Ny studie viser at kommunar manglar planar for å realisere gode visjonar om eit likestilt, inkluderande og mangfaldig arbeidsliv i Agder.
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
– Kommunane arbeider for lite strategisk med likestilling, inkludering og mangfald. Det vert opp til enkeltleiarar å få flyktningane i jobb, seier Arnhild Leer-Helgesen.
Ho er førsteamanuensis og forskar ved Universitetet i Agder (UiA).
Saman med Nina Jentoft, Migle Helmersen og Øyvind Hellang frå Norwegian Research Centre (Norce) leverte ho nyleg ein rapport om arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald i Agder-kommunar.
– Vår studie dreier seg om korleis flyktningar vert rekrutterte til arbeid i barnehage, skule, sjukeheim og andre arbeidsplassar i oppvekst- og helsesektoren, seier Leer-Helgesen.
Rapport og studie er bestilt av KS Agder og er ein del av prosjektet Drømmejobben som dreier seg om rekruttering av arbeidskraft til kommunar i Noreg.
Men rapporten viser at det manglar system og strategiar i kommunane for å skaffe arbeid til flyktningane. Når dei først får tilbod om jobb, er det fordi enkeltpersonar i kommunane tar initiativ.
Enkelte leiarar i kommunane gjør ein super innsats ifølgje forskaren.
– Det kan vere ein sjef i barnehagen eller på sjukeheimen som hjelper dei til å få ein jobb. Men det manglar eit system og ein overordna strategi for å få flyktningane i jobb. Tilsetjinga vert overlaten til enkeltpersonar og deira skjønn, seier Leer-Helgesen.
At personar med flyktningbakgrunn ikkje får jobb, vert gjerne forklart med at dei manglar formell kompetanse og ikkje er gode nok i norsk. Studien viser derimot at det også kan skuldast mangel på kompetanse om likestilling, inkludering og mangfald hos leiarar og tilsette i kommunane.
– Ofte går ein litt for automatisk ut frå at flyktningar ikkje har utdanning. Andre gonger vert det opp til den enkelte leiaren å vurdere om den enkelte er god nok i norsk, utan at det finst skriftlege krav og standardar for dette i handbøker eller andre skriv om tilsetjingskrav hos kommunane, seier forskaren.
Eit hovudmål med studien har vore å føreslå tiltak som kan bidra til at fleire flyktningar får praksis og jobb i kommunane.
– Dette er viktig også fordi kommunane får bruk for meir arbeidskraft i utdannings- og helsesektoren i tida framover, seier Leer-Helgesen.
I tillegg til å etablere strategiar for å gjennomføre allereie nedfelte visjonar for mangfald i arbeidslivet, føreslår forskarane kompetansehevande tiltak både for flyktningane og dei tilsette i kommunane.
– Flyktningane må få tilbod om å skaffe seg formell kompetanse. Dei må få norskkompetanse som kvalifiserer dei til arbeidslivet og dei må få lære om haldningar og verdiar som gir den kompetansen dei treng for å jobbe med barn i barnehage og skule i Noreg, seier Leer-Helgesen.
Ho viser til at synet på barn, utdanning og danning i Noreg er nokså spesielt i verdssamanheng.
– Dette med å sitje på golvet og leike med barn er ikkje vanleg for alle kulturar. Vårt syn på kjønn, at gutar og jenter skal behandlast likt, er verdiar mange flyktningar må lære seg, seier ho.
Samtidig understrekar Leer-Helgesen at også kommunens leiarar treng meir kompetanse både om eit mangfaldig arbeidsliv og om kultur og verdiar frå dei landa flyktningane kjem frå.
– Poenget må vere at subjektive oppfatningar og magekjensla på kva som til dømes er godt norsk ikkje kan vere avgjerande for om flyktningane får seg jobb, seier ho.
Forskinga bak rapporten har vore eit samskapingsprosjekt mellom KS Agder, utvalde kommunar i Agder, Norce og UiA.
Opplegget for forskinga (forskardesignen) har partnarane kome fram til i fellesskap, mens UiA og Norce har gjennomført forskinga og skrive rapporten.
Forskarane har utført ein case-studie frå dei to Agder-kommunane Arendal og Kvinesdal. Dei har gjennomført individuelle intervju med ni flyktningar som har fått jobb i desse kommunane, og med leiarar og tillitsvalde i helse- og omsorgssektoren i kommunane. I tillegg har dei gjennomført gruppeintervju.
Forskarane har også gjennomført ei spørjeundersøking blant personalsjefar i fire fylke og studert kommunanes dokument om likestilling, inkludering og mangfald.
I ein kronikk basert på studien drøftar forskarane om planar om likestilling, inkludering og mangfald berre vert fagre ord og tomme løfte.