0
Hopp til hovedinnhold

Apple sertifiserer produkt frå UiA-student: – Ekspertar meinte det var umogleg

Tobias Lagarhus leita etter ein dockingstasjon som kunne levere god ytelse til laptopen sin. Det fantes ikkje, så han laga ein sjølv. Nå er produktet hans blitt sertifisert av Apple og Intel.

Billede av dockingstasjonen.
Dockingstasjonen gjer laptopar enorm økt ytelse. Foto: blackbeastpro.com

– Då eg først bytta ut min stasjonære datamaskin med ein laptop venta eg for mykje. Laptopen hadde for få inngangar, og måtte ha mykje ekstrautstyr for å fungere slik eg ville. Laptopen var ikkje kraftig nok til å måle seg med ein stasjonær datamaskin. Eg leita på internett etter eit produkt som kunne gje laptopen den krafta eg trengte, men det fantes ikkje, seier Lagarhus.

22-åringen frå Tønsberg bestemte seg for å lage det han trengte sjølv. Dockingstasjonen hans skulle gjere det mogleg å ha uavgrensa tilpassingar, slik som grafikkort, harddisk og alle inngangsportane til ekstrautstyr du treng. Dette gjer det mogleg å ha med seg ein laptop i kvardagen, for så å kople seg til dockingstasjonen når ein skal arbeide med prosjekt som krev stor datakraft. Lagarhus laga ein prototype, og det blei skrevet litt om løysinga hans. Plutseleg blei han invitert til verdas største teknologimesse, CES i Las Vegas, for å presentere ideen sin. 

Kontakt med store selskap

– Då var eg framleis på eit tidleg punkt i utviklinga, men store selskap som Adobe og Lenovo tok turen innom min stand på messa og var veldig interesserte. Markedet eg skal inn på består av store aktørar, slik som Dell, HP og Western Digital. Min dockingstasjon nyttar Thunderbolt-teknologien til Apple, og det var der den store utfordringa låg, seier Lagarhus.

Thunderbolt-teknologien er nemleg eit Apple- og Intelprodukt, og selskapa vernar sterkt om marknadsvaren. Skal du selje eit produkt med deira teknologi skal dei stå inne for at det held veldig god kvalitet, derfor utfører dei strenge sertifiseringar på alle produkt som marknadsførast saman med Thunderbolt-namnet.

–  Ekspertane meinte at det var umogleg for meg å få til noko slikt. Alt var avhengig av sertifiseringa, og gjennom pandemien jobba eg tett med samarbeidspartnarar i Taiwan på videomøter for å få til ein god prosess. No fekk me akkurat sertifiseringa, både frå Apple og Intel, og kan verkeleg ta det neste steget. Nå har me starta eit lukka førehandssal og starta produksjonen, seier Lagarhus.

BlackBeast Pro

Dockingstasjonen har fått namnet BlackBeast Pro. Hovudmarknaden er ingeniørar og videoredigerarar, som treng stor datakraft. Lagarhus studerer marknadsføring og leiing på UiA, og har fått hjelp til sin idé av UiA Nyskaping.

– Tobias kom til oss allereie første dag av semesteret. Han hadde funne ut kva me kunne hjelpe med, og var veldig frampå og visste kva han ville. Eg synes det er veldig kult at han tenkte stort og internasjonalt frå første stund. Han går rett til Apple, det er nok ikkje mange som tør det som student, seier Muris Letic.

Han er inkubatorleiar ved UiA Nyskaping, og har hjelpt Lagarhus med å finne fagkompetanse på universitetet som kunne hjelpe.

77 gongar raskare

– Hans produkt er ein teknologi som store bedrifter er veldig interesserte i. Thunderbolt-teknologien gjer den universell, som er ein stor styrke. Dette produktet har eit stort potensiale, seier Letic.

Lagarhus ser nå fram til å få gang på produksjonen av dockingstasjonane.

– Den strenge sertifiseringa me nå har vært igjennom gir oss ein tryggleik i det vi har å tilby. Laptopen eg brukar nå er god, men når eg koplar den til dockingstasjonen blir han 77 gongar raskare. BlackBeast Pro kan overgå betydeleg større og dyrare datamaskinar, seier Tobias Lagarhus.