0
Hopp til hovedinnhold

329 siders korrektiv til nordisk litteratur og engelsk fagspråk

Norsk litterær årbok er ein institusjon i norsk kulturliv. Førsteamanuensis Nora Simonhjell ved Universitetet i Agder er redaktør for den femtifjerde utgåva av boka.

Førsteamanuensis Nora Simonhjell (UiA) har saman med Benedikt Jager (UiS) redigert si tredje utgåve av Norsk litterær årbok.
Førsteamanuensis Nora Simonhjell (UiA) har saman med Benedikt Jager (UiS) redigert si tredje utgåve av Norsk litterær årbok.

– Noko av det viktigaste med årboka er å ta vare på og utvikle dei nordiske språka som faglitterært språk. Minst 50 prosent av artiklane i årboka skal vere på nynorsk, men det er lov å skrive bokmål, dansk og svensk også, seier Simonhjell.

Nora Simonhjell er redaktør for Norsk litterær årbok (NLÅ) saman med førsteamanuensis Benedikt Jager ved Universitet i Stavanger (UiS).

Årets utgåve byr på 14 ulike artiklar om nyare og eldre litteratur, og om nye tendensar innanfor litteraturforskinga.

– Årboka røkter både norsk fagspråk og utviklinga av den nordiske litteraturen. Da må vi ha artiklar som rettar kritiske blikk på utviklingstrekka både i skjønnlitteraturen og på forskingsfeltet, seier Simonhjell.

Ho understrekar at boka har ei korrigerande oppgåve overfor det offentlege rom der diskusjonen om litteratur og forsking går føre seg.

Ein institusjon

Norsk litterær årbok er ein institusjon og har så vore sidan Leif Mæhle redigerte første utgåve i 1964.

Årboka er ein fagfellevurdert vitskapleg publikasjon på nivå 1. Boka inneheld oppsummeringsartiklar, essay, analysar og vurderingar om det som har skjedd på litteraturfronten i Noreg og Norden elles. Årboka vekslar mellom årlege artiklar som går gjennom fjorårets lyrikk, noveller, romanar, sakprosa eller litteraturkritikk. I år dreiar det seg om lyrikken og sakprosaen.

Som vanleg har også redaktørane skrive ein grundig innleiingsartikkel og som vanleg får forfattarskapen til fjorårets vinnar av Nordisk råds litteraturpris brei presentasjon, denne gongen er det islandske Auður Ava Ólafsdóttir.

Korrektiv til litteraturen

– Vi prøver å spegle det nye som skjer innanfor nyare nordisk litteratur, men er òg opptekne av tendensar innanfor dagens litteraturforsking og nye tolkingar av etablert og klassisk litteratur. I ein av artiklane undersøkjer til dømes Christine Hamm korleis Kristin Lavrandsatter reflekterer kring det å vere ei aldrande kvinne, seier Simonhjell.

I år spenner artiklane frå hyllingsdikt på 1600-talet til digital litteraturforsking i 2018. Vi møter mellom andre salmediktar Dorothe Engelbretsdatter, nobelprisvinnar Sigrid Undset, poeten Sigmund Løvåsen, litteraturhistorikaren Jan Inge Sørbø, novelleforfattaren Merethe Lindstrøm, romanforfattaren Maja Lunde og bildebøkene til Stian Hole.

Utfordrar postmodernisme og mystikk

Den lengste artikkelen i årboka er signert Jon Langdal, og er ein kritisk gjennomgang av storverket til Jan Inge Sørbø, Nynorsk litteraturhistorie (2018). Langdal er mellom anna skeptisk til det han meiner er postmoderne og mystiske drag i litteraturhistoria til Sørbø.

– Langdal utfordrar Sørbøs periodeinndeling av litteraturen, men går òg inn i enkelte kapittel i litteraturhistorieverket og slår ned på presentasjonar og vurderingar han meiner er ukritisk rosande eller feilaktige, seier Simonhjell.

Redaktøren understrekar at Langdal kjem med tydeleg kritikk av enkelte sider ved litteraturhistoria til Sørbø samtidig som han også rosar litteraturhistorikaren for å ha skrive ei vektig bok som evnar å skape leselyst.

Skjønnlitterarisering av sakprosa

Ein som kritiserer meir enn han roser, er professor emeritus Eivind Tjønneland. Han skriv kritisk om norsk sakprosa med skjønnlitterære ambisjonar.

– Tjønneland skriv om at det føregår ei skjønnlitterarisering av sakprosaen. Det betyr at sakprosaforfattarar gjerne vil ta i bruk fleire skjønnlitterære skrive- og tenkjemåtar i sakprosaen sin, seier Simonhjell.

Tjønneland er skeptisk til tendensen og meiner det fører til at forfattaren skriv meir om seg sjølv og mindre om saka som står til debatt og presentasjon. Han bruker bøker av John Erik Riley, Karl Ove Knausgård, Linn Ullmann og Ane Farsethås som døme. 

Dikt om 22. juli

Redaktørane står sjølve for ein 14 siders innleiingsartikkel der dei mellom anna trekkjer fram eit dikt om 22. juli signert Sigmund Løvåsen.

«Når litteraturen er god, skapar han kjensler og tankar vi tek med oss vidare,» skriv redaktørane.

– Innleiinga set søkjelyset på at dei fleste setningar fort vert gløymde. Eitt av poenga med årboka er å senke farta og sjå enda ein gong på det som vart skrive i fjor og før om åra, for å halde fast på den gode litteraturen og reflektere rundt han, seier Simonhjell.

Vending mot kjensler

Det er ikkje tilfeldig at redaktørane trekkjer fram kjenslene i innleiingsartikkelen sin. Ein nyare trend innanfor litteraturforskinga er nemleg å leggje vekt på kjenslene i litteraturen. Litteraturforskarane snakkar om ei kjensleladd vending (affektiv vending) i litteraturen og forskinga, og det inneber altså ei ny interesse for korleis litteraturen skaper og handterer kjensler.

Doktorgradsstipendiat Lise-Mari Lauritzen skriv om den emosjonelle vendinga i sin artikkel. Der ser ho mellom anna på korleis den litteraturfaglege kunnskapen om kjensler kan danne eit grunnlag for folkehelse og livsmestring, som vert eitt av dei tre tverrfaglege tema som ifølgje den nye læreplanen (Fagfornyinga 2020) skal gjennomsyre all undervisning i grunnskulen.

Også UiA-førsteamanuensis Reinhard Hennig bidrar i årboka. Han skriv om Maja Lunde og hennar roman Bienes historie (2015) i økokritisk perspektiv. Elles inneheld årboka mellom anna artiklar om samisk litteratur, gløymde forfattarskap og norske bestseljarar i Tyskland.