0
Hopp til hovedinnhold

Betongprosjekt gjenbruker restmateriale

UiA bidrar til å utvikle ein metode for å redusere avfall og CO2-utslepp frå betongindustrien. Metoden blir ein del av den nye sirkulærøkonomien i bygg- og anleggsindustrien. 

Illustrasjon av byggeplass
UiA går saman med industribedrifter og SINTEF for å utvikle ein metode for meir miljøvennleg bruk av restmateriale i betongindustrien.

– På verdsbasis står betongindustrien for 5-7 prosent av dei menneskeskapte CO2-utsleppa. Vi skal teste stoffet Reconzeroevo i restbetongen for å bidra til å optimalisere bruken og analysere effektane, seier Rein Terje Thorstensen, dosent ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA.

Prosjektnamnet er RECONC og står for Resirkulert tilslag fra betongslam med CO2-bindende egenskaper. RECONC er eid av bedrifta MAPEI som er kjemileverandør til betongindustrien. UiA er partnar i prosjektet saman med MAPEI, Ølen Betong, Velde Betong, Norcem, Schwenk Norge, Agder Fylkeskommune, Østfoldforsking og SINTEF. Prosjektet har starta opp nå i haust og skal vere sluttført innan 2024. 

Økonomiske gevinstar

Ved slutten av alle oppdrag i løpet av ein vanleg arbeidsdag i betongindustrien kjem lastebilane tilbake til depotet. Då har dei ofte restar av betong igjen i trommelen. Betongblandeverka bruker både mykje plass og tid på å vaske lastebil-tromlar, deretter reinse vaskevatnet for slam og pH-nøytralisere det, og så køyre restmaterialar til avfallsstasjonar. Dette materialet blir brukt til lite anna med dagens teknologi. Tvert imot er det ein kostnad for blandeverka å bli kvitt det. 

Rein Terje Thorstensen er dosent ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA.

Rein Terje Thorstensen er dosent ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA.

Målet er at restbetongen saman med det nye stoffet vil kunne bli til eit materiale ein kan bruke om igjen, og som attpåtil har evne til å binde CO2. Dette vil redusere avfall og utslipp av CO2, slam og tungmetaller. 

I følgje Thorstensen bruker dei eigentleg ikkje omgrepet «avfall» lenger. 

– Vi snakkar meir om å utnytte ressursar, seier han.

Dersom industrien klarer å utnytte restressursen av betong frå lastebilane vil ein både spare miljøet og få økonomiske gevinstar. 

– Industrien vil kunne spare både tid og ressursar med å køyre avfall ut frå depota. I tillegg vil dei få meir gjenbrukbart materiale å ta med seg vidare, seier Thorstensen.

Leiar delprosjekt

UiA spelar ein sentral rolle i alle delar av prosjektet og har hovudansvaret for delprosjekt fem om å formidle resultata til relevante aktørar i næringsliv og forskingsmiljø. 

Byggmiljøet på UiA er særleg gode på analyser av dei små partiklane av sand og stein som ein bruker i sement og betong. Ekspertisen på dette skal dei bruke når dei skal optimalisere gjenvinningsprosessen av betongslam slik at opp mot 90 prosent av slammet kan bli brukbart restmateriale. 

Kvaliteten på restmateriale er også sentralt i prosjektet. Her er UiA sentrale med sin kompetanse på blanding, støyping og testing av kvalitet og levetid for betong. 

– Det er viktig å produsere eit restmateriale i ein god kvalitet slik at det kan bli brukt vidare i andre blandingar, seier Thorstensen. 

Studentar bidrar

Prosjektet blir også ein del av ingeniørutdanninga på UiA som eit godt eksempel på sirkulærøkonomi i bygg- og anleggsindustrien. UiA legg til rette for at studentar frå både bachelor- og masterutdanningane er involverte i forskingsprosjektet. Studentar kan bruke prosessar i delprosjekta som grunnlag for testar og simuleringar. 

– Studentar i prosjekt bidrar til mykje verdifull forsking. Vi opnar derfor opp for at særleg byggingeniør-studentar kan bruke prosjektet og data frå testar til å skrive bachelor- og masteroppgåver, seier Thorstensen.