Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Andre verdskrig i Kristiansand blir digitalt formidla

Eit spel om kjeldekritikk og ein vandretur med lydspor let deg lære meir om andre verdskrigen slik han vart opplevd frå Kristiansand.

Skjermdump fra vandreturen
– Vandreturen kan opne auga våre for kva som har gått føre seg bak fasadane og på gatane i byen vår, seier direktør for Arkivet, Kristine Storesletten Sødal.

Då Moritz Rabinowitz vart deportert frå Noreg av nazistane i mai 1941, var det slutten på City Dressmagasin. Butikken hadde opna i Rådhusgata i Kristiansand seks år tidlegare, noko denne reklameteksten i avisene bar bod om:

«Eit stort magasin for ferdige herreklede skal i byrjinga av april opne sine porte. Den som vil vere velklædd for ein rimeleg penge ventar med innkjøpa sine til magasinet startar. Forutan dressar og frakkar av eige fabrikat, vil der bli ført eit flott utval i alle ekviperingsartiklar.»

Foto av Kenneth Andresen

Dosent Kenneth Andresen. (Foto: Damares Stenbakk)

Foto av Abit Hoxha

Universitetslektor Abit Hoxha. (Foto: Damares Stenbakk)

Foto av Kristine Storesletten Sødal

Arkivet-direktør Kristine Storesletten Sødal. (Foto: Arkivet)

Rabinowitz kom til Noreg i 1901, og skulle bli ein av dei rundt 800 jødane som vart deporterte frå Noreg under andre verdskrigen. Han døydde i Sachsenhausen i 1942. Fleire av familiemedlemmene hans vart drepne i Auschwitz.

For turistar og skuleklassar

Historia til Moritz Rabinowitz er ein av mange forteljingar frå andre verdskrigen som du kan oppleve på ein interaktiv vandretur frå Odderøya til Arkivet.

– Vi vil vise fram menneska som ikkje nødvendigvis får plass i historiebøkene, seier Abit Hoxha, universitetslektor på Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder (UiA).

Det er ti stopp på ruta, som er tilgjengeleg for alle gjennom nettsida Clio Muse Tours. Turen er laga spesielt for turistar og skuleklassar, og med lydinnhald på norsk og engelsk håpar Hoxha han vil treffe mange.

Spel om kjeldekritikk

Vandreturen har vorte til i forlenginga av RePAST. Dette prosjektet har forska på korleis forteljingar om gamle konfliktar framleis pregar europeiske samfunn i dag. Norske historier var ikkje ein del av det opphavlege prosjektet, men med ein million kroner frå Forskingsrådet har UiA kunna skape nye undervisningsverktøy i samarbeid med Arkivet.

Ingeborg Hauge og Anna Aase Ugland på Arkivet har vore med å utvikle Historiejakten og den digitale vandreturen

Saman med vandreturen blir spelet lansert Historiejakten. Det handlar om å vurdere kjelder om andre verdskrigen i Kristiansand. Spelet skal brukast i undervisninga på Arkivet, og passar også godt i historie og samfunnsfag på vidaregåande skular, seier dosent Kenneth Andresen.

– Kjeldekritikk har vorte meir utfordrande, sidan tilfanget av informasjon er så mykje større. Men det er også viktigare enn nokon gong, seier Andresen.

Eit av scenarioa i spelet handlar om det som skjedde på Arkivet i Kristiansand under krigen. Spelaren blir presentert for ei rekkje ulike kjelder, og skal vurdere kor relevante og pålitelege dei er.

Blant intervjuobjekta ein møter er ein krigsfange som vart torturert på Arkivet, og ein nabo som har vore nazist heile livet. Begge er ein del av kjeldematerialet til Arkivet.

– Begge personane kan sjå og høyrast ganske like ut, men dei kjem med to heilt ulike bodskap. Eg trur at spelet kan få i gang interessante diskusjonar om kva kjelder ein kan stole på, seier Andresen.

Skjermdump fra spillet

– Spelet Historiejakten kan gjere oss meir medvitne på kva informasjon og kva kjelder vi kan stole på. Den er eit pedagogisk verktøy både for å øve på kjeldekritikk og kjeldebruk, men også for å sy saman ei historie ved å bruke ulike kjelder, seier direktør for Arkivet, Kristine Storesletten Sødal.

Nyskapande læring

Kristine Storesletten Sødal er direktør for Arkivet. Ho håpar at vandreturen vil skape eit auka historiemedvett, medan spelet vil opne for refleksjon og kritisk tenking om kjeldebruk.

– Vi set stor pris på dette samarbeidet med UiA, der vi saman kan leggje tilrette for ein nyskapande måte å lære av og om historia i nærområdet vårt, seier ho.

Spelet og vandreturen blir lansert 1. juni. Då blir det også eit arrangement på Arkivet med eit foredrag av Philip Stone frå University of Central Lancashire, ein av dei fremste forskarane i verda på turisme til stader knytt til konfliktar, såkalla dark tourism.