Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Arbeid for alle

Kan alle få det like bra som oss i Vesten? Det er det store spørsmålet når Universitetet i Agder og Strømmestiftelsen samlar ekspertar frå Norad, FN og NHO for å drøfte korleis arbeidsmarknaden kan skape utvikling.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

To arbeidere på en åker
Vito Laterza, foto

Førsteamanuensis Vito Laterza.

– Kva må eigentleg vere på plass for at arbeid skal ha positiv effekt for enkeltmenneske, lokalsamfunn og nasjonar, spør førsteamanuensis Vito Laterza ved UiAs Institutt for global utvikling og samfunnsplanlegging.

Førstkommande måndag inviterer instituttet til seminar på UiA. FNs berekraftmål om fattigdom og økonomisk vekst står til debatt.

Berekraftmål

Å utrydda fattigdom er FN sitt første av i alt 17 berekraftmål. Innan 2030 ønskjer FN å bli kvitt all ekstrem fattigdom. FN reknar dei som har mindre enn 1.9 dollar om dagen å leva for som ekstremt fattige.

Berekraftmål nummer åtte handlar om arbeid og økonomisk vekst. Her ønskjer FN å fremje full sysselsetning og anstendig arbeid for alle. For å oppnå desse måla innan 2030, må ein og sjå på korleis dette kan gjennomføras.

– Er det realistisk at arbeidarar i fattige land kan få dei same rettane som arbeidstakarar i Vesten? Eller gjer vi dei ei bjørneteneste når vi krev minsteløn, rett til fagorganisering, sosialt vern og tryggleik på arbeidsplassen?

Desse problemstillingane blir diskutert av Wenche Fone, direktør for Avdeling for sivilt samfunn i Norad, Henrik Munthe, advokat og forhandlar i NHO,  Mathews Philip, Executive Director, South India Cell for Human Rights Education and Monitoring og Titus Tenga, internasjonal direktør i Strømmestiftelsen.

Sjå heile programmet