0
Hopp til hovedinnhold

Det avgjerande første studieåret

23 studentar er tilsett som faglege coachar ved studieprogramma på Fakultet for teknologi og realfag. Coachane har ansvar for eigne studentgrupper som dei skal følgje heile studieåret. Målet er å hjelpe førsteårsstudentar å oppleve meistring og lykkast som studentar ved universitetet. 

Gruppebilde av 23 nytilsette coachar
23 erfarne studentar frå Fakultet for teknologi og realfag er tilsett som faglege coachar for sine medstudentar.

Coachane er engasjerte i 20 prosent stilling og er ein del av «First Year Study Environment» (FYSE) som blei sett i gong ved studiestart. Ordninga er eit pilot-prosjekt på alle studiar ved Fakultet for teknologi og realfag ved UiA Campus Grimstad. 

FYSE-prosjektet liknar på ei fagleg fadder-gruppe som følgjer studentane heile året. I august blei om lag 460 studentar delt inn i grupper på ti og ti. FYSE er ikkje obligatorisk, men mange av studentane ser føremonen i dei jamnlege møta. 

Dårleg oppmøte på undervising

Studietal syner at fråfallet er stort det første året og spesielt første semester. Fakultetet ynskjer å hindre dette, og få fleire studentar til å fullføre studia sine. Gjennomføringa av FYSE-prosjektet heng derfor tett saman med innhaldet på forelesingar og øvingar i studia. 

– Det er viktig å få studentar til å møte til undervising. Dette vil bidra til at fleire fullfører første år og resten av løpet i utdanninga si, seier Michael Rygaard Hansen, dekan ved Fakultet for teknologi og realfag. 

Michael Rygaard Hansen er dekan ved Fakultet for teknologi og realfag og initiativtakar for FYSE-ordninga.

Michael Rygaard Hansen er dekan ved Fakultet for teknologi og realfag og initiativtakar for FYSE-ordninga.

Rygaard Hansen er initiativtakar til pilot-prosjektet. Han fortel at mange studiar ved campus Grimstad opplever færre studentar i undervising og til dei tilhøyrande øvingane. Studentane held seg i staden heime og føljer strøyming på nett om det finnast.  

Skapar møteplass og nettverk

– Det er blitt ein kultur ved mange studiar at studentane ikkje møter opp til undervising. På mange studiar er det ikkje noko kultur for kollokvie-grupper. Samtidig ser vi ei utvikling i fråfall ifrå studentar som studerer for første gong. Vi trur derfor at FYSE-gruppene er ein fin møteplass for studentar til å skaffe seg nettverk, danne grupper til gruppearbeid og få fagleg rettleiing av erfarne studentar på eige studieprogram, seier Rygaard Hansen. 

Coachane i FYSE-gruppene skal få tak i data om kvifor studentar sluttar på studiet. Om nokon av studentane ikkje møter til gruppesamlingane skal coachane notere dette, ta kontakt om årsak til fråvær og motivere studenten til å møte opp veka etter.  

Oppfølging

– For mange er det eit enormt sprang å begynne og studere. Dette gjeld enten du kjem direkte ifrå vidaregåande skule eller om du omskulerar deg frå tidligare yrke. Mange kjenner ikkje til korleis ein skriv oppgåver, byggjer nettverk, lager framdriftsplan eller jobbar i grupper, seier Rygaard Hansen. 

I FYSE-ordninga skal studentane bli betre på studiestrategi og eiga læringskompetanse. Coachane får gruppene til å møtast minst ein gong kvar veke og føljer der opp studieverktøyet «PER-strategi». «PER» står for «Plan, Execute and Reflect». 

Gjennom møta vert studentane følgt opp i utarbeiding av eigen PER-strategi. Kvar veke skal studentane seie noko om eiga meistring og motivasjon den siste veka. 

Coachen får følgt opp dei studentane som har utfordringar og kan rapportere vidare tilbakemeldingar til undervisarane som dei får inn ifrå studentane. 

Gjer gruppearbeid enklare

Eit av dei viktigaste formåla med coachane er å få studentane til å føle seg sett og skape eit trygt fellesskap. 

Franziska Vogler er masterstudent i multimedieteknologi og -design og coach for to FYSE-grupper på si studielinje. Ho koordinerer også dei andre coachane på si linje. Vogler fortel at dei får mange gode tilbakemeldingar frå studentane om at dei set pris på ordninga. 

– Gruppene er nyttige både fagleg og sosialt. Med FYSE-gruppene treng ikkje studentane leite etter nokon å gjere gruppeoppgåver saman med – dei er allereie på plass, seier Vogler. 

Franziska Vogler er ein av dei 23 coachane som er tilsett for å hjelpe førstårsstudentar å lykkast med studiane.

Franziska Vogler er ein av dei 23 coachane som er tilsett for å hjelpe førstårsstudentar å lykkast med studiane.

Gruppene blir brukt til alt gruppearbeid i studiane. Alle innleveringar, lab- og prosjektarbeid jobbast med i FYSE-gruppa. Krev faget eller oppgåva mindre gruppestørrelsar, så kan FYSE-gruppa bli delt.

Om dei har tid oppmodar ordninga også coachen til å skape andre faglege og sosiale tilbod til gruppa si. Det har til dømes utvikla seg eit miljø for konkurransar i FYSE-gruppene og mellom gruppene. 

– I FYSE-gruppene i multimedia konkurrerer vi blant anna om frammøte og studiepoeng. Vi har i tillegg ein konkurranse gåande om kven si gruppe som et flest pizza’ar dette semesteret, seier Vogler. 

Gode tilbakemeldingar

Ei undersøking som blei gjennomført i september viser at 85% av studentane føler seg godt teke vare på ved studiestart. Rygaard Hansen fortel at coachane får tett kontakt med studentane.

– For fakultetet betyr det at vi har ein coach for kvar 10. student. Dette gir ein god plattform for dialog mellom studentane og oss, og gjer det lettare å sjå kvar student. Det er kort veg til ein undervisar eller ressursperson om nokon trenge svar på noko eller hjelp til noko, seier Rygaard Hansen. 

Nora Maria Becker er 1. års-student i multimedia og design og deltakar i ei av Vogler sine FYSE-grupper. Ho fortel at ho får mykje igjen for å delta i gruppene ettersom coachane kan svare på spørsmål og gi tilbakemeldingar om faga eller undervisarane. 

– FYSE-gruppa er ei god blanding av det faglege og det sosiale. Ordninga har gjeve meg ei gruppe med medstudentar som eg kan jobbe med oppgåver saman med. Samstundes har gruppa gjort overgongen til universitetet og studiar lettare, seier Becker. 

Vil starte tidligare neste år

Rygaard Hansen fortel at coachane har vore dyktige til å skape eit trygt fagleg og sosialt fellesskap for studentane. 

– Utan dyktige coachar ville ikkje prosjektet fungert like bra. I tillegg er mykje av suksessen med ordninga på grunn av ekstraordinær innsats frå prosjektleiar Andreas Wæhle, tidligare prosjektleiar Morten Rudolfsenadministrativ leiar Leif Arne Løhaugen og fagansvarleg for PER-strategi Halvard Øysæd. Då prosjektet starta var ikkje alt på plass, og mykje blei til på kort tid takka vere dei, seier Rygaard Hansen. 

Han fortel at dei ynskjer å gjere noko annleis neste år. Dei skal starte tidlegare med rekruttering og dermed få betre og meir tid til opplæring av coachane. Ved semesterstart i august 2019 vil også faddergruppene på fakultetet være dei same som FYSE-gruppene. 

– Dei vil med dette berre vere ei gruppe heilt ifrå første dag ved UiA, seier Rygaard Hansen. 

Send studiet på mail