Sidan juni 2017 har Universitetet i Agder hatt eit studentombod for alle studentar. Universitetsstyret vedtok denne veka at ordninga med studentombod skal gjerast permanent.
Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal sjå på korleis Norge kan behalde små humaniora-fag som er truga av nedlegging. Kjetil Hellang, økonomidirektør ved UiA, er ein av dei fire som skal finne ut korleis ein kan sikre at små fagmiljø kan overleve.
23 studentar er tilsett som faglege coachar ved studieprogramma på Fakultet for teknologi og realfag. Coachane har ansvar for eigne studentgrupper som dei skal følgje heile studieåret. Målet er å hjelpe førsteårsstudentar å oppleve meistring og lykkast som studentar ved universitetet.
UiA fikk skryt i Oslo torsdag for sin innsats under Forskningsdagene i år. Universitetets programsider på nett ble fremhevet. Agder fikk også flest medieoppslag om sine arrangementer av alle i UH-sektoren i Sør-Norge.
Valstyret ved Universitetet i Agder lyser no ut til val av rektor for universitetet for perioden 1. august 2019 – 31. juli 2023. Valet vert halde i februar.