Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Julehelsing frå rektor

Det går raskt mot jul, og det er på tide å stoppe opp litt, puste ut og roe ned. Det er tid for å oppsummere året som snart er bak oss, og å sjå framover til det nye som kjem.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I jula er det i mange heimar slik at kvar jul skal vere meir eller mindre lik den førre. Tradisjonane blir gjerne etablerte i kvar familie mens barna er små, og ofte er dei også overførte frå den førre generasjonen. Jamvel om barna kan grine på nasen om dei blir bydde torsk på juleftan, så serverer dei likevel, når dei sjølve blir vaksne, torsk til seg sjølv og eigne barn. Det er slik det skal vere. Det er slik dei fleste av oss vil ha det. Jula skal vere seg lik frå år til år. Det er trygt og godt slik.

Også på HiA byrjar vi no å få tradisjonar omkring jul som vi tar med oss frå år til år. Tenning av juletreet i Kraghallen med gløgg og korsang, tale av studentleiar og rektor er alt blitt ein slik tradisjon. Kvart år er det fleire som møter opp og deltar i denne markeringa når vi går inn i adventtida. Julelunsjane på kvar av dei tre campusane våre er ein annan tradisjon som står fast. Både i Grimstad og i Arendal går dei tilbake til tida før HiA, men også på Gimlemoen er julelunsjen no blitt etablert som ein fast tradisjon. Og i år var det nærmare 500 som deltok. Det er blitt eit kjempearrangement, som krev lang og nøye planlegging. Takk til dei som var med i komiteane bak dei tre julelunsjane i år!

Året som no går raskt mot slutten, har vori eit godt og byggjande år for Høgskolen i Agder. I august gjekk vi inn i ein ny styre- og valperiode, som no er på fire år, fram til sommaren 2007. Vi har i år igangsett Kvalitetsreforma. Det er eit stort løft, som har kravd og som vil halde fram med å krevje både arbeid og nye krafttak frå fagleg så vel som frå teknisk-administrativt tilsette og dessutan frå studentane, ja, ikkje minst frå studentane sjølve.

For vi har fått mange studentar i år. For første gong er talet på registrerte studentar ved HiA over 8.000. Det betyr at vi vinn fram i den harde konkurransen om studentane. Studiekvalitet, kvalitet i det studentsosiale miljøet, geografi og svært god marknadsføring er moment som alle tel med som forklaring på kvifor HiA kvart år kan auke studenttalet så mykje som vi gjer. Vi har alle lov til å vere stolte av det arbeidet som blir gjort her.

For det viktige studentsosiale miljøet gjer SiA ein kjempejobb. I år opna vi studentsamfunnet "Østsia", som alt er blitt ein suksess. Eg håpar alle er klar over kor viktig samarbeidet mellom HiA og SiA er for eit samla godt resultat. Her spelar også STA og studentleiarane ei sentral rolle. Det er viktig at studentane har gode talsmenn og -kvinner i styre og utval i heile organisasjonen, og det sørgar STA for at dei har. Eg vil her takke SiA og STA for godt og fruktbart samarbeid i 2003.

I år har vi feira at HiA har vori på Lesbos i 10 år. Historia til dette prosjektet er det reine eventyret, men no er Metochi blitt ein viktig del av HiAs identitet. Og dessutan er Xristos-sentret komi til. Stor takk til han som hadde ideen og som først fekk han realisert, og til dei som ber prosjektet vidare!

No rett før jul har Cultiva-stiftinga for første gong delt ut pengar til projekt innan kunst, kultur og kompetanse i Kristiansand. HiA er av Fædrelandsvennen utropt som ein vinnar i denne første utdelinga. Vi er svært glade for den støtte vi har fått til ulike spennande tiltak og prosjekt. Slik tildeling forpliktar, og vi går inn i dette med stort alvor og vilje til å bidra aktivt til Cultivas formål med vår kompetanse og kunnskap.

Om eit år går nedtellingsuret foran Sigrid Undsets hus i null. Da skal vi ha oppfylt dei kriteria Stortinget i 2001 sette for at vi skal få universitetsstatus. Vi treng å få på plass to nye doktorgradsområde. Eg har stor tru på at dei vil vere på plass i løpet av 2004, altså før uret går i null. Men - som mange vil vite - etter at Stortinget sa sitt, har andre instansar reist nye hinder og stilt fleire krav som vi må oppfylle før vi endeleg kan søkje om universitetsstatus. Eg meiner likevel vi skal kunne nå å sende søknaden i første halvår 2005.

For oss er det dessutan viktig å vere klar over at (heile) Ryssdalutvalet har komi med eit lovframlegg som kan bety omkamp på eit av dei viktigaste områda der vårt syn tidlegare vann tilslutnad frå eit samrøystes storting. Det gjeld kva for faglege rettar eit (nytt) universitet skal ha. Ryssdalutvalet vil i realiteten ha inn att den såkalla "Giske-modellen", som sa at ein institusjonen berre er fullverdig universitet på dei områda der ein har doktorgradsrett. Masterstudium på andre område, og nye doktorgradsprogram, skal alle - som no - godkjennast av NOKUT. Spørsmålet om A- og B-universitet er såleis brakt fram igjen.

Til slutt vil eg takke alle på HiA, tilsette og studentar, for innsatsen i 2003, og ønskje dykk ei gledeleg jul og eit godt nytt år!

Ernst Håkon Jahr