Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Byggestart for to nye toppetasjar i mai og juni 2020

I slutten av mai riggar entreprenørfirmaet BRG seg til på Campus Kristiansand for å bygge nye toppetasjar på fakultetsbygga H og I. Utbygginga til nær 100 millionar kroner skal vere klar til innflytting i mai/juni 2021.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Paal Kulien på campus Kristiansand, foto
NYE TOPPETASJAR: Bygg H og I (bakarst) får nye toppetasjar i løpet av det neste året. UiA sin prosjektleiar Paal Kulien fortel at byggestart blir i mai. (Arkivfoto)

Det er klart etter at Statsbygg no er ferdig med kontraktsinngåinga i prosjektet, og gjennomføringsfasen er i gang. Kontraktvinnaren er det sørlandsbasert entreprenør- og eigedomsutviklingsselskapet BRG.

– Det skal bli fint å komme i gang. Det har lenge vore eit ønske om å utvide òg dei to siste fakultetsbygga på Campus Kristiansand med kvar sin nye toppetasje. Og no har vi byrja det konkrete arbeidet med nettopp det, seier prosjektleiaren i universitetet for utbygginga, eigedoms- og forretningsutviklar Paal Kulien.

Det er vekst i studenttal og tilsette som gjer at Statsbygg no utvidar bygningsmassen sin i Kristiansand. Universitetet har i dag om lag 13 000 studentar og 1400 tilsette, mot 7500 studentar og 700 tilsette i 2001 då Campus Kristiansand stod ferdig.

Miljøvennlege løysingar

Dei to nye toppetasjane blir på nær 850 kvadratmeter kvar, hovudsakleg i form av kontor og fellesareal. I tillegg får bygga kvar sin tekniske etasje på nær 170 kvadratmeter kvar.

Det er i planlegginga òg lagt vekt på at bygga får i seg miljøvennlege løysingar som solcellepanel på taka og optimalisert oppvarming. I tillegg samarbeider UiA med Statsbygg, som er byggherre, om å få til bruk av miljøvennlege materiale for å redusere klimaavtrykket.

Arkitekt for nybygga er Trollvegg Arkitektstudio i Kristiansand, og Cadi AS er interiørarkitekt. På utsida vil dei to nye toppetasjane bli tilpassa den andre stilen og arkitektoniske uttrykket på campus.

Sjå òg: Feiret ferdige toppetasjer

Utforma i samråd med tilsette

I forarbeidet er det lagt stor vekt på å inkludere tilsette i korleis etasjane skal vere innvendig, inkludert kontorfasilitetar, møterom og felles soner.

– Planteikningane er i stor grad utforma i samråd med institutta som skal opp i etasjane. I H-bygget er det Institutt for sosiologi og sosialt arbeid, og I-bygget er det Institutt for idrettsvitskap og kroppsøving, som hovudsakleg skal flytte opp i nye flotte lokale, seier prosjektleiar Paal Kulien.

Han fortel at det i planleggingsfasen har vore samlingar der alle rørte tilsette har vorte invitert til å delta.

– Vi fekk i den delen av prosessen hjelp av konsulentane som hjelper oss i arbeidet med Campusutviklingsplanen for å sjå om vi kunne oppnå nokre synergiar mellom byggeprosjektet og planen, seier han.

Det har òg vore halde workshops med ein open agenda der tilsette har vorte bedt om å gi tilbakemelding på kva arbeidsoppgåver dei har og som den nye etasjen skal vere med å understøtte. Deretter har det vorte framlagt ein rom-meny som kan vere med å understøtte dei ulike arbeidsoppgåvene dei har.

– Då vi har eit gitt areal, og dessutan ein del statlege føringar rundt arealbruk, har brukarane fått i oppgåve å prioritere kva rom dei ønsker i etasjane. Dei tillitsvalte har òg spelt ei viktig rolle i denne prosessen, seier Kulien.

Ulike val i ulike bygg

Denne prosessen har ført til to ganske ulike planløysingar, der brukarane i H-bygget har prioritert større enekontor, medan ein i I-bygget har ønskt å sjå kva for nokre fleire fellesfunksjonar dei får ved å redusere kontorstorleiken, utan at det skal gå ut over studentrettleiing og moglegheit for å lukke døra når det blir kravd.

– Vidare no blir det jobba no saman med brukarane om møblar og anna kontorinnhald i dei nye areala, seier han

Femte store utviding sidan 2011

Utbygginga av to nye toppetasjar kjem i kjølvatnet av tre andre fakultetsbygg på Campus Kristiansand som fekk kvar sin påbygde nye toppetasje tidlegare i år. Desse gav universitetscampusen i Kristiansand ca. 3000 nye kvadratmeter kontor- og undervisningslokale. I 2011 kom Sigurd Køhns hus i tilknyting til Fakultet for kunstfag, 2013 overtok UiA Kunnskapsparken og i 2017 ble Naturmuseum og botanisk hage en del av UiA. I tillegg vart det i 2015 gjennomførte eit mindre prosjekt på I-bygget som tilførte bygde 200 kvadratmeter i to etasjar.

Oversikt over kontorplasser, illustrasjon

H-BYGGET: Planteikninga av ny toppetasje på Bygg H. Den nye etasjen består av 6 tremannskontor, 4 tomannskontorer, 25 enekontor, 1 sosialsone (caféområde), 1 fleksirom (lounge, uformelle møte), 2 møterom, 7 multirom og 1 venteareal.

Oversikt over kontorplasser, illustrasjon

I-BYGGET: Planteikning av ny toppetasje i Bygg I. Den nye etasjen får 2 kontor for 4 personar, 6 kontor for 3 personar, 1 kontor for 2personer, 25 enekontor, 1 sosial sone, 1 fleksirom, 3 møterom, 7 multirom og 1 venteareal.