0
Hopp til hovedinnhold

24 millionar til forskingsprosjekt på UiA

UiA-forskarar innan kunstig intelligens og fysikk får 12 millionar kvar i ny utlysing frå Noregs forskingsråd. 

Illustrasjon av elektroniske enheter
UiA-forskarar skal mellom anna sjå på korleis ein kan dra nytte av overskotsvarmen frå mobiltelefonar og datamaskinar får å betre den totale energieffektiviteten (illustrasjon: Istock.com).

Forskingsmiljøet i Senter for kunstig intelligens (CAIR) og forskingsmiljøet innan fysikk og anvendt matematikk på UiA har fått prosjektstøtte på 12 millionar kvar. Midla kjem frå FRIPRO-ordninga frå Noregs forskingsråd.

– Tildelinga betyr mykje for oss. No skal vi sjå nærmare på korleis vi kan effektivisere bruken av overskotsvarme frå elektriske einingar, seier Kjetil Magne Dørheim Hals, professor i fysikk ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA. 

Kjetil Magne Dørheim Hals er professor i fysikk ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA.

Kjetil Magne Dørheim Hals er professor i fysikk ved Institutt for ingeniørvitskap på UiA.

 

Saman med to tyske samarbeidspartnarar og tre doktorgradsstudentar skal han forske på ei klasse material som blir kalla antiferromagnetar. Desse skal dei bruke til å fange opp varmetap som oppstår når ein bruker elektriske apparat. 

– Det er mykje energi som går til spille når ein brukar til dømes mobiltelefonar og datamaskinar. Denne overskotsvarmen ønsker vi å fange opp og gjere om til ein meir brukbar form for elektrisitet, seier han.

Dørheim Hals påpeiker at sjølv om elektronikk ikkje kan fungere heilt utan varmetap, er det viktig å sjå på metodar for å hauste dette tapet slik at elektronikken kan få betre yting og at mest mogleg energi blir teken i bruk. 

Prosjektet startar januar 2023 og går fram til 2028. I tillegg til dei tre doktorgradskandidatane og dei utanlandske partnarane frå Johannes-Gutenberg universitetet og universitetet i Duisburg-Essen i Tyskland, skal Future Materials, Elkem og TEGma vere involverte som rettleiarar. 

Demokratisk kunstig intelligens

CAIR-leiar Ole-Christoffer Granmo fortel om eit behov for ein ny og meir demokratisk kunstig intelligens.   

– Vi ser svakheiter med dagens metodar som vi må vidareutvikle og endre, seier Granmo. 

Ole-Christoffer Granmo er professor og leiar for CAIR, Centre for Artificial Intelligence på UiA.

Ole-Christoffer Granmo er professor og leiar for CAIR, Centre for Artificial Intelligence på UiA.

Forskingsmiljøet ved UiA skal vidareutvikle Tsetlin-maskina, som Granmo lanserte i 2018. Tsetlin-maskinen er ein logisk kode for opplæring av ein kunstig intelligens i ein datamaskin. Det revolusjonerande med Tsetlin-maskinen er at han baserer seg på logikk i motsetning til talbasert maskinlæring. Det gjer den raskare, meir kostnadseffektiv og meir tilgjengeleg for fleire brukarar. Chipen blir i dag brukt til ulike oppgåver innanfor fagfelta helse, finans og forsking. 

– Vi ønsker å vidareutvikle koden slik at han kan bli betre forstå både logikk, samanhengar og usikkerheiter, seier Granmo. 

Tsetlin-maskina skal gjere bruken av kunstig intelligens enklare og mindre kraftkrevande.

– Metoden skal vere for alle. Han skal være billig og miljøvennleg, lett å bruke og bruke lite energi, seier Granmo.

Sjå samanhengar i pasientdata

I prosjektet skal dei samarbeide med Sørlandet sjukehus. Dei ønsker å teste ut metodane på pasientdata. 

– Vi skal til dømes sjå på data til pasientar med blodforgifting. Vi vil sjå om maskinen berre ved å sjå på historiske data kan klare å rekonstruere diagnosar og sjå om dei finn ut meir enn eit menneske ville ha gjort. Vi skal òg sjå på korleis Tsetlin-maskina kan forutseie sannsyn for at ei bestemt behandling vil fungere for pasienten, seier Granmo. 

Prosjektet startar hausten 2022 og går fram til oktober 2026 og skal involvere to doktorgradskandidatar og ein postdoktor.