0
Hopp til hovedinnhold

UiA-forskarar gir råd om ny matematikk-eksamen

To forskarar frå Universitetet i Agder skal gi råd til Utdanningsdirektoratet om bruk av hjelpemiddel under eksamen i matematikk på grunnskulen og i vidaregåande skule.

Illustrasjon av hjelpemiddel i matematikk
Fleire fagfolk frå UiA er med i Udir-utval for å gi råd om bruk av digitale hjelpemiddel til matematikkeksamen i grunnskule og vidaregåande skule.

Universitetslektor Linda Gurvin Opheim og universitetslektor Stig Eriksen ved UiAs Institutt for matematiske fag bruker no éin dag i veka til å diskutere, planleggje og prøve ut nye eksamensoppgåver i matematikk. 

Forskarane er frikjøpte frå november i fjor til juni i år for å arbeide 20 prosent i eit nytt utval under Utdanningsdirektoratet (Udir). I den perioden skal dei utforme eksamensoppgåver, prøve dei ut på elevar og levere ei tilråding til Udir om bruk av hjelpemiddel til eksamen. 

Udir har oppnemnd Universitetslektor Linda Gurvin Opheim til eksamensutvalet som skal vurdere bruken av hjelpemiddel under matematikkeksamen.

Udir har oppnemnd Universitetslektor Linda Gurvin Opheim til eksamensutvalet som skal vurdere bruken av hjelpemiddel under matematikkeksamen.

Eksamensoppgåvene må dessutan vere i tråd med dei nye læreplanane som vart innførte frå hausten 2020.

– Målet er å finne fram til gode eksamensformer for elevane. Vi går konkret til verks så det vert tydeleg kva for oppgåver elevane skal løyse med og utan hjelpemiddel, alt etter dei ulike kompetansemåla i læreplanen, seier Opheim. 

Hjelpemiddel under eksamen

Utvalet vart sett ned etter at Udir fekk massiv kritikk frå lærarar og skuleleiarar da direktoratet i 2020 lanserte ny eksamensform. Eksamen skulle vere heildigital og alle hjelpemiddel var tillatne på alle oppgåver, heitte det den gongen. 

Det vart ein veldig debatt om ordninga. Udir valde da å gjeninnføre den gamle eksamensforma fram til våren 2023.Gamal eksamensform inneber at elevane løyser den eine delen av oppgåvene med hjelpemiddel og den andre utan. 

Stig Eriksen er universitetslektor ved UiAs Institutt for matematiske fag. Norsk matematikkråd har utnemnd han til å sitje i eksamensutvalet.

Stig Eriksen er universitetslektor ved UiAs Institutt for matematiske fag. Norsk matematikkråd har utnemnd han til å sitje i eksamensutvalet.

– Utvalet må finne ut kva for oppgåver elevane eventuelt skal løyse med og utan hjelpemiddel, seier Opheim.

I arbeidsgruppa er det ulike syn på dette. Opheim går foreløpig inn for at det er mogleg å gjennomføre eksamen med alle hjelpemiddel tilgjengelege. Ho ser samtidig at det kan vere utfordrande å lage gode oppgåver til ei slik eksamensform. 

Men ho trur ikkje spørsmålet om hjelpemiddel er hovudsaka for diskusjonane rundt matematikkfaget i dag.  

– Debatten om hjelpemiddel eller ikkje er eit symptom på ein djupare debatt om matematikkfaget i skulen, og den debatten dreiar seg om synet på læring og undervisning, seier Opheim.  

Debatt om undervisningsmetodar

Opheim er framleis usikker på kva for råd arbeidsgruppa kjem fram til når det gjeld hjelpemiddel, men er sikker på at alle jobbar med å finne løysingar som er til det beste for elevane. 

– Tidlegare var undervisninga prega av pugg og repetisjon av dei same rekneoppgåvene. I dag går stadig fleire inn for ei meir utprøvande tilnærming til matematikk-undervisning og matematikk-læring, seier ho. 

Den tilnærminga er det semje om i matematikkmiljøet ved UiA. Miljøet her har ansvaret både for toppforskingssenteret MERGA og Senter for framifrå undervisning (SFU) MatRIC. 

Forsking frå desse sentera viser at ei utprøvande tilnærming til matematikk fører til auka læring. 

Vektlegg matematisk utforsking

MatRIC har eksistert i åtte år. På den tida har fire stipendiatar levert doktoravhandling og disputert. Seks nye er undervegs. Ein av dei er Opheim. Ho skal forsvare doktorgradsavhandlinga si ei av dei nærmaste dagane.  

– Måten vi i MatRIC legg vekt på utforsking og diskusjon er i samsvar med ideane om djuplæring, prosess og kritisk tilnærming. Det er dei same prinsippa som ligg til grunn for fagfornyinga og dei nye læreplanane, seier Opheim. 

Dei nye læreplanane vart gradvis innførte frå 2020. Der vert det lagt vekt på smart bruk av teknologi, prosesstenking og matematisk diskusjon og tenking.

– Det er vel og bra å finne det riktige svaret, men det er viktigare å forstå prosessen og den matematiske tenkinga fram mot svaret, seier Opheim.

Ho skreiv omtrent det same i en kronikk. Den vart ivrig lesen –  også av Udir. Kronikken vart publisert i Aftenposten, og der skreiv ho mellom anna dette:   

«Skolefaget matematikk handler ikke lenger om det riktige svaret, men om veien dit. Tiden for korrekt oppsett og nitid utregning er forbi. Nå handler det om kreativitet og argumentasjon.»

– Vi ønsker alle at elevane under eksamen skal få sjansen til å vise at dei forstår matematikk. Eg trur det er mogleg å gi eksamensoppgåver der både elevar med høg og låg kompetanse i matematikk får sjansen til å vise det dei kan. Den utfordringa skal vi løyse fram mot juni, seier Opheim. 

Eksamensutvalet er oppnemnd av lærarorganisasjonar, landslaget for matematikk i skolen, norsk matematikkråd og Udir:

Namn

Arbeidsplass

Oppnemnd av

Marianne Utle

Stovner vgs

Utdanningsforbundet

Rune Haukeland

Hersleb vgs

Norsk lektorlag

Mona Forsbakk

Polarsirkelen vgs

Skolenes landsforbund

Kari-Anne Bjørnø Rummelhoff

Gressvik ungdomsskole

Landslaget for matematikk i skolen

Stig Eriksen

Universitetet i Agder

Norsk matematikkråd

Linda Gurvin Opheim

Universitetet i Agder

Utdanningsdirektoratet

Ingeborg Sletta

Rauma vgs og NTNU

Utdanningsdirektoratet