Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Bidrar til betre integrering i Europa

Når forskarar frå EU og UiA hentar fram gamle konfliktar i Europa og ser korleis dei verte framstilte i dag, er det for at barn og unge skal kunne leve betre saman i morgon.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fra krigen i på Balkan, foto
FRÅ KRIGEN PÅ BALKAN: Forskingsprosjektet er eit bidrag til at neste generasjon barn og unge i Europa kan vekse opp med større innsikt i kor farleg fortidas konfliktar kan være for nye enn sine foreldre. Her frå krigen i det tidlegare på Jugoslavia i 1992 – 1999. (Foto: Scanpix)

 Etter at vi alle har arbeidt med kvart vårt tema i eit halvt år nå, startar prosjektet verkeleg å ta form. Det styrker også trua på at vi kan få fram ny kunnskap gjennom forsking som kan føre til betre integrasjon i Europa på sikt.

Det seier dosent Kenneth Andresen ved UiA sitt institutt for nordisk og mediefag, som nylig kom heim frå det første halvårsmøtet i Horizon 2020-prosjektet RePAST i Brussel. Det treårige prosjektet, som EU-kommisjonen støttar med 2,5 millioner euro, fokuserer på korleis gamle konfliktar i Europa blusser opp igjen med ujamne mellomrom og splitter meir enn inkluderer menneska som vert rørt av dei.

Forskerne i Brüssel, foto

I BRÜSSEL: Ei rekke av forskarane i RePAST-prosjektet vart samla i Brüssel nyleg for å verte betre kjent med kvarandre. Foran: Prosjektleiar Dimitra Milioni. Frå venstre: Rok Zupančič, Vasiliki Triga, Abit Hoxha, Julia Transprunger, Alexandros Coronakis, Irene Martin, Anke Fiedler, Konstantinos Vadratsikas, Ioanna Kelepouri, Agata Zborowska , Simon Egenfeldt-Nielsen, Suren Manukyan, Kenneth Andresen, Katarzyna Bojarska, Dirk Moses, James Sweeney og Adrian Murphy.

Fortidas konfliktar i dag

Det felleseuropeiske forskingsprosjektet, som er etablert etter initiativ frå nettopp Kenneth Andresen og UiA, saman med forskaren Abit Hoxha frå Kosovo, består av heile 26 forskarar frå åtte land i Europa samt en større ekspertgruppe av diplomatar, EU-byråkratar, tidlegare FN-arbeidarar og tids- og stadvitne frå land med interne konfliktar.

Saman ser dei nærare på korleis konfliktdiskursar forankra i fortida, kjem opp og verte brukt og verkar på konfliktar som held på  i dag, og korleis dette påverkar den europeiske integrasjonen som står sentralt i tanken om et felles EU.

Kenneth Andresen og Abit Hoxha, foto

FEKK IDEEN: Dosent Kenneth Andresen frå UiA og Abit Hoxha frå Kosovo fekk ideen til forskingsprosjektet som EU-kommisjonen ser på som viktig for europeisk integrasjon.

Ikkje minst er de opptatt av korleis barn og unge i dag kan påverkast av slike diskursar.

 Vi ønsker kort fortalt å sjå på ei rekke aspektar når det gjeld korleis fortida vert synleggjort inn i notida og videre brakt inn i framtida. Vi gjer  det ikkje for å skape ei felles forståing av fortida, men for å skape eit betre klima for å forstå fortida og korleis ho skil – og einer – oss. Og vi ønsker å gjere det slik at ikkje minst den oppveksande slekt betre kan sjå korleis fortidas konfliktar ikkje alltid må være med på å skape konfliktar som oppstår i dag, seier Kenneth Andresen.

300 000 drepne i krigane på Balkan

Kypros, Tyskland, Polen, Hellas, Bosnia, Kosovo, Irland og Spania, som RePast studerer, er døme på land som opplever konfliktdiskursar av typen forskargruppa ser nærare på. Her har politisk og økonomisk uro potensiale i seg til å splitte meir enn å samle - både i de enkelte landa og i EU.

Fra møterom i Büssel, foto

SAMARBEID: Frå syninga av arbeidspakkane på prosjektet sitt fyrste halvårsmøte i Brüssel.

Eit særs sterkt døme på korleis gamalt grums vert brukt om igjen, er Bosnia og Kosovo i det som før var Jugoslavia. Der greip partane i krigen i 1991 – 1999 heilt tilbake til mellomalderen i sin hat-retorikk mot kvarandre. Anslagsvis 300 000 menneske vart drepen i konflikten, og fleir enn ein million vert driven på flukt.

 Dette viser kor galt det kan gå. Og det understrekar kor viktig det er at det ikkje skjer igjen. Vårt mål er derfor å undersøke korleis samfunna i Europa handterer konflikthistoriene frå si fortid i dag; korleis desse dukkar opp frå fortida og verkar på samhald og europeisk integrasjon i dag. Vår forsking vil sjølvsagt ikkje løyse alt, men det er eit bidrag til meir kunnskap og økt forståing som kan bidra i ei positiv retning, seier Kenneth Andresen.

Fekk idéen etter NATO-jobb

Forskarar frå Hellas i sør til Noreg i nord er med i prosjektet, som vert utvikla frå idé til prosjekt av nettopp Kenneth Andresen saman med seniorrådgjevar Hilde Inntjore ved universitetet si forskingsadministrative avdeling. Grunnidéen fekk Andresen allereie i 1999, da han var i Kosovo som presseoffiser for NATO.

Kenneth Andresen presenterer arbeidet, foto

PRESENTERAR ARBEIDET: Dosent Kenneth Andresen (bilete) og dei andre deltakarane la fram kva dei skal arbeide med dei nest tre åra då dei møttest i Brüssel nyleg.

 For meg, som då arbeidde med journalistikk, var det veldig tydeleg korleis alle sidene i konflikten drog fram historier om gammal urett for å legitimere framstillingar av det som skjedde i dag. Det gjaldt både media, politikarar og andre. Der det kunne virke, ble til dels svært gamle saker som mange ville trudd var verdilaus i dag, løfta fram og brukt for alt kva i vart verd. Slik vert fiendebildet meir tydeleg og hat vert festa og grunngjeven, seier han.

– Det var der nysgjerrigheita vart vekka for korleis dette kunne skje, og også korleis det kunne verke inn på barn og unge som vaks opp med dette.

Etter NATO-tenesta fortsette Andresen å arbeidde med journalistiske tema i Kosovo, både som lærar og forskar. Arbeidet leia fram til ein doktoravhandling i 2015, der fokus var journalistikkens historiske utvikling på Balkan, med særs fokus på den daglege praksisen og potensiale i den i Kosovo etter krigen der.

Utvikla på UiA

Først etter at doktoravhandlinga var levert, tok han opp igjen tanken om korleis og kvifor gamalt grums så å seie alltid kjem fram igjen og skapar auka splid i gryande og pågåande konfliktar. Med seg i dette hadde han Abit Hoxha, som han vart blitt kjent med gjennom opphald og arbeid i Kosovo, og som i dag er knytt til UiA sitt institutt for nordisk og mediefag. Saman med UiA sin forskingsadministrative avdeling og Hilde Inntjore laga dei ein søknad til EU sitt forskingsprogram Horizon 2020.

Dimitra Milioni, foto

– SPANANDE OG VIKTIG: – Det er et særs interessant og spanande prosjekt, dette. Og ekstra spanande er det jo når tema er så viktig som det er, seier prosjektleiar Dimitra L. Milioni, som til dagleg arbeidar ved det teknologiske universitetet CUT på Kypros.

 Det må eg berre seie: Utan administrativ støtte og forskingsavdelinga sin kjennskap til kva moglegheit vi har i EU-systemet, hadde det neppe vore noko av det heile, i alle fall ikkje frå vår side. Hjelpa vi fekk var heilt nødvendig  i forhold til det å diskutere idéen, utvikle prosjektet og sende ein søknad, seier Kenneth Andresen.

26 forskarar frå 16 universitet i Europa

Gjennom samarbeidet med universitetet si forskingsadministrative avdeling blei det også klart at prosjektet ville tene på å verte leidd av andre enn Kenneth Andresen. Det måtte leiast av en person med meir røynsle i prosjektleiing enn det han hadde.

Abid Hoxha og Kenneth Andresen, foto

GIR RÅD: Når forskingsprosjektet er ferdig i 2021 vil resultata danne grunnlaget for råd til EU-kommisjonen om korleis ein kan arbeide for betre integrasjon i Europa. Her er forskarane knytt til UiA, Abid Hoxha og Kenneth Andresen, utanfor kommjsjonen sitt bygg i Brüssel.

 Då vi forsøkte å sette saman ei internasjonal prosjektgruppe med forskarar henta frå eige og andre sine nettverk, vart det fort tydeleg at prosjektet burde verte leidd av dr. Dimitra L. Milioni frå det teknologiske universitetet CUT på Kypros. Vi spurte henne, og ho sa heldigvis ja til det.

Etter det kom også dei andre forskarane med. I tillegg er den danske pedagogiske spelutviklaren Serious Games Interactive inkludert, med eit særskilt ansvar for å formidle resultata frå forskingsprosjektet til barn og unge i Europa.

UiA  journalistikk og sosiale medium

Sjølve forskingsarbeidet er organisert i sju arbeidspakker som, inkludert prosjektleiing, er knytt opp mot kvart sitt europeiske universitet:

  • Project Management - Det teknologiske universitetet på Kypros (CUT)
  • Troubled Pasts in Official and Oral History – Aristoteles-universitetet i Thessaloniki·        
  • Troubled Pasts in Journalistic and Citizen-Led Media – Universitetet i Agder og Ludwig-Maximilian-universitetet I München
  • Troubled Pasts in Arts and Culture – Wiew – v. Universitetet i Waszawa
  • Troubled Pasts in Political Discourses, Attitudes and Policies – UAM-universitetet I Madrid Madrid
  • Dissemination, Innovation and Policy Recommendations – Versalius-universitetet i Brussel
  • Ethics requirements – Det teknologiske universitetet på Kypros (CUT)

 På Universitetet i Agder skal vi først og fremst kartlegge kva rolle journalistikk og sosiale medium har når det gjeld fortida, og kva for implikasjonar det kan ha for integrasjon i EU. Samstundes skal vi også sjå nærare på kva rolle dagens journalistikk og sosiale medium har i utbreiinga av gamle konfliktar i Europa dag. Vi er gode på denne type forsking, og det er her vi kan gjere ein skilnad og bidra godt inn i det samla prosjektet, seier Kenneth Andresen.

Gir råd til EU-kommisjonen

På det første halvårsmøtet i Brussel i november i år vart dei ulike arbeidspakkane presenterte for eit samla forskarteam for fyrste gong. Utover våren og neste år er det meininga at dei første delresultata frå dei ulike forskingspakkane vil kome.

 Det vert spanande når dei første resultata kjem. Men enda meir spanande vert det når prosjektet rundast av om tre år. Då får vi et heilskapleg bilete og svar på mange av våre spørsmål - og kanskje bidrar vi også til at barn og unge i Europa vil kunne leve betre saman når deira generasjon vert vaksne, seier Kenneth Andresen.