seg i riktig retning.

— Vi treng varme og gode barnehagelærarar. Mange av dei eg møtte i dette arbeidet, kunne snakka strengt og irettesetjande til barna, men dei snakka vennleg, varmt og med kjærleik i stemma også når dei var strenge, seier Skreland.