0
Hopp til hovedinnhold

Bygde ein «Flåklypa»-racerbil under koronaen

I to år har totalt 100 studentar jobba under strenge koronarestriksjonar for å gjere ferdig racerbilprosjektet til studentorganisasjonen Align Racing.

Studentane Henrik Brådland, Eirik Strandman og Therese Waldal Aarstad i studentorganisasjonen Align Racing UiA.
Henrik Brådland, Eirik Strandman og Therese Waldal Aarstad, saman med fleire andre studentar, har jobba i tallause timar i to år med racerbilen «AR20/21 Boomerang Rapido».

Racerbilen er inspirert av bilen til Blodstrupmoen, ein av karakterane frå den norske Ivo Caprino-filmklassikaren Flåklypa.

- Vi har gjennomført Flåklypa-temaet vårt heile vegen, som vi òg har brukt på to tidlegare bilar. Vi hadde planlagt å bli ferdig april i fjor, men på grunn av korona og utfordringane som følgde med vart prosjektet forlengt, seier Henrik Brådland, leiar for sensor og data i Align Racing.

Align Racing er ei tverrfagleg studentorganisasjon ved UiA. Organisasjonen blir finansiert av universitetet, investeringsselskapet JB Ugland og fleire sponsorar. Den blir difor driven som ein seriøs bedrift med organisasjonsstruktur, møteverksemder, framdriftsplan, budsjett og medarbeidarsamtalar.

- Visjonen vår er teori i praksis, uansett kva du studerer. Dette er ein arena der folk frå fagfelt som økonomi, innovasjon, ingeniør, marknadsføring eller HR, skal få praksis på fagområda sine. Men også ein arena der det er rom for å feila og læra, seier Brådland.

Henrik Brådland (frå venstre) er leiar for sensor og data i Align Racing, og Eirik Strandman har hatt ansvaret for kontrollsystemet til racerbilen. Her får dei brukt kunnskapen frå mekatronikk-studiet ved UiA.

Henrik Brådland (t.v) er leiar for sensor og data i Align Racing, og Eirik Strandman har hatt ansvaret for kontrollsystemet til racerbilen. Her får dei brukt kunnskapen frå mekatronikk-studiet ved UiA.

Oppkalla etter norsk klassikar

Frå august 2019 og til i dag har dei jobba for å få ferdig racerbilen «AR20/21 Boomerang Rapido», som dei har oppkalla etter bilen til Blodstrupmoen i Flåklypa-filmen.

- Grunngivinga til namnet er den tilfeldige likskapen som bilen har i både utforming og farge, seier Henrik Brådland.

Studentorganisasjonen Align Racing byggjer i teorien ein ny racerbil kvart år. Då dei starta på racerbilen i 2019, ønskte dei å forbetre den førre bilen: Dei har gjort racerbilen 20 kg lettare, fått betra grep på bakhjula, og bygd element som gjer at bilen kjøyrer endå raskare.

- Vi har gjenbrukt mykje av systemet frå førre bil, og heller gjort alt sterkare og betra til å kunna prestera best mogleg på racerbanen, seier Brådland. 

- Når vi har fått til dette under pandemien, er det fordi vi er eitt godt team. Vi var ivrige og vi har alltid funne løysingar. Vi har rullert med kohort på fem av gongen og planlagt digitalt alle detaljar, seier Therese Waldal Aarstad, prosjektleiar i Align Racing.

Therese Waldal Aarstad studerer innovasjon og kunnskapsutvikling ved Handelshøgskulen UiA, og er prosjektleiar i Align Racing.

Therese Waldal Aarstad studerer innovasjon og kunnskapsutvikling ved Handelshøgskulen UiA, og er prosjektleiar i Align Racing.

Ettertrakta i arbeidsmarknaden

Trass i restriksjonar, har totalt 100 studentar frå 15 ulike studiar vore involverte i årets prosjekt.

Mekatronikk-student Eirik Strandman har hatt ansvaret for kontrollsystemet til bilen. Han framhevar den praktiske delen av å driva studentorganisasjonen, som ein nøkkel til å få fast arbeid etter studiane.

- Eg har tidlegare jobba som mekanikar i industrien. Der viser det seg ofte at teorien ikkje fungerer i praksis. Dei nyutdanna ser ut til å ha hatt for mykje teori og for lite praksis under utdanninga. Det beste med dette prosjektet er at du får god praksis undervegs og erfarer kva som fungerer og ikkje, seier Strandman.

- Erfaringa er ettertrakta i arbeidslivet når du søker jobb seinare. Personleg har eg no fått fast jobb som ingeniør i teknologiselskapet Voca. Align Racing har heilt klart bidratt til at eg fekk jobb, seier Henrik Brådland.

Sosial arena

Målet for prosjektet har vore å delta i ein anerkjent racerbilkonkurranse i England denne sommaren, saman med 300 andre studentar frå heile verda. Og med dommarar frå prestisjefylte bilmerke, som Bentley. Men konkurransen er i år som i fjor avlyst på grunn av koronaen. 

- I staden skal vi være med å organisera ein eigen racerbil-konkurranse. Ein sosial arena med engasjement frå norske studentar, seier Therese Waldal Aarstad.

Difor held dei no å få ferdig dei aller siste detaljane på verket. Tanken er at neste kull skal overta bilen til haustsemesteret. Og forhåpentlegvis vidareføra tradisjonen i Flåklypas ånd.

Synest du Align Racing høyrest spennande ut? No treng dei fleire leiarar og medlemmar til hausten. Du kan vera med å utvikla ein racerbil ved å senda ein søknad til: apply.alignracing.no

Flåklypa-temaet går igjen i oppbygginga og valen til bilen av fargane: Gul og svart slik som Blodstrupmoens bil i filmen. No legg dei siste hand på verket, for å gjera den klar til nye studentar i august.

Flåklypa-temaet går igjen i oppbygginga og valen til bilen av fargane: Gul og svart slik som Blodstrupmoens bil i Flåklypa. No legg dei siste hand på verket, for å gjera den klar til nye studentar i august.