Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Ut av teatersalen

Studentane på årsstudium i teater og drama fekk i oppgåve å halde to stadsspesifikke framsyningar med 12 timars mellomrom. Dei fekk to dagar på seg og frie tøyler til å planleggje framsyninga.

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Studentane i skogen, foto
Studentane Emilie Trygsland, Oda Marie Børretzen, Mia Isaksen, Hedda Strømberg og Vera Rustad tok teateret med seg ut i naturen. Maria Abelvik og Tonje Frigstad var ikkje tilstades då bilde vart teken.

– Ei stadsspesifikk framsyning tek utgangspunkt i sjølve staden, og ein flyttar seg ut frå teatersalen. Vi analyserer staden i forkant, og framsyninga vert planlagt ut ifrå det, seier student Vera Rustad.

Ut av vante omgivnader

Saman med dei andre studentane landa dei på ein open plass i skogen ved Naturmuseet. Deretter gjekk studentane i gong med å undersøkje lyd, lys, lukter og former på staden.

– Samstundes ønskte vi å synleggjere forskjellen på ei framsyning om natta og om dagen. Kva kan vere naturlig å gjere når det er mørkt, men vere rart og ukomfortabelt i dagslys? Me bestemte oss for å ha ein russefest, seier Rustad.

Staden hadde ein open plass som studentane så kunne fungere som dansegolv, og i treet midt på staden plasserte dei ein heilt spesiell gjest, sjølvaste Tix, spelt av Tonje Frigstad.

– Den svære greina som hang over plassen tykte me måtte brukast til noko, seier Rustad.

Eigen russesong

Trass den korte tida rakk studentane både å skaffe kostymer og lage ein eigen russesong.

– Det tok tid å lage songen, men det var utruleg gøy og gjorde heile framsyninga komplett, seier Oda Marie Børretzen, produsent av songen.

Studentane ynskjer samstundes å kome med ei oppmoding:

– Mykje av det ein gjer på ein fest om natta verker heilt meiningslaust om dagen når familiar går forbi. Ta med deg verdiane dine sjølv når det er mørkt, seier Mia Isaksen.

To bilete: Studentar i skogen, om dagen og om natta

Same framsyninga på natta og om dagen.