Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Alvorleg bodskap, men god stemning i møte med statsråden

Korona-perioden har vore ei tøff tid for studentane. Det fekk statsråd Henrik Asheim høyre i eit møte med studentar frå Universitetet i Agder.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Skjermbilde fra zoom-møte med studentene og Henrik Asheim
UiA-studentane Linda-Marie Leirpoll (nestleiar i STA), Tina McDougall (læringsmiljøpolitisk ansvarleg i STA), Julie Steen (studentaktivitetsleiar i Fjell og fjære) og Jonas Timmerman Buerskogen (student) i zoom-møte med statsråd Henrik Asheim (H).

– Eg er spesielt bekymra for førsteårsstudentane som har fått ein annen start på studia enn oss andre, sa Jonas Timmerman Buerskogen, lektorstudent ved Universitetet i Agder (UiA).

Han meinte studentane var hamna i ein skvis og verken vart prioriterte som barn eller unge.

– Vi mistar flyten vi tidlegare hadde i kvardagen og vert isolerte og meir einsame når vi sit heime og høyrer førelesingar via zoom, sa Buerskogen.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) noterte seg det lektorstudenten sa. Og statsråden uttrykte bekymring for den psykiske helsa til studentane.

Kunnskapsdepartementet inviterte

Det var Kunnskapsdepartementet (KD) ved statsråden som hadde invitert til møtet med Studentorganisasjonen i Agder (STA) og studentane ved UiA.

UiA-studentane som møtte statsråden var Linda-Marie Leirpoll (nestleiar i STA), Tina McDougall (læringsmiljøpolitisk ansvarleg i STA), Julie Steen (studentaktivitetsleiar i Fjell og fjære) og Jonas Timmerman Buerskogen (student).

Pandemien var hovudsaka

Pandemien var det underliggande temaet i møtet, anten ein diskutere dagpengar og regelverket til NAV, studentaktivitetar, linjeforeiningar eller andre emne.

Linda-Marie Leirpoll heldt eit debattinnlegg der ho peikte på at studentane flyttar frå landsdelen etter at dei er ferdige med studia. Grunnen er som regel at dei ikkje får seg arbeid eller praksisplass i regionen.

– Spørsmålet er korleis ein kan legge til rette for å få fleire studentar til å bli igjen på Sørlandet, og få næringslivet til å forstå at nyutdanna studentar har verdifull kunnskap å bidra med, sa ho. 

Arbeid og praksisplass

Leirpoll ønskte seg eit næringsliv som var innstilt på å ta imot fleire enn éin student i praksis.

Asheim var samd i at det er ei utfordring å få arbeidslivet til å sjå verdien i den kompetansen studentane har. Han viste også til den komande stortingsmeldinga om arbeidslivsrelevans.

Samtidig understrekte statsråden at offentlege verksemder er blant dei dårlegaste til å ta inn praktikantar, og aller dårlegast er staten.   

Nye tiltakspakkar

Statsråd Asheim sa det skal kome nye tiltakspakkar som skal bidra til å betre forholda for studentane. Og STA og studentane lova seg sjølve og statsråden at dei skal følgje nøye med på at nye tildelingar til UiA kjem studentane til gode.