0
Hopp til hovedinnhold

UiA-tidsskrift vil løfte fram trua språkfag

Nordic Journal of Language Teaching and Learning vil visa kvifor språkkunnskapar er viktig i ei verd full av digitale hjelpemiddel.

To personer studerer språk
Språkfaga er trua på mange norske universitet. På UiA finst framleis fleire språkfag, så vel som eit oversettjarstudie. (Illustrasjonsfoto: Annika Gordon/Unsplash)

Etter ti år under eit anna namn har Nordic Journal of Language Teaching and Learning vorte nytt. Med nytt styre, nytt namn, ny redaktør og overgang til fortløpande publisering, har redaktør Susan Lynn Erdmann store planar.

– Me vil løfta statusen til forsking på andrespråk og framandspråk i Norden. Og me vil trykkja fleire artiklar som er skrivne på norsk, svensk og dansk. Tidsskriftet vårt skal vera ein kanal for forsking på dei nordiske språka, så vel som tysk, spansk, fransk og engelsk, seier ho.

Det er Institutt for framandspråk og omsetjing på Universitetet i Agder (UiA) som gir ut tidsskriftet.

Foto av Susan Lynn Erdmann

Førstelektor Susan Lynn Erdmann

Språkfaga er trua

Talet på elevar som vel fag som fransk, spansk og tysk på ungomsskulen har aldri vore lågare. Språkfaga er òg trua på mange norske universitet. På UiA finst framleis desse språkfaga, så vel som eit oversettjarstudie.

Erdmann vil at tidsskriftet skal visa kvifor språkkunnskap er viktig sjølv når me har så mange digitale verktøy som kan omsetja for oss.

– Språk er ikkje berre eit verktøy. Det kan gi oss innblikk i korleis andre menneske lever, tenkjer og ser verda. Det er viktig at me beheld denne kjelda til empati, seier ho.

To spesialutgåver i 2022

For språkforskarane er det fleire tema som er aktuelle for tida. Det blir forska mykje på multikulturelle klasserom, og det å henta kultur inn i språkundervisninga.

Det nye nummeret har blant anna ein artikkel om undervisning i norsk som framandspråk i Romania, og kva slags feil studentar med rumensk og ungarsk som morsmål gjer når dei lærer seg norsk. Det er òg artiklar om språkbruk i fagfornyinga, og korleis framandspråk og engelsk blir beskrive der. Til sist er det ein artikkel om forholdet mellom fleirspråklegheit og det å ha eit ope sinn.

– Me har gått over til kontinuerleg publisering slik at folk skal få tilgang til ny forsking med det same ho er klar, seier Erdmann.

For resten av 2022 planlegg Nordic Journal of Language Teaching and Learning to spesialutgåver. Det første vil ta utgangspunkt i eit språkkorpus som UiA har utvikla basert på elevtekstar frå undervisning i engelsk, spansk, tysk og fransk. Eit korpus er ei samling av elektroniske tekstar med språklege ytringar.

Det andre temanummeret vil presentera artiklar frå framandspråkkonferansen som vart arrangert av Nasjonalt senter for engelsk framandspråk i opplæringa.

Tidsskriftet vart etablert under namnet The Nordic Journal of Modern Language Methodology i 2012. Artiklar blir publiserte med Open Access-lisens på nettsida til tidsskriftet. Du kan òg følgja dei på Twitter.