Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Barnehage-bachelor gir nye moglegheiter

Eit nettbasert studium på UiA let barnehageassistentar ta ei bachelorgrad mens dei fortsatt er i jobb. Studiet er blant dei beste i landet, viser Studiebarometeret.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tore Knutsen og June Guttormsen Stokke, foto
– Å jobbe i barnehage krev mykje, men du får òg mykje tilbake. Det er ikkje verst å få femti klemmar kvar dag når du kjem på jobb, seier Tore Knutsen. Han og June Guttormsen Stokke er snart gjennom studiet Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning ved UiA.

– Eg ville ha vore i eit anna yrke i dag om eg ikkje hadde fått høve til å ta dette studiet. Eg kunne aldri ha slutta i jobben for å studere på fulltid, men no kan eg kombinere ein akademisk grad med arbeid og familie, seier Tore Knutsen.

Han er 39 år gammal, kjem frå Aust-Agder og arbeider i Natvigheia barnehage. For nokre år sidan var han ved eit vegskilje, og ønskte noko meir av arbeidet. Meir utfordringar, meir ansvar. Han ville at arbeidet skulle bety meir for han. Løysinga blei å ta ei bachelorgrad gjennom Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning på Universitetet i Agder (UiA).

Studiet er for personar som arbeider som barnehageassistent eller fagarbeidar og ønskjer å bli barnehagelærar. Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium og kombinerer undervisningsformer som nettførelesingar, rettleia praksis og studiesamlinger med arbeid i barnehagen.

– Eg har allereie starta å arbeide som pedagog i barnehagen. Gjennom studiet har eg vore merksam på korleis jobben blir meir morosam når eg kjenner bakgrunnen for det vi gjer. Eg veit meir om barn generelt, og kan vere med å leggje føringar for arbeidet i barnehagen, seier han.

Populært blant studentane

Ingirid Geirsdatter Heald Kjær, foto

– Mange av studentane har arbeidd fleire år og er etablerte. Det er attraktivt for barne- og ungdomsarbeidarar og barnehageassistentar å ta ei utdanning mens dei arbeidar, seier studieleiar Ingirid Geirsdatter Heald Kjær.

Studiet Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning på UiA er blant dei beste i landet, i alle fall om vi spør studentane som går der. På Studiebarometeret 2018 gir studentane studiet ein score på 4,8, mot eit nasjonalt snitt på 4,0.

Studieleiar Ingirid Geirsdatter Heald Kjær seier studentane liker den tette koplinga mellom teori og praksis, og at dei får kombinere erfaringa dei har frå før med ny kunnskap frå studiet.

Samstundes skjer undervisninga på nett eller i barnehagen der studenten arbeider, og studentane møter til samlingar på UiA tre gonger i semesteret.

– Dei to studiedagane dei har kvar veke skjer i hovudsak gjennom nettbasert undervisning. Det kan vere alt frå videoførelesingar til oppgåver, diskusjonar og studiegrupper. Ein gong kvart semester har vi samlingar i barnehagar med ein faglærer til stades, seier Kjær.

Danningsreise i barnehagen

Tore Knutsen studerer saman med mellom andre June Guttormsen Stokke (40). Ho arbeider i Vågsbygd Fus barnehage, og seier at ho gjer ting på ein annan måte no etter fire år med studium.

– Det er ein unik måte å kunne kombinere studium med arbeid og barn. Vi får prøvd det teoretiske i praksis undervegs, og får ein heilt annan kompetanse på det vi driv med.

Begge dei to studentane er klare på at dei hadde opparbeidd seg mykje kunnskap gjennom å arbeide i barnehagen. Likevel blei studiet ei slags danningsreise for dei, og dei fekk sjå barnehagen med nye auge.

– Det er klart at det har vore tøft å jobbe seksti prosent og studere i tillegg til at ein har ein familie. Det er ikkje ei lettkjøpt utdanning, men det gjer oss dyktige, seier Knutsen.