0
Hopp til hovedinnhold

Banebrytar innan studentforsking

EU-kommisjonen støttar UiA sitt arbeid med å utvikle en ny og kritisk metodelære for studentforsking i kryssingspunktet mellom etnografi, kunst og utdanning.

NY METODELÆRE: Kunstforskarar og- studentar på UiA utviklar nye metodar studentar kan bruke når dei forskar på eigen praksis. Her arbeider dei med filmredigering på fjorårets sommarkurs UiA sitt studiestad Metochi på Lesvos. (Foto: Tormod W. Amundsen)

NY METODELÆRE: Kunstforskarar og -studentar på UiA utviklar nye metodar studentar kan bruke når dei forskar på eigen praksis. Her arbeider dei med filmredigering på fjorårets sommarkurs UiA sitt studiestad Metochi på Lesvos. (Foto: Tormod W. Amundsen)

Det er klart etter at kommisjonen nyleg løyvde 4,5 millionar kroner til det treårige kunstfag-prosjektet ENCOUNTERS – Through art, ethnography and pedagogy gjennom Erasmus+-samarbeidde i EU.

Førsteamanuensis Tormod Anundsen

Førsteamanuensis Tormod Anundsen

Det treårige prosjektet, som blir leda frå Institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikkved Fakultet for kunstfag, blir utført i eit partnarskap mellom tre europeiske universitet og tre praksispartnarar/kunstnargrupper frå Hellas i sør til Noreg i nord.

- Hovudmålet er å utvikle nye og kritiske metodar som masterstudentar i musikk, biletkunst, scenekunst, antropologi, sosiologi og nærskylde felt kan bruke når dei forskar gjennom eigen praksis, seier leiaren for prosjektet, førsteamanuensis Tormod W. Amundsen (biletet).

Saman med førsteamanuensis Anna Svingen-Austestad ved Institutt for visuelle og sceniske fag og rådgjevar Adrian Førde Andersson ved Senter for ung kunst og kultur (FLUKS) utgjer dei teamet frå UiA som deltar i det nye EU-prosjektet.

Kunstbasert etnografi

Prosjektleiaren bruker omgrepet ‘kunstbasert etnografi’ for å beskrive innovasjonen i forskingsprosjektet. Det beskriv ein kombinasjon av ulike erfaringsbaserte forskingsmetodar som studentane blir inviterte til å utforske i eige arbeid, ved å både lære av nyare etnografiske tilnærmingar til kva feltarbeid kan bestå i, stadspesifikke kunstnariske arbeidsmetodar, så vel som pedagogiske perspektiv

- Vi er særleg interessert i måtane desse tilnærmingane overlappar i den undersøkande feltarbeidsfasen av forsking, men også i kva typar data som kjem ut av dette arbeidet, og i korleis ei slik tilnærming til å forske kan verke på dei stadene og folka vi møter gjennom arbeidet, seier han.

Feltarbeid på Lesvos

Sentralt i arbeidet står øya Lesvos i Egeerhavet og UiA sitt studiesenter Metochi. Der vil samarbeidspartnarane arrangere sommarkurs der studentane, med utgangspunkt i ledeordet «møte», utforskar korleis ulike, men overlappande tradisjonar frå etnografisk feltarbeid, kunstbasert forsking og kritiske pedagogikk kan produsere situasjonar og skape nye måtar å bli kjent med, oppleve og engasjere seg i både landskapet, sosiale situasjonar, institusjonar og menneska på øya. Dette siste inkluderer både lokalbefolkninga, turistar og flyktningar.

 - Vi ønsker å finne måtar studentforskarar kan engasjere seg lokalt på, på ein ikkje-representativ måte. Altså ikkje berre gjennom å representere lokale kulturar, men i staden utforske praksis, kunst og forsking som måtar å engasjere seg med, snarare enn å gjere ein studie av, det lokale, seier Tormod W. Anundsen.

METOCHI: UiA sitt studiesenter på Lesvos er i bygningane til klosterannekset Metochi. (Arkivfoto)

METOCHI: UiA sitt studiesenter på Lesvos er i bygningane til klosterannekset Metochi. (Arkivfoto)

Tredelt bakgrunn

Bakteppet for forskingsprosjektet er tredelt. For det første har Fakultet for kunstfag arrangert fire nærskylde sommarkurs på Lesvos tidlegare med til dels dei same partnarane. Gjennom desse har kunstfagstudentar utforska etnografi som utgangspunkt for kunstnarisk forsking. 

- Kursa har vore så vellykka at vi har ønskt å gå vidare. Og det er det vi no gjer i dette EU-støtta prosjektet, seier Anundsen.

For det andre står medvitet om kor viktig det er å ha ei kritisk haldning til makta til forskaren sentralt – til og med studentforskarens – når han eller ho intervenerer lokalt.

- Dette ser vi tydeleg innan etnografisk forsking. Men det er òg eit tema i debattar innan kunstfaga.

Stadspesifikk og sosial kunst

I kunsten er dette særleg framme i samband med stedspesifikk og sosial kunst der ein møte 'det lokalet' og 'det verkelege'. Særleg der liva og forteljingane til andre menneske blir brukte som kunstnarisk materiale.

Pedagogikk òg viktig

For det tredje sjåast kritisk pedagogikk òg på som eit viktig felt i deltakande og samfunnsorienterte tilnærmingar til forsking. Gjennom dette får ein fram korleis utdanning ikkje nødvendigvis berre er ei form for kunnskapsproduksjon, men også ein praksis som kan etablere måtar der menneske kan handle saman, bli knytt saman og overkomme fastlåste usemjer.

- Det tredelte fokuset er svært spennande. Eg gleder meg veldig til å komme i gang, seier Tormod W. Anundsen.

INTERNASJONALE UTSTILLINGAR: Frå studentutstillinga på Ethnofest i Athen i november 2019 der student Israa Mahameed frå UiA deltok med dette verket, «Spirits», video, teikning og installasjon. (Foto: Tormod W. Anundsen)

INTERNASJONALE UTSTILLINGAR: Frå studentutstillinga på Ethnofest i Athen i november 2019 der student Israa Mahameed frå UiA deltok med dette verket, «Spirits», video, teikning og installasjon. (Foto: Tormod W. Anundsen)

Utstillingar i 5 land

I tillegg til hovudmålet om å utarbeide ein ny og kritisk metodologi, inneheld ENCOUNTERS-prosjektet òg ei rekke tiltak som skal formidle og synleggjere resultata av arbeidet som blir gjort.

Det skal lagast ein open nettstad der ulike samarbeidsmåtar knytt til kunstbasert etnografi kan utforskast, og det skal utformast ei eiga tidsskriftutgåve i form av ein open digital og multimodal formidlingsplattform der studentar, kunstnarar, og pedagogar kan dele refleksjonar og erfaring rundt forsking innan kunstbasert etnografi.

I tillegg vil studentarbeida som blir utførte på sommarkursa bli tatt med i den årlege Ethnofest-festivalen i Athen, som haldast kvar november. Undervegs skal det òg arrangerast eksperimentelle utstillingar og workshops i alle fem landa der prosjektdeltakarane held til. For Universitetet i Agder sin del er dette Kristiansand.

Dei som er med

Institusjonane som er med i samarbeidet er:

Raketa – eksperimentell kunstnargruppe/-samarbeid i Sverige