Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Disputerer på bildebok-lesing

Ingeborg Mjør disputerer den 3. desember for ph.d.-graden på doktorgradsprogrammet i litteraturvitskap ved Universitetet i Agder med avhandlinga "Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst".

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Avhandlinga er ein kvalitativ studie av dei meiningsskapande prosessane som utspelar seg mellom barn (1-2 år gamle) og foreldre når dei les bildebøker saman. Studien analyserer 44 video-opptak av høgtlesingssituasjonar, med særleg fokus på dei strategiane høgtlesarane brukar for å sikra at barn erfarer ei bildebok som interessant og meiningsfull.

Lesing som dialog

Høgtlesing kan vera ein dialogisk praksis, og inneber også ei sosialisering i forhold til kva det vil seia å vera ein lesar av fiksjonstekstar. Avhandlinga er på den eine sida ein resepsjonsstudie, den analyserer korleis lesaren sine erfaringar og interesser påverkar korleis tekstens meiningspotensiale kan realiserast. På den andre sida analyserer studien produksjonssida ved høgtlesinga som kommunikasjonssituasjon, fordi den ser lesinga som ein multimodal tekst sett saman av bildebokas bilde og høgtlesarane sine ord, deira stemmebruk, gestar og rørsler.

Avhandlinga analyserer materialet sitt i lys av semiotikk, sosialsemiotikk, resepsjonsteori og kognitiv psykologi.

Studien viser korleis høgtlesing kan karakteriserast som rettleiing i fiktiv, narrativ, logisk og kulturell meining, gjennom at høgtlesarar går inn og modifiserer og kommenterer bildebokteksten.

Studien viser også korleis modifiseringar av bildebokteksten kan forklarast ut frå den vaksne sine analysar av korleis ei bok kommuniserer med eit barn, og at vaksne disponerer tilpassingsstrategiar når aspekt ved boka er kognitivt utfordrande for barnet. Høgtlesingas multimodalitet er bygd opp av bilde, ord, stemme og kropp. Studien identifiserer dette mangfaldet av semiotiske ressursar og analyserer samspelet mellom ressursane.

Den taktile og kroppslege dimensjonen ved høgtlesinga er motivert, den fremjar meiningsskaping hos barna som er i den sensomotoriske fasen i den kognitive utviklinga, og som også har eit avgrensa verbalspråk. Sansing og fysisk utforsking er for dei ein sentral inngang til meining, erkjenning og læring.

Informantane utgjer ei etter måten homogen gruppe innanfor ein dialogisk høgtlesingspraksis. Men det er også variasjon i materialet og avhandlinga samanliknar lesemåtar som framstår som ulike.

Ulike praksisar ser ut til å fremja ulike responsmønster hos barnelesarane. Det barnet som går aktivt inn i ein dialog med den vaksne om det ein les, gjer i større grad forståinga si tilgjengleg for analyse enn det barnet som primært lyttar og ser.

Disputasfakta:

Kandidaten:

Ingeborg Mjør (f 1962) er utdanna førskolelærar ved Høgskolen i Bergen i 1987, og ho er cand.philol. frå Universitetet i Bergen i 1996. I dag er ho tilsett ved Institutt for førskolelærarutdanning ved Universitetet i Stavanger, der undervisnings- og forskingsområda er barnelitteratur og barns lesing og mediebruk.

Prøveførelesing og disputas vert leia av dekan ved Fakultet for humaniora og pedagogikk, Berit Eide Johnsen.

Stad: UiA Campus Kristiansand, Arne Garborgs auditorium B1-006 – inn hovudinngangen og til høgre i vrimlehallen.

Tid for prøveforelesing: Onsdag 2. desember 2009 kl 17:15 – 18:00

Emne for prøveforelesing: Paratekst som meiningsskapande element i nyare nordisk barnelitteratur.

Tid for disputas: Torsdag 3. desember 2009 kl. 10:15 – 15:00

Tittel på avhandling: “Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst.”

Opponentar:

Førsteopponent: Centerleder, ph.d. Nina Christensen, Center for Børnelitteratur, Danmarks Pædagogiske Universitetsskole, Aarhus Universitet

Andreopponent: Professor, dr.art. Jon Smidt, Avdeling for lærer- og tolkeutdanning ved Høgskolen i Sør-Trøndelag

Førsteamanuensis, dr.art. Anne Løvland, Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder, har leidd arbeidet i dømmingskomiteen.

Rettleiarar:

Hovudrettleiar i avhandlingsarbeidet har vore professor ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder, Elise Seip-Tønnessen.

Medrettleiar har vore førsteamanuensis Åsmund Hennig ved Institutt for allmennlærerutdanning og spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger.