0
Hopp til hovedinnhold

30 millionar til innovasjon mot einsemd

Einsemd påverkar både den fysiske og den psykiske helsa vår og gir auka dødsrisiko. No skal Universitetet i Agder leie eit internasjonalt prosjekt for å auke offentleg nytenking om problemet.

mennesker som holder hender
Einsemd kan føre til auka dødstal og reknast som ein risikofaktor på linje med fedme, røyking og fysisk inaktivitet. Prosjektet Isolation2Inclusion tek tak i problemet.

Meir enn 75 millionar europearar møter familie og vennar berre ein gong i månaden eller sjeldnare. Rundt 30 millionar av dei føler seg ofte einsamme.

– Einsemd er eit av dei store problema i verda, og ei stor utfordring for folkehelsa. På UiA kombinerer vi eit helsefagleg miljø som arbeider med denne problematikken, og kompetanse innan e-helse og teknologiløysingar, seier professor Elin Thygesen ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap ved Universitetet i Agder (UiA).

Ho er med i leiinga av prosjektet From Isolation to Inclusion (I2I), som har fått nærare 30 millionar kroner frå Interreg North Sea Region for å fremje innovasjon i det offentlige tenestetilbodet rundt einsemd.

Fakta / From Isolation to Inclusion (I2I)

  • Prosjektet er eit innovasjonsprosjekt leia av Universitetet i Agder, med støtte fra Interreg North Sea Region.
  • Budsjettet er på om lag 3 millionar euro.
  • Prosjektet startar i 2020 og blir avslutta i 2022.
  • Partnarar er Arendal kommune, Abertay University, Region Värmland, Gemeente Assen, Diakonische Werk Bremen, Canal & River Trust, Campagin to end loneliness, Aarhus kommune, Stad Aalst, OCMW Turnhout og Stad Turnhout.
  • Prosjektleiar på UiA er Ragni Macqueen Leifson, administrativ leder på Senter for e-helse.

Innovasjon i offentleg sektor

Einsemd og sosial isolasjon kan ramme alle, men dei gruppene som er mest utsette, er immigrantar, personar med utviklingshemming eller fysiske helseproblem, og dei eldre.

Forsking dei siste åra viser at både einsemd, sosial isolasjon og det å leve åleine påverkar både den fysiske og den psykiske helsa og gir auka dødsrisiko. Einsemd kan føre til auka dødstal og må reknast som ein risikofaktor på linje med fedme, røyking og fysisk inaktivitet. Berre i England reknar dei med at einsemd kostar samfunnet nærmare tre milliardar euro i året.

Professor Elin Thygesen (left) and project leader Ragni Macqueen Leifson.

Professor Elin Thygesen (t.v.) og prosjektleiar Ragni Macqueen Leifson.

I den norske levekårsundersøkinga frå 2015 seier 18 prosent av kvinnene og 13 prosent av mennene over 16 år at dei har vore plaga av einsemd. Samstundes lever rundt ein av fire menn over 45 år utan partnar eller barn.

– Prosjektet I2I vil bidra til at eksisterande tilbod blir meir samordna, og forbetre samarbeidet mellom ulike sektorar. Blant anna skal vi sjå på korleis nabolagsstrukturar og intervensjonar i lokalsamfunna kan bidra, seier Thygesen.

Fleire av partnarane i prosjektet har arbeidd med einsemd i ei årrekkje, blant anna engelske The Campaign to End Loneliness.

Einsemd og isolasjon

Det er eit par uttrykk som kan vere fint å ha med seg når vi snakkar om einsemd. Ein kan vere midt i eit rom fullt av menneske og likevel kjenne seg einsam. Sosial isolasjon handlar om den objektive graden av sosiale interaksjonar. Slik er «einsemd» ei kvalitativ kjensle, mens «sosial isolasjon» er kvantitativ.

I Noreg blir ordet einsemd brukt om både den ønskte og den uønskte einsemda. På engelsk blir ordet «loneliness» brukt om den uønskte einsemda, mens «solitude» blir brukt om den ønskte einsemda.

Samarbeid med brukarane

Thygesen fortel at brukarane kjem til å spille ei avgjerande rolle i I2I.

– Vi skal arbeide tett saman med Arendal kommune i prosjektet. Vi vil finne ut kva som er viktig for dei, heller enn å starte med å teste løysingar og teknologi med ein gong. Det er viktig å forstå problema først, og deretter sjå korleis teknologi kan bidra til å løyse dei, seier ho.

Viktige arbeidsmetodar i I2I vil vere servicedesign og kvadruppel helix-innovasjon, der akademia, det offentlege, brukarar og private firma går saman om å skape løysingar.

Før jul avslutta UiA det treårige prosjektet In For Care, som brukte dei same metodane i arbeidet med uformell omsorg og frivillig arbeid. Dette prosjektet vart òg støtta av Interreg North Sea Region, og mange av dei same partnarane var med.

– Dette er det andre Interreg-prosjektet UiA leier. Det er ein måte for oss å hauste erfaringar på, og det gjev Senter for e-helse eit europeisk nettverk. Vi kjem til å arbeide med fleire EU-søknadar i tida framover, seier Thygesen.