UiA arrangerte kurs på Skottevig feriesenter for studentar som ønsker å hjelpe nye studentar med praktisk bruk av matematikk.
Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
– Kurset gjer læringsassistentane betre rusta til å lære bort matematikkunnskapane sine på ein pedagogisk måte, seier Lillian Egelandsaa, administrativ leder for MatRIC, Senter for framifrå undervising i matematikk, finansiert av Forskingsrådet og UiA.
MatRIC arbeider med matematikk og forståelsen for korleis matematikk blir brukt som del av andre fagfelt enn reine matematikk-fag.
6.-7. august møtte 61 deltakarar opp på Skottevig feriesenter for første del av tre samlingar i Læringsassistentprogrammet (LAP). Programmet er i regi av MatRIC og UiAs pedagogiske utviklingssenter, UiA PULS.
Det er i fag ved ingeniørstudiar og økonomi- og administrasjonsfag at mange nye studentar opplev utfordringar ved praktisk bruk av matematikk.
Læringsassistentane hjelper dei over kneika, noko som ofte er ein følgje av manglande matematikk-kunnskapar frå vidaregåande skule. Mattekrisehjelp kan studentane også få gjennom eit drop-in-tilbod eller faddergruppeordninga FYSE (First Year Student Environment).
I opplæringsprogrammet får læringsassistentane tips om korleis til dømes kroppsspråk betyr mykje for korleis dei som skal lære oppfattar den som skal lære bort. Gunnar Horn, som er teatermann og UiA-undervisar, demonstrerer til dømes med gamle skodespelarknep korleis ulik kroppshaldning kan gjere at studentar enten sovnar av eller blir lys vakne og aktive i timen.
Kursdeltakarane får også andre praktiske tips og råd om den nye rollen sin. Alle har allereie gått eit eller fleire år på studiet dei nå skal være læringsassistentar i.
– I år er det spesielt viktig at vi får dyktige læringsassistentar for studentane som studerer hos oss på første året. På grunn av koronasituasjonen vil studentane vil bli delt meir opp i grupper og gruppearbeid, og der får assistentane våre ei sentral rolle med å inkludere alle både fagleg og sosialt, seier Egelandsaa.
Kristoffer Sand studerer mekatronikk på tredje året. Det kommande studieåret skal han vere læringsassistent og leie ei FYSE-gruppe med nye studentar innan mekatronikk. Sand fortel at han ønsker å bruke tida med dei nye studentane til å vidareføre kunnskap.
– Mekatronikk er eit hardt og vanskeleg studie, så eg ønsker å bidra til at mine medstudentar får eit godt læringsutbytte av studiet, seier Sand.
Sjå video frå første del av Læringsassistentprogrammet: