Studentane konkurrer om å oppdage svakheiter ved datasystema. Konkurransen er både spennande og lærerik, dessutan kan studentane fort få eit jobbtilbod etter slike konkurransar.
Capture the Flag, eller fang flagget på norsk, er ein konkurranse som vert arrangert på universitet over heile verda.
Oppgåvene dreiar seg om å oppdage sårbare område i datamaskiner og datasystem. Deretter skal studentane bryte seg inn i systema, altså hacke dei.
Dei får flagg og poeng kvar gong dei løyser ei oppgåve.
120 studentar innan ulike datautdanningar ved UiA var med da Capture the Flag vart arrangert ved universitetet.
– Oppgåvene utfordrar studentane i ulike kategoriar som å oppdage dårleg skjulte passord, bryte seg inn i dataprogram og oppdage korleis dei er bygde opp og mykje anna, seier Bendik Egenes Dyrli.
Han er ein av studentane som var med å lage oppgåvene og arrangere konkurransen.
Studentane var delte inn i lag på to til fire personar. Dei sat i fire og ein halv time og samarbeidde om å løyse 40 oppgåver.
På vinnarlaget var studentane Birk Olsen, Simon Isler og Florian Walter. Dei løyste 34 av oppgåvene.
– Dette er ein artig måte å lære seg å arbeide med cybersikkerheit. Konkurransen styrkjer studentane fagleg og gjer dei attraktive for arbeidsgjevarar, seier Thomas Macfarlane.
Han hadde hovudansvaret for å legge til rette for konkurransen og er masterstudent i cybersikkerheit ved Universitetet i Agder (UiA).
Samtidig er han fast tilsett i Telenor der han analyserer datatrafikken og overvakar cybersikkerheita til teleselskapet.
Jobben fekk han etter å ha vore med på Equinors Capture the Flag i 2022.
– Bedrifter er til stades og følgjer med når det vert arrangert slike konkurransar. Da kan studentane fort kome i samtale med arbeidsgjevarar og få tilbod om jobb, seier Macfarlane.
Bendik Egenes Dyrli er også i gang med ein master i cybersikkerheit, og til liks med Macfarlane, har han fått fast jobb.
Dyrli er tilsett i ei fulltidsstilling som avdelingsingeniør ved UiAs Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
Det høyrer med til historia at dei begge hadde planar om å studere andre fag enn cybersikkerheit. Men begge vart fasinerte av faget etter å ha vore med på ein Capture the Flag-konkurranse.
I følgje masterstudentane er konkurransen utvikla etter modell av eit dataspel. Det er både spennande, gøy og lærerikt å prøve seg på oppgåvene, meiner dei.
– Datafag som cybersikkerheit er like mykje eit praktisk ferdigheitsfag som eit teori- og lesefag, seier Macfarlane.
– Datafag lærer du ikkje berre ved å lese om det. Du må praktisere det i møte med dataprogram, datasystem og ulike oppgåver du skal gjennomføre. Derfor er denne typen konkurransar så relevante for datastudentar, seier Dyrli.
Det har også gått prestisje i konkurranseforma. Universiteta vil gjerne stille med dyktige studentar under konkurransar. Det er rift om å kome på laget når til dømes når Equinor Capture the Flag vert arrangert for studentlag i november.
UiA stilte med åtte studentar på laget i fjor og vart nummer fire av ti lag.
UiA-studentane håper å gjere det minst like bra i år.
Allereie i oktober vert det arrangert enda ein Capture the Flag-konkurranse ved UiA. Den går av stabelen i den same månaden som den nasjonale sikkerheitsmånaden vert arrangert.
– Det var mange gode studentar med denne gongen, og i oktober får vi sjå om det dukkar opp nye talentar. Vi skal ha med minst åtte studentar til Equinors konkurranse i november, seier Macfarlane.