Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

UiA forskar på bygginga av ny fagskule i Grimstad

Agder fylkeskommune og Universitetet i Agder går saman for å få meir kunnskap om klimavennlege byggemetodar. 

Artikkelen er mer enn to år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjonsteikning av den nye fagskulen i Grimstad
Slik skal den nye fagskulen og tannklinikken i Grimstad bli sjåande ut. Illustrasjon frå vinnerutkastet “Technologia” frå BRG Entreprenør, teikna av Filter Arkitekter AS.

– Byggjeprosjektet av den nye fagskulen og tannklinikk i Grimstad har innovative løysingar for både materialbruk og nye tekniske løysingar. I forskingsprosjektet skal vi mellom anna dokumentere CO2-utslepp knytt til dei materiala dei har valt å bruke bygget, seier Tom Viggo Nilsen, dosent på Institutt for ingeniørvitskap på Fakultet for teknologi og realfag.

Tom Viggo Nilsen er dosent på Institutt for ingeniørvitskap på UiA.

Tom Viggo Nilsen er dosent på Institutt for ingeniørvitskap på UiA

I planlegginga av bygget har Agder fylkeskommune tatt store steg i retning av eit meir klima- og miljøvennleg byggjeprosjekt. Dei har til dømes satt krav til entreprenør om ein fossilfri byggjeplass. Det innebere at dei ikkje skal bruke noko fossilt brennstoff i nokre delar av prosjektet. Bygget skal også vere eit såkalla plusshus - eit hus som produserer meir energi enn det brukar.  

UiA-forskarar er kopla på gjennom «Scandinavian Sustainable Circular Construction» (S2C) - eit treårig (2020-2023) EU-prosjekt. Her er UiA og Agder fylkeskommune norske partnarar og fagskulebygget er eit pilotcase for det norske partnarskapet. 

Treng meir kunnskap

I både offentleg sektor og private sektor er det behov for meir kunnskap og kompetanse om berekraftige og energieffektive byggjemetodar. I bransjen blir det argumentert for at ein må byggje meir grønt og klimavennleg. Men ifølgje Nilsen det er lite vitskapleg dokumentasjon for kva for løysingar som eigentleg er klimavennlege. 

– UiA har kompetanse innan bygg, energi, fornybare energikjeldar og energisystem, og skal følgje bygginga av fagskulen og tannklinikken ved Tønnevoldskogen mellom Vesterled og Terje Løvåsvei i Grimstad som straks går i gang. I prosjektet skal vi gjere offentleg sektor betre rusta til å kunne spørje etter fleire berekraftige, energieffektive og sirkulære byggemetodar i framtida, seier Nilsen.   

Haidar Hosamo er tilsett som doktorgradsstipendiat ved Fakultet for teknologi og realfag, og skal følgje byggeprosessen tett. Då vil han analysere og sjå kva løysingane, metodane og materiale har å seie for miljø og energieffektivitet. 

Haidar Hosamo er doktorgradsstipendiat ved Fakultet for teknologi og realfag

Haidar Hosamo er doktorgradsstipendiat ved Fakultet for teknologi og realfag

Frå 2016-2019 var UiA involvert i eit liknande miljøprosjektet, Green Building A-Z. Dette omhandla bygginga av Tvedestrand vidaregåande skule. 

– Erfaringane frå Tvedestrand vidaregåande skule tek eg med meg vidare. Eg skal identifisere byggjeløysingane som faktisk gir eit berekraftig bygg. Eg skal kort sagt gi eit vitskapleg bilde av konstruksjonsmateriale og energiløysingar, seier Hosamo. 

Erfaringane frå prosjektet vil også bli ein del av ingeniørutdanninga ved UiA. Det vil også bli definert ei rekkje bachelor- og masteroppgåver for UiA-studentar i byggjeprosjektet.

Internasjonalt prosjekt

Fagskulen i Grimstad er eit av tre byggeprosjekt som inngår i samarbeidet. Dei andre to er i Gøteborg og Aalborg.  

UiA og Agder fylkeskommune er dei norske partnarane i prosjektet som er støtta av Interreg Øresund-Kattegat-Skagerrak-programmet. Andre partnarar er Aalborg kommune (DEN), Netværk for Bæredyktig Erhvervsudvkling Nordjylland (DEN), Hjørring kommune (DEN), Innovatum Progress AB (SWE), Gøteborg by (SWE) og Alexandersoninstituttet (SWE). 

EU støttar UiA si deltaking med 2,5 millionar.